{"id":5460500,"date":"2009-01-27T22:14:43","date_gmt":"2009-01-27T22:14:43","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/01\/jorda-rundt-fra-valle-5460500\/"},"modified":"2009-01-27T22:14:43","modified_gmt":"2009-01-27T22:14:43","slug":"jorda-rundt-fra-valle-5460500","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jorda-rundt-fra-valle-5460500\/","title":{"rendered":"Jorda rundt fr\u00e5 Valle"},"content":{"rendered":"<p>Om ein ser litt p\u00e5 kven som bur i Valle og sp\u00f8r dei om lag 1300 innbyggarane om kor tankar og slikt g\u00e5r, trur eg at dei fleste land i verda er inkludert. Mange flyktningar har budd eller bur i Valle, i desse dagar kjem 15 nye fr\u00e5 Burma i tillegg til dei vi alt har. Utanom desse har vi folk fr\u00e5 Russland (Tsjetsjenia), Afghanistan, Irak og Vest-Sahara, vi har folk fr\u00e5 Nigeria, Polen, Peru og Nederland. N\u00e5r vi ser p\u00e5 kor ungdommar studerer, reiser dei til USA og Australia, og sikkert til landa mellom desse og.<\/p>\n<p>S\u00e5 er det tid for ferie, og d\u00e5 fer vi til Island, Spania, Tyrkia, Thailand og Frankrike, ja, det er s\u00e5 mange reisem\u00e5l at ein treng helst ein stor atlas for \u00e5 finne alle. For hundre \u00e5r sidan var det mange som drog til USA, s\u00e5 i mange \u00e5r var det dit  folk i Valle hadde linjer til. Men no g\u00e5r dei mange andre stader og.<\/p>\n<p>Og om du ser p\u00e5 kor linjene g\u00e5r innanlands, er det ikkje bare til Kristiansand og Oslo, nei, landet er dekka p\u00e5 kryss og tvers, folk har kjenningar og vener i nord og s\u00f8r, i aust og vest.<\/p>\n<p>Av og tenkjer eg at den globale landsby finst her i bygda, og Valle Radio er radioen for ein slik global landsby. http:\/\/en.wikipedia.org\/wiki\/Global_Village_(term) Vi har ikkje artikkel om global landsby p\u00e5 norsk wikipedia enno, s\u00e5 du f\u00e5r klare deg med den engelske. Der finn du og lenke til mannen som laga omgrepet, Marshall McLuhan. Han tenkte p\u00e5 at massemedia rapporterer fr\u00e5 den fjernaste krok, noko som v\u00e5re flyktningar gjer seg nytte av, i ein grad som han neppe hadde kunna tenke seg, n\u00e5r dei f\u00e5r nytt fr\u00e5 heimlandet gjennom internett. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Om ein ser litt p\u00e5 kven som bur i Valle og sp\u00f8r dei om lag 1300 innbyggarane om kor tankar og slikt g\u00e5r, trur eg at dei fleste land i verda er inkludert. Mange flyktningar har budd eller bur i Valle, i desse dagar kjem 15 nye fr\u00e5 Burma i tillegg til dei vi alt &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jorda-rundt-fra-valle-5460500\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Jorda rundt fr\u00e5 Valle<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-5460500","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5460500"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5460500"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5460500\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5460500"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5460500"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5460500"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}