{"id":5391512,"date":"2009-01-16T23:45:48","date_gmt":"2009-01-16T23:45:48","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/01\/utan-internett-5391512\/"},"modified":"2009-01-16T23:45:48","modified_gmt":"2009-01-16T23:45:48","slug":"utan-internett-5391512","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/utan-internett-5391512\/","title":{"rendered":"Utan internett"},"content":{"rendered":"<p>Torsdag 15. januar om lag klokka 15:30 sat eg og heldt p\u00e5 \u00e5 skrive litt p\u00e5 wikipedia. Eg hadde innboksen p\u00e5 gmail-kontoen min open i eit anna vindu p\u00e5 datamaskinen. S\u00e5 tenkte eg at eg skulle sjekke epost, eg pr\u00f8ver \u00e5 gjere det med ujamne mellomrom n\u00e5r eg sit ved datamaskinen.<\/p>\n<p>Men denne gongen fekk epostprogrammet mitt ikkje kontakt med omverda. Det gjorde heller ikkje dei andre vindua eg hadde opne, og redigeringa p\u00e5 wikipedia var det ikkje mogleg \u00e5 lagre. I staden tok eg meg ein tur p\u00e5 biblioteket, og d\u00e5 kunne Lisbeth fortelje at det skulle installerast ny server, s\u00e5 ho var heller ikkje p\u00e5logga. D\u00e5 skj\u00f8na eg samanhengen og m\u00e5tte bare innstille meg p\u00e5 ein kveld utan \u00e5 kome p\u00e5 Internett.<\/p>\n<p>Samstundes ringte Margunn og fortalde at Stein var p\u00e5 veg opp gjennom Setesdal. Vi avtalte \u00e5 treffast p\u00e5 Sylvgarden for \u00e5 f\u00e5 litt middag. I Valle Radio heiter det i reklamen:<br \/>\nN\u00e5r du k\u00f8yrer opp gjennom Setesdalen,<br \/>\ntr\u00f8ytt og svolten, s\u00e5 du mest er galen&#8230;<\/p>\n<p>Ettersom eg ikkje hadde s\u00e5 mykje anna \u00e5 gjere, var eg tidleg p\u00e5 plass utanfor Sylvgarden og sat i bilen og las avisa medan eg venta. Plutseleg kom ein annan bil og stoppa ved sida av meg, og s\u00e5 var det Ellen og James fr\u00e5 Mandal som var p\u00e5 veg til Hovden. D\u00e5 la eg bort avisa og vart med inn for \u00e5 f\u00e5 middag i lag med dei. Nydeleg middag, dagens rett, effektiv service, snart stod maten p\u00e5 bordet, og d\u00e5 Stein kom eit kvarter etterp\u00e5, fekk han mat med det same han sette seg ved bordet. Godt vatn med isbitar. Det vart eit festm\u00e5ltid p\u00e5 ein torsdagskveld.<\/p>\n<p>Praten gjekk livleg om alt fr\u00e5 bryllupet p\u00e5 Sand\u00f8ya i sommar til rotenonbehandling av Kigevannet i Mandal og korpsmusikk og tubaspeling. Snart var middagen fort\u00e6rt og turen gjekk vidare. Vel tilbake i Valle s\u00e5g eg at det var stor aktivitet p\u00e5 kommunehuset, s\u00e5 eg skj\u00f8na at det var liten grunn til \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 kome p\u00e5 Internett meir denne kvelden.<\/p>\n<p>-Du f\u00e5r lese ei bok, sa Lisbeth til meg d\u00e5 ho fortalde at nettet kom til \u00e5 vere nede.<\/p>\n<p>Slik vart det. Fiskerens s\u00f8nn er ei bok av Vilis Lacis http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Vilis_Lacis<br \/>\nsom eg har halde p\u00e5 med ei stund. Det vart nokre sider denne torsdagskvelden. Vonleg vert eg ferdig med boka til boksalget p\u00e5 biblioteket tek til neste veke. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Torsdag 15. januar om lag klokka 15:30 sat eg og heldt p\u00e5 \u00e5 skrive litt p\u00e5 wikipedia. Eg hadde innboksen p\u00e5 gmail-kontoen min open i eit anna vindu p\u00e5 datamaskinen. S\u00e5 tenkte eg at eg skulle sjekke epost, eg pr\u00f8ver \u00e5 gjere det med ujamne mellomrom n\u00e5r eg sit ved datamaskinen. Men denne gongen fekk &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/utan-internett-5391512\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Utan internett<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[17],"class_list":["post-5391512","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-bok"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5391512"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5391512"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5391512\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5391512"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5391512"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5391512"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}