{"id":5509574,"date":"2009-02-04T22:54:39","date_gmt":"2009-02-04T22:54:39","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/02\/musalaha-5509574\/"},"modified":"2009-02-04T22:54:39","modified_gmt":"2009-02-04T22:54:39","slug":"musalaha-5509574","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/musalaha-5509574\/","title":{"rendered":"Musalaha"},"content":{"rendered":"<p>I sendinga i g\u00e5r hadde eg eit innslag som var laga av Norea ( http:\/\/www.norea.no\/page.php?mtid=1&#038;elid=5484 ) om forsoningsprosjektet Musalaha. Omgrepet Musalaha er arabisk og tyder forsoning.<\/p>\n<p>Kva skjer dersom ungdom fr\u00e5 Israel og Palestina m\u00f8test, tenkte Salim Munayer som er kristen palestiner og samtidig israelsk statsborger.  Salim grunnla derfor organisasjonen for 20 \u00e5r sidan. Med utgangspunkt i Jesu l\u00e6re om ogs\u00e5 \u00e5 elske sine fiendar, tenkte Salim at det m\u00e5 vel g\u00e5 an \u00e5 f\u00e5 unge palestinarar og unge israelarar til \u00e5 m\u00f8test, p\u00e5 leir, for \u00e5 snakke saman og ha det moro saman.<\/p>\n<p>Salim Munayer seier at han ser at b\u00e5de haldningar og handlingar blir endra etter ein leir i Musalaha. Gjennom 20 \u00e5r har tusenvis av unge opplevd dette. Men for \u00e5 f\u00e5 til ei samfunnsendring er det behov for at fleire palestinarar og israelarar opplever dette.<\/p>\n<p>Det vil ogs\u00e5 vere behov for ei endring i sj\u00f8lve samfunnsstrukturen. Men grunnlaget for alt fredsarbeid er relasjonar, slik at ein kan stole p\u00e5 kvarandre og forhandle med kvarandre, understrekar Salim Munayer.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om ungdom fr\u00e5 b\u00e5e sider m\u00f8test og knyter venskapsband, er det nok enno ikkje nok tillit i samfunnet til \u00e5 bygge freden, seier grunnleggjaren av Musalaha, Salim Munayer.<\/p>\n<p>I programmet m\u00f8tte vi Raed Hanania fr\u00e5 Betlehem p\u00e5 Vestbreidda som har opplevd \u00e5 verte audmjuka av israelske soldatar ved passering gjennom sjekkpostane ut og inn av Vestbreidda.<\/p>\n<p>Vi m\u00f8tte ogs\u00e5 Sarah Atwood som var 18 \u00e5r d\u00e5 Intifadaen starta i \u00e5r 2000 og opplevde at ei venninne vart drepen av ein palestinsk terrorist.<\/p>\n<p>Dette innlegget p\u00e5 bloggen er basert p\u00e5 det Per Ove Stige skreiv om emnet p\u00e5 Norea sine sider. Der kan du og h\u00f8yre intervjuet om att. Om du vil lese meir om Musalaha, kan du finne ein artikkel p\u00e5 engelsk wikipedia, men det er enno ikkje noko p\u00e5 norsk wikipedia om denne organisasjonen. Sj\u00e5 http:\/\/en.wikipedia.org\/wiki\/Musalaha<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I sendinga i g\u00e5r hadde eg eit innslag som var laga av Norea ( http:\/\/www.norea.no\/page.php?mtid=1&#038;elid=5484 ) om forsoningsprosjektet Musalaha. Omgrepet Musalaha er arabisk og tyder forsoning. Kva skjer dersom ungdom fr\u00e5 Israel og Palestina m\u00f8test, tenkte Salim Munayer som er kristen palestiner og samtidig israelsk statsborger. Salim grunnla derfor organisasjonen for 20 \u00e5r sidan. Med &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/musalaha-5509574\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Musalaha<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[47],"class_list":["post-5509574","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-norea"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5509574"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5509574"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5509574\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5509574"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5509574"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5509574"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}