{"id":5573409,"date":"2009-02-14T16:31:08","date_gmt":"2009-02-14T16:31:08","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/02\/hjortedyr-som-husdyr-5573409\/"},"modified":"2009-02-14T16:31:08","modified_gmt":"2009-02-14T16:31:08","slug":"hjortedyr-som-husdyr-5573409","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hjortedyr-som-husdyr-5573409\/","title":{"rendered":"Hjortedyr som husdyr"},"content":{"rendered":"<p>I programmet for onsdagskvelden stod det at Trond St\u00f8le skulle spele musikk fr\u00e5 klokka 20 til 21. Det var jo litt av kvart, eg hadde gleda av \u00e5 f\u00e5 vere med han i studio, og vi snakka om mange ting, mellom anna om at han legg ut rundballar med for til hjort, elg og r\u00e5dyr. Det er spisetid for hjort i kveldinga, medan elg og r\u00e5dyr gjerne kan vere innom midt p\u00e5 dagen.<\/p>\n<p>N\u00e5r det er s\u00e5 kaldt som det har vore no, brukar dyra minst mogleg energi, s\u00e5 dei held seg stille det meste av tida. Men dei m\u00e5 jo ut etter mat, og av og til ser ein dei fr\u00e5 vegen eller p\u00e5 vegen. Er ein uheldig, s\u00e5 f\u00e5r ein dei p\u00e5 panseret, det er ikkje \u00e5 trakte etter. Tron fortalde at han trudde foring heldt dyr borte fr\u00e5 vegen. -\u00c5 oppleve at dei st\u00e5r bare 10 meter fr\u00e5 deg medan du legg ut ein ny rundballe, er ganske spesielt og ei stor naturoppleving, sa han.<\/p>\n<p>Det meste han spelte var norsk musikk, variert var det i alle fall. Han tok ein runde i hylla og plukka litt av kvart, og s\u00e5 gjekk praten om laust og fast. Ein av melodiane var at songaren ville dra til Italia, s\u00e5 eg spurde om han hadde vore der. Det hadde han ikkje, men han fortalde fr\u00e5 18 m\u00e5nader p\u00e5 skip i ungdommen. Det hadde gjort at han hadde vore mange plasser rundt om i verda.<\/p>\n<p>Vi var og innom Milj\u00f8fyrt\u00e5rn og arbeidet med \u00e5 sertifisere alle einingar i Valle kommune, slik at kommunen skal kunne kalle seg milj\u00f8fyrt\u00e5rnkommune. M\u00e5let er \u00e5 f\u00e5 gjort det innan sommaren. Det er eigne krav for ulike deler av kommunen, og kvar eining m\u00e5 gjennom prosessen.<\/p>\n<p>Ein slik time g\u00e5r ganske fort . Om du som les dette har lyst til \u00e5 vere med p\u00e5 eit slikt program, er det bare \u00e5 snakke med ein av programleiarane, s\u00e5 ordnar det seg sikkert. S\u00e5 f\u00e5r du og vere med p\u00e5 \u00e5 lage underhaldning for lydarane. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I programmet for onsdagskvelden stod det at Trond St\u00f8le skulle spele musikk fr\u00e5 klokka 20 til 21. Det var jo litt av kvart, eg hadde gleda av \u00e5 f\u00e5 vere med han i studio, og vi snakka om mange ting, mellom anna om at han legg ut rundballar med for til hjort, elg og r\u00e5dyr. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hjortedyr-som-husdyr-5573409\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hjortedyr som husdyr<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-5573409","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5573409"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5573409"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5573409\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5573409"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5573409"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5573409"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}