{"id":5655592,"date":"2009-02-26T18:28:22","date_gmt":"2009-02-26T18:28:22","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/02\/store-norske-leksikon-5655592\/"},"modified":"2009-02-26T18:28:22","modified_gmt":"2009-02-26T18:28:22","slug":"store-norske-leksikon-5655592","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/store-norske-leksikon-5655592\/","title":{"rendered":"Store Norske Leksikon"},"content":{"rendered":"<p>I nokre \u00e5r har Store Norske Leksikon vore tilgjengeleg p\u00e5 Internett mot betaling. I g\u00e5r vart det fritt, det vil seie at kven som helst kan g\u00e5 inn p\u00e5 http:\/\/snl.no og lese artiklar fr\u00e5 leksikonet. Dei har og lagt inn artiklar fr\u00e5 Medisinsk leksikon og Biografisk leksikon i same systemet, s\u00e5 no blir det sagt at dei har 300.000 artiklar.<\/p>\n<p>Wikipedia hadde ein konkurranse p\u00e5 tampen av fjor\u00e5ret og n\u00e5dde 200.000 artiklar f\u00f8r jol. I skrivande stund er det knapt 210.000 artiklar p\u00e5 bokm\u00e5l og vel 46.000 artiklar p\u00e5 nynorsk wikipedia. Den store f\u00f8remonen med wikipedia er at det er versjonar p\u00e5 s\u00e5 mange spr\u00e5k. P\u00e5 engelsk er det over 2.763.000 artiklar, og tysk har 872.097 artiklar n\u00e5r eg skriv dette. S\u00e5 om ein kan eit av desse spr\u00e5ka, f\u00e5r ein tilgang til mykje stoff i tillegg til det norske p\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org<\/p>\n<p>Store Norske Leksikon har vore eit godt papirleksikon. Men utg\u00e5va p\u00e5 Internett er ikkje s\u00e5 imponerande enno, s\u00e5 langt eg kan sj\u00e5. Grunnen til det er at ho ikkje tek i bruk det som er spesielt med internett-tekstar, det som vert kalla hyperlenking. \u00c5 kunne lenke til ein annan artikkel, som ein s\u00e5 kan n\u00e5 med eit trykk p\u00e5 denne lenka, rett fr\u00e5 teksten ein les, det er ein f\u00f8remon som wikipedia har nytta seg mykje av. N\u00e5r eg skriv ein artikkel i wikipedia, lagar eg ei lenke ved \u00e5 setje ein dobbel hakeparentes rundt ordet som eg lenkjer, og plutseleg s\u00e5 kan lesaren g\u00e5 til den artikkelen.<\/p>\n<p>Sv\u00e6rt mange har vore opptekne av lanseringa av SNL p\u00e5 nett, gratis. Det er naturleg, ein er van med \u00e5 finne stoff gratis p\u00e5 internett ved hjelp av s\u00f8kemotor. Wikipedia har f\u00e5tt ein ranking hos Google som gjer at artiklar der kjem h\u00f8gt p\u00e5 listene dei lagar. Det sp\u00f8rs korleis det g\u00e5r med SNL, om dei f\u00e5r s\u00e5 h\u00f8g ranking at dei kjem h\u00f8gt opp og dermed f\u00e5r trafikk. Dei treng trafikk, for tanken er at dei skal l\u00f8ne skribentar og d\u00e5 m\u00e5 dei ha inntekter. Det skal dei f\u00e5 fr\u00e5 annonsar, og utan trafikk vert det f\u00e5 annonsar.<\/p>\n<p>Vi som skriv p\u00e5 wikipedia, har hatt forventningar til at Store Norske Leksikon skal bli gratis \u00e5 bruke. Ikkje fordi vi vil skrive av, men fordi vi d\u00e5 kan kontrollere det vi sj\u00f8lve skriv opp mot det som st\u00e5r der. Eg trur det vert ein rikdom for alle som les norsk \u00e5 ha fleire slike kjelder til kunnskap tilgjengelege.  Men med f\u00e5 hyperlenker og f\u00e5 bilete verkar ikkje f\u00f8rsteinntrykket \u00e5 vere s\u00e5 skr\u00e6mande som eg trudde det skulle bli. Ingen veit korleis det vert om tre \u00e5r, s\u00e5 eg er spent p\u00e5 korleis det utviklar seg.  <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I nokre \u00e5r har Store Norske Leksikon vore tilgjengeleg p\u00e5 Internett mot betaling. I g\u00e5r vart det fritt, det vil seie at kven som helst kan g\u00e5 inn p\u00e5 http:\/\/snl.no og lese artiklar fr\u00e5 leksikonet. Dei har og lagt inn artiklar fr\u00e5 Medisinsk leksikon og Biografisk leksikon i same systemet, s\u00e5 no blir det sagt &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/store-norske-leksikon-5655592\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Store Norske Leksikon<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[71],"class_list":["post-5655592","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-wikipedia"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5655592"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5655592"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5655592\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5655592"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5655592"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5655592"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}