{"id":6007671,"date":"2009-04-25T22:58:25","date_gmt":"2009-04-25T22:58:25","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/04\/merkedagar-6007671\/"},"modified":"2009-04-25T22:58:25","modified_gmt":"2009-04-25T22:58:25","slug":"merkedagar-6007671","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/merkedagar-6007671\/","title":{"rendered":"Hol i hovudet"},"content":{"rendered":"<p>D\u00e5 eg var liten, spurde vi kvarandre om kva vi helst ville ha, ein kopp med blod eller sju hol i hovudet. Dei fleste svara nok ein kopp med blod og gl\u00f8ymde \u00e5 telje dei sju hola vi alt har i hovudet, nasebor, augehol, \u00f8yrehol og munn.<\/p>\n<p>Runde dagar kjem oftare etter som \u00e5ra g\u00e5r. For tre \u00e5r sidan fylte eit s\u00f8skenbarn 60 \u00e5r, og sidan har det g\u00e5tt slag i slag med slike dagar dei siste \u00e5ra. I kveld var det mi eldste s\u00f8ster som markerte merkedagen ho runda tidlegare i veka, det var ei oppleving \u00e5 f\u00e5 vere i lag med henne, familie og venner av henne i Lyngdal i kveld.<\/p>\n<p>Ho er av typen som har kontroll p\u00e5 arrangement, men denne kvelden var i stor grad overlevert til born, og det var ikkje mindre triveleg. Tidlegare i vinter hadde ho og mannen vore p\u00e5 ferietur til Bangladesh, India og Thailand, og \u00e5 f\u00e5 nyte bilete og forteljing fr\u00e5 turen var ein av ingrediensane i festprogrammet. Det var og inkludert ein kyrkjekonsert i Lyngdal kyrkje, der det var musikk av h\u00f8g klasse b\u00e5de n\u00e5r det var tale om song og spel.<\/p>\n<p>I v\u00e5r ungdom var det synd \u00e5 lage hol i \u00f8yro. Ei anna av systrene mine laga hol i \u00f8yro for 35 \u00e5r sidan og g\u00f8ymde hola bak langt h\u00e5r ganske lenge, og d\u00e5 mor oppdaga det, fekk ho h\u00f8yre v\u00e5rt moderlege opphav si meining ganske tydeleg.<\/p>\n<p>i 60-\u00e5rsdagen i kveld var bursdagsbarnet sin fris\u00f8r med som gjest, og ho tok henne fram og rigga henne til p\u00e5 ein stol med eit handkle over skuldrene, og plutseleg sat det ei perle i det eine \u00f8yret, og snart etter var det og ei p\u00e5 plass i det andre. Jubelen stod i taket b\u00e5de hos jubilanten sine born og andre gjester. Bare eit heimekomponert potpurri basert p\u00e5 Abbas Mamma Mia-melodiar om korleis det var \u00e5 vekse opp med syster mi til mor, framf\u00f8rt av borna hennar, kunne m\u00e5le seg i respons fr\u00e5 gjestene.<\/p>\n<p>Det er ikkje hol i hovudet \u00e5 markere merkedager, det er hol i hovudet \u00e5 ikkje markere dei.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>D\u00e5 eg var liten, spurde vi kvarandre om kva vi helst ville ha, ein kopp med blod eller sju hol i hovudet. Dei fleste svara nok ein kopp med blod og gl\u00f8ymde \u00e5 telje dei sju hola vi alt har i hovudet, nasebor, augehol, \u00f8yrehol og munn. Runde dagar kjem oftare etter som \u00e5ra g\u00e5r. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/merkedagar-6007671\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hol i hovudet<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6007671","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6007671"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6007671"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6007671\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6007671"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6007671"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6007671"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}