{"id":5316698,"date":"2009-01-03T15:29:51","date_gmt":"2009-01-03T15:29:51","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/01\/hvesdikt-5316698\/"},"modified":"2009-01-03T15:29:51","modified_gmt":"2009-01-03T15:29:51","slug":"hvesdikt-5316698","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hvesdikt-5316698\/","title":{"rendered":"H\u00f8vesdikt"},"content":{"rendered":"<p>\u00c5 skrive h\u00f8vesdikt eller leilighetsdikt er ein sjanger som eg har hatt glede av \u00e5 halde p\u00e5 med i mange \u00e5r. Det er ikkje f\u00e5 konfirmasjonssongar, bryllaupssongar eller songar til ein 50-\u00e5rsdag eg har laga. \u00c5nund K. har spurt om eg ikkje kunne samle dei og lage ei bok av dei. Kanskje eg skulle gjere det, sj\u00f8lv om eg til no ikkje har tenkt tanken ein gong.<\/p>\n<p>Grunnen til at eg kom p\u00e5 andre tankar, var noko eg fann p\u00e5 Internett i dag:<\/p>\n<p>Kva er eit h\u00f8vesdikt? H\u00f8vesdikt (eller leilighetsdikt) er dikt som er skrivne for eit festleg eller minneverdig h\u00f8ve, av privat, halvoffentleg eller fulloffentleg karakter, for \u00e5 kasta glans eller skapa ei stemning av h\u00f8gtid, pondus eller pomp\u00f8sitet. I T\u00f8nsberg i perioden 1840 til 1890 spelte denne diktinga ei s\u00e5 sentral og annleis rolle samanlikna med v\u00e5r tid at vi har vanskeleg for \u00e5 forestilla oss det. Studien har som tese at h\u00f8vesdiktinga var den karakteristiske litter\u00e6re ytringsforma i T\u00f8nsberg i den nemnde tidsrommet, s\u00e5 karakteristisk at den fungerte som ein hegemonisjanger innanfor ein unik lokal institusjon og som ein kollektiv og representativ sjanger for borgarskapet. Avhandlinga kan lesast som ein kultur-, litteratur- og teksthistorisk studie. Den kan ogs\u00e5 lesast som ein freistnad p\u00e5 regional (lokal) litteraturhistorieskriving. Studien er eitt av fleire produkt av prosjektet &#8220;Vestfold og litteraturen&#8221;, som har sin basis i litter\u00e6r regionalisme. http:\/\/www.kulturnett.no\/nettressurser\/nettressurs.jsp?id=T1465422<\/p>\n<p>Wikipedia har ogs\u00e5 ein artikkel om emnet: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Leilighetsdikt  I den kjem det fram at slike dikt ofte er rosande, sj\u00f8lv om dei kan innehalde kritikk. Songar til f\u00f8dselsdagar vil jo gjerne vere p\u00e5 kjende melodiar og som regel vere rosande. \u00c5 sitje i eit selskap og syngje nidviser er sikkert ikkje det som skal til for \u00e5 l\u00f8fte stemning n\u00e5r folk er samla. \u00c5 formulere ros i bunden form er nok lettare.<\/p>\n<p>\u00c5 tvinge spr\u00e5ket inn i eit bestemt metrisk m\u00f8nster kan vere ganske vanskeleg. Difor vil mange h\u00f8vesdikt ha haltande rytme og rim. Men n\u00e5r det stemmer, d\u00e5 er det lite som er meir inspirerande. Difor har eg tenkt at eg vil pr\u00f8ve \u00e5 dele med dykk nokre h\u00f8vesdikt n\u00e5r radioen startar i 2009. Nokre vil eg skrive sj\u00f8lv, andre vil eg finne i litteratur og p\u00e5 nettet. S\u00e5 f\u00e5r vi sj\u00e5 om det kan verte nokre program av det i det nye \u00e5ret.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00c5 skrive h\u00f8vesdikt eller leilighetsdikt er ein sjanger som eg har hatt glede av \u00e5 halde p\u00e5 med i mange \u00e5r. Det er ikkje f\u00e5 konfirmasjonssongar, bryllaupssongar eller songar til ein 50-\u00e5rsdag eg har laga. \u00c5nund K. har spurt om eg ikkje kunne samle dei og lage ei bok av dei. Kanskje eg skulle gjere &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hvesdikt-5316698\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">H\u00f8vesdikt<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[25],"class_list":["post-5316698","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-dikt"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5316698"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5316698"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5316698\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5316698"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5316698"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5316698"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}