{"id":6037707,"date":"2009-04-30T21:58:32","date_gmt":"2009-04-30T21:58:32","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/04\/store-presseoppslag-6037707\/"},"modified":"2009-04-30T21:58:32","modified_gmt":"2009-04-30T21:58:32","slug":"store-presseoppslag-6037707","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/store-presseoppslag-6037707\/","title":{"rendered":"Store presseoppslag"},"content":{"rendered":"<p>Fr\u00e5 \u00e5 vere ei sak med sterk negativ vinkling vart saka om trugsm\u00e5la mot sokneprest Arne Skare ei sak som syner positive sider ved Valle. Det er grunn til \u00e5 takke Tron A. St\u00f8le for initiativet han gjorde som f\u00f8rte til at det og i dag var mykje stoff i F\u00e6drelandsvennen og Setesd\u00f8len. Truleg er verdien av redaksjonell omtale i ulike medier verd ein halv million kroner om ein skulle betalt det som annonser, og d\u00e5 ville det ikkje hatt den krafta i seg som det no har som redaksjonell omtale med positiv vinkling.<\/p>\n<p>Valle kommune er ein bra stad \u00e5 bu og leve. Sj\u00f8lvsagt er det tilh\u00f8ve som kan verte betre, men i det store og heile har eg opplevd \u00e5ra eg har budd i Valle som positive og verdifulle.<\/p>\n<p>\u00c5 f\u00e5 til ei s\u00e5 sterk markering p\u00e5 bare eit d\u00f8ger, utan plakatar og trykte medier til \u00e5 hjelpe seg, det er ei bragd. Det syner og at her fann ein ein tone som var felles og fann atterklang hos mange.<\/p>\n<p>Her er lenke til oppslag i F\u00e6drelandsvennen: http:\/\/www.fvn.no\/lokalt\/setesdal\/article665155.ece<\/p>\n<p>P\u00e5 Ole Birger Liens vegne er eg glad for at saka ikkje kom i andre media f\u00f8r Setesd\u00f8len skreiv om det tirsdag. D\u00e5 hadde ho vore under arbeid sidan fredag, og det var godt for han at ikkje andre fekk publisere den f\u00f8r Setesd\u00f8len kom ut med avisa. Men etter dette har det vore i sv\u00e6rt mange aviser, og han var den einaste som hadde teke bilete av kniven som stod i nakkest\u00f8tta, s\u00e5 det vart mange telefonar fr\u00e5 andre media som ville kj\u00f8pe biletet.<\/p>\n<p>Mest av alt vonar eg at politiet finn ut av saka og at ho vert l\u00f8yst p\u00e5 ein god m\u00e5te slik at Arne og familien kan finne tilbake tryggleik og trivsel i bygda v\u00e5r.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Fr\u00e5 \u00e5 vere ei sak med sterk negativ vinkling vart saka om trugsm\u00e5la mot sokneprest Arne Skare ei sak som syner positive sider ved Valle. Det er grunn til \u00e5 takke Tron A. St\u00f8le for initiativet han gjorde som f\u00f8rte til at det og i dag var mykje stoff i F\u00e6drelandsvennen og Setesd\u00f8len. Truleg er &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/store-presseoppslag-6037707\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Store presseoppslag<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6037707","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6037707"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6037707"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6037707\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6037707"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6037707"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6037707"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}