{"id":5563351,"date":"2009-02-12T23:44:03","date_gmt":"2009-02-12T23:44:03","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/02\/hylestad-skule-50-ar-5563351\/"},"modified":"2009-02-12T23:44:03","modified_gmt":"2009-02-12T23:44:03","slug":"hylestad-skule-50-ar-5563351","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hylestad-skule-50-ar-5563351\/","title":{"rendered":"Hylestad skule 50 \u00e5r"},"content":{"rendered":"<p>Inneverande skule\u00e5r er Hylestad skule 50 \u00e5r. Det skal markerast med ein stor bygdekveld om ei veke. I g\u00e5r var Henri-Tore Viki i radioen for \u00e5 fortelje om dette. D\u00e5 snakka vi om det fine anlegget dei har f\u00e5tt etter kvart. Uteanlegget opp i bakken bak skulen og leikeplassen gjer det veldig triveleg der, og Henri-Tore rosa samarbeidet med ivrige foreldre som stilte opp n\u00e5r det var noko som m\u00e5tte gjerast.<\/p>\n<p>Jubileumsfeiringa skal starte klokka 15 og g\u00e5 til klokka 21. Det vert h\u00f8ve til mat og prat og kos, ei utstilling av gamle leiker er planlagt, og difor ville han gjerne f\u00e5 inn gamle leiker fr\u00e5 folk. Det kunne vere traktorar og gravemaskinar eller sm\u00e5bilar eller kva anna som folk har leika med i desse 50 \u00e5ra.<\/p>\n<p>Vi snakka og om at elevane ikkje har s\u00e5 lett for \u00e5 f\u00f8restille seg at skulen er 50 \u00e5r og skal feire jubileum, men at no i innspurten g\u00e5r det meir opp for dei. Henri-Tore hadde ikkje alle informasjonane, s\u00e5 rektor Elise-Marie kjem neste onsdag for \u00e5 fortelje meir. Planen er visst at folk som har vore l\u00e6rarar og rektorar gjennom \u00e5ra og er inviterte, i tillegg til alle som har g\u00e5tt p\u00e5 skulen. Det kan bli ganske fullt p\u00e5 Soknehuset om alle kjem, det m\u00e5 jo vere mange hundre personar som har tilknytning til bygget i krysset der vegen til Sirdal startar.<\/p>\n<p>At trafikken i tidlegare tider kunne vere sjenerande, hugsar eg godt fr\u00e5 det \u00e5ret eg arbeidde ved skulen. N\u00e5r ein stor trailer dundra forbi, var det mange som hadde meir lyst til \u00e5 sj\u00e5 kven det var, enn til \u00e5 jobbe med fag i timen. No er klasseroma flytte vekk fr\u00e5 vegen, s\u00e5 den nye Hylestad skule har ikkje det problemet.<\/p>\n<p>Som jubileumsg\u00e5ve ser det ut til at garderobar og dusjanlegg kan f\u00e5 ei oppussing i l\u00f8pet av \u00e5ret, ettersom 100.000 kroner fr\u00e5 Regjeringa sin tiltakspakke er tenkt brukt der. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Inneverande skule\u00e5r er Hylestad skule 50 \u00e5r. Det skal markerast med ein stor bygdekveld om ei veke. I g\u00e5r var Henri-Tore Viki i radioen for \u00e5 fortelje om dette. D\u00e5 snakka vi om det fine anlegget dei har f\u00e5tt etter kvart. Uteanlegget opp i bakken bak skulen og leikeplassen gjer det veldig triveleg der, og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hylestad-skule-50-ar-5563351\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hylestad skule 50 \u00e5r<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-5563351","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5563351"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5563351"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5563351\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5563351"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5563351"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5563351"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}