{"id":5733521,"date":"2009-03-10T22:08:04","date_gmt":"2009-03-10T22:08:04","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/03\/agder-eller-srlandet-5733521\/"},"modified":"2009-03-10T22:08:04","modified_gmt":"2009-03-10T22:08:04","slug":"agder-eller-srlandet-5733521","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/agder-eller-srlandet-5733521\/","title":{"rendered":"Agder eller S\u00f8rlandet"},"content":{"rendered":"<p>Sist veke hadde Knut K. Homme eit sv\u00e6rt godt innlegg i F\u00e6drelandsvennen. Eg las det og tenkte at her skriv han noko som eeg er sv\u00e6rt samd med han i. Difor sende eg ein epost til han og spurde om \u00e5 f\u00e5 leggje det ut p\u00e5 bloggen. Det fekk eg lov til, s\u00e5 i dag er det hans innlegg som fyller plassen p\u00e5 bloggen.<\/p>\n<p><strong>S\u00f8rlandet \u0096 kvar og kva er det?<\/strong><\/p>\n<p>I laurdagskommentaren i  F\u00e6drelandsvennen den 21.2. skreiv Valerie Kubens i overskrifta: \u0094Innen april skal alle partiene p\u00e5 S\u00f8rlandet ta stilling til om agderfylkene b\u00f8r sl\u00e5 seg sammen\u0094. Det finst ikkje noka administrativ eller politisk eining som heiter S\u00f8rlandet. Dei politiske partia er organiserte fylkesvis, og fylka heiter Aust-Agder og Vest-Agder. Vidare heiter det:\u0094Den beste nyheten p\u00e5 S\u00f8rlandet hittil i \u00e5r\u0097\u0094, \u0094Kreftene m\u00e5 samordnes p\u00e5 S\u00f8rlandet\u0094 og \u0094Det er kjent stoff at S\u00f8rlandet fortsatt ligger p\u00e5 jumboplass\u0097\u0094. Berre S\u00f8rlandet, ikkje eit ord om Agder. I illustrasjonen til artikkelen st\u00e5r det: \u0094Arendal og Kristiansand har kranglet i 400 \u00e5r\u0094. \u0094Kan den 400 \u00e5r gamle striden mellom \u00f8st og vest endelig begraves og fylkesgrensa fjernes?\u0094 Det er alts\u00e5 Arendal og Kristiansand som skal kjempe mot kvarandre og avgjere om dei to Agder-fylka skal verte eitt. Kva med resten av Agder, er det ikkje-eksisterande? Men dersom striden skal st\u00e5 mellom dei to kystbyane, er det ingen tvil om utfallet, makta r\u00e5r.<\/p>\n<p>I F.vennen for den 24.2. fyller denne overskrifta framsida: \u0094Rekordmange s\u00f8rlendinger\u0094. \u0094Ved nytt\u00e5r bodde det 276.592 personer p\u00e5 S\u00f8rlandet\u0094. Dette stemmer sj\u00f8lvsagt ikkje. Dette m\u00e5 vere folketalet for heile Agder. Kor mange av desse er s\u00f8rlendingar? Det veit ingen, for S\u00f8rlandet har ingen grenser. Det er ingen landsdel som heiter S\u00f8rlandet; det er ei smal kyststripe som ein tilfeldig kystbuar fann namn p\u00e5 for vel hundre \u00e5r sidan.<\/p>\n<p>Agder-namnet er eldgamalt, mykje meir enn tusen \u00e5r, fr\u00e5 f\u00f8r vikingtida. Det er eit stutt og kl\u00e5rt namn p\u00e5 landsdelen v\u00e5r. Ingen er i tvil om kvar og kva det er. Bladfolka i F\u00e6drelandsvennen lyt frigjere seg fr\u00e5 den kystsentrerte tenkinga og skj\u00f8ne at landsdelen er mykje vidare og mangslungen enn det ein ser fr\u00e5 E-18.<\/p>\n<p>Knut K. Homme<\/p>\n<p>Valle<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sist veke hadde Knut K. Homme eit sv\u00e6rt godt innlegg i F\u00e6drelandsvennen. Eg las det og tenkte at her skriv han noko som eeg er sv\u00e6rt samd med han i. Difor sende eg ein epost til han og spurde om \u00e5 f\u00e5 leggje det ut p\u00e5 bloggen. Det fekk eg lov til, s\u00e5 i dag &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/agder-eller-srlandet-5733521\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Agder eller S\u00f8rlandet<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[14],"class_list":["post-5733521","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-agder"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5733521"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5733521"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5733521\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5733521"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5733521"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5733521"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}