{"id":5329189,"date":"2009-01-05T22:49:42","date_gmt":"2009-01-05T22:49:42","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/01\/john-olav-larssen-5329189\/"},"modified":"2009-01-05T22:49:42","modified_gmt":"2009-01-05T22:49:42","slug":"john-olav-larssen-5329189","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/john-olav-larssen-5329189\/","title":{"rendered":"John Olav Larssen"},"content":{"rendered":"<p>I dag kom meldinga om at John Olav Larssen var d\u00f8d. Han vart 81 \u00e5r gamal, her er lenke til artikkelen om han p\u00e5 wikipedia, den vart oppretta i dag: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/John_Olav_Larssen  Ogs\u00e5 p\u00e5 Eyvind Skeies og Oddbj\u00f8rn Evenshaugs bloggar var det omtala:  http:\/\/eyvindskeie.no\/2009\/01\/john-olav-larsen\/<br \/>\nOg her er ein omtale i V\u00e5rt Land: http:\/\/www.vl.no\/folk\/article4026541.ece<\/p>\n<p>Om han har vore i Valle, veit eg ikkje, men truleg har han det. I l\u00f8pet av si gjerning som predikant var han over det meste av landet. Det som forundra meg mest var korleis han kunne kjenne att folk over alt der han kom.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv hadde eg gleda av \u00e5 vere n\u00e6r ven og medarbeider til John Olav, s\u00e6rleg i perioden fr\u00e5 1972 til 1976 d\u00e5 eg var redakt\u00f8r av Fiskerens Venn. \u00c5 jobbe med han og f\u00e5 ganske s\u00e5 frie t\u00f8ylar for skriveglede, var ei glede og ei oppleving. I den tida m\u00e5tte om lag 40 a-4 sider gjennom min skrivemaskin kvar veke, han skreiv leiarartiklar, og saman pr\u00f8vde vi \u00e5 finne det stoffet som skulle til for \u00e5 fylle bladet.<\/p>\n<p>Ofte var vi p\u00e5 talarferder saman, han tala, eg m\u00f8tte folk og skreiv om arbeidet til Den indre Sj\u00f8mannsmisjon. Inspirert og inspirerande var han, men sterk omsorg for organisasjonen sitt arbeid og for folka vi arbeidde mellom, fiskarar og sj\u00f8folk i n\u00e6re havomr\u00e5de. For han ville utvide verksemda til DISM, han ville at ikkje bare fiskarar skulle nyte godt av evangelisk omsorg, men ogs\u00e5 sj\u00f8folk. Difor var han sv\u00e6rt oppteken av at vi skulle f\u00e5 til eit arbeid i havner som ikkje var tradisjonelle fiskehamner. Ikkje alle skj\u00f8na det, men for John Olav var det viktig, og han ville vinne nytt land med arbeid i Stavanger saman med Havnemisjonen, i Porsgrunn og Drammen, store havnebyar med stor trafikk. Ja, til og med arbeid for norske fiskarar p\u00e5 Shetland kom i gang i hans tid, og samarbeidet med Det Norske Misjonsselskap om betelskipet Shinko Maru i Japan.<\/p>\n<p>Det var ei livleg og sterk tid for ein traust organisasjon. Sj\u00f8lvsagt tok det p\u00e5 kreftene. For min del f\u00f8rte det til at eg fekk kall til \u00e5 verte rektor p\u00e5 Hadsel Folkeh\u00f8yskole, som DISM gjekk inn som medeigar i fr\u00e5 1976. For hans del f\u00f8rte det til at han svara ja p\u00e5 eit kall om \u00e5 verte landssekret\u00e6r i Misjonsalliansen. Men omsorg for at Havets folk skulle verte Herrens folk, det hadde han ogs\u00e5 i si nye teneste.<\/p>\n<p>Dagen i dag vart ein underleg dag. Eg oppdaga at han var g\u00e5tt bort litt utp\u00e5 dagen, og minnene str\u00f8ymde p\u00e5. Kontakten med han vart mindre med \u00e5ra, men takksemda over \u00e5 ha f\u00e5tt vore n\u00e6r medarbeidar i ein periode av livet og ven med han, er stor. Fred med John Olav Larssens minne. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag kom meldinga om at John Olav Larssen var d\u00f8d. Han vart 81 \u00e5r gamal, her er lenke til artikkelen om han p\u00e5 wikipedia, den vart oppretta i dag: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/John_Olav_Larssen Ogs\u00e5 p\u00e5 Eyvind Skeies og Oddbj\u00f8rn Evenshaugs bloggar var det omtala: http:\/\/eyvindskeie.no\/2009\/01\/john-olav-larsen\/ Og her er ein omtale i V\u00e5rt Land: http:\/\/www.vl.no\/folk\/article4026541.ece Om han har &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/john-olav-larssen-5329189\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">John Olav Larssen<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[32],"class_list":["post-5329189","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-john-olav"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5329189"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5329189"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5329189\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5329189"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5329189"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5329189"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}