{"id":5262232,"date":"2008-12-22T23:56:02","date_gmt":"2008-12-22T23:56:02","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/12\/heim-til-jol-5262232\/"},"modified":"2008-12-22T23:56:02","modified_gmt":"2008-12-22T23:56:02","slug":"heim-til-jol-5262232","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/heim-til-jol-5262232\/","title":{"rendered":"Heim til jol"},"content":{"rendered":"<p>Dei har det ikkje lett som skal krysse Noreg p\u00e5 tvers i denne f\u00f8rjolstida. Ei stund var einaste alternativet \u00e5 ha kolonnek\u00f8yring over Haukeli, elles var alt stengt. Det frista ikkje mykje,s \u00e5 eg er glad at eg er komen heim til jol og alt no veit at eg ikkje skal dra nokon stad.<\/p>\n<p>Sigmund og Margareth valde \u00e5 ta fly til Vigra. Han fortalde at det humpa litt, men dei kom seg vel fram til Sula der dei skal feire jol i \u00e5r. Det minte meg litt om 91 Stomperud, vi m\u00e5tte alltid ha joleheftet om han i jola, og han kom seg heim til jol, gjerne ned fr\u00e5 lufta, etter mange viderverdigheter. Og der stod mor Stomperud og \u00f8nska han velkomen heim til p\u00f8lser og jolemat i lange banar. Uansett kor mykje godt ho hadde laga, s\u00e5 stappa han det i seg, og var like tynn.<\/p>\n<p>I det verkelege livet er det litt meir komplisert, noko som gjer at dei sju sortane kan reduserast til tre-fire, og det meste er inn-og-ut-kaker som til slutt vert st\u00e5ande til neste jol. Av middagar held vi p\u00e5 tradisjonen med ribbe, men porsjonane er p\u00e5 langt n\u00e6r s\u00e5 store som 91 Stomperud sine, og p\u00f8lseetinga strekk seg til ein smakebit p\u00e5 ei halv eller ein kvart snabb.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om maten er viktig for jolefeiringa, er det nok like gjerne h\u00f8vet til \u00e5 vere saman, legge puslespel eller spele brettspel, prate og nyte nokre fredfulle dagar, som er det vi gleder oss over. I denne s\u00f8te joletid held jolebreva stand, dei tek til \u00e5 kome i postkassen no, og vi les og gleder oss med veneer og slekt rundt om i landet over nytt og gamalt nytt.<\/p>\n<p>Slik er det \u00e5 vere heime i jola.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dei har det ikkje lett som skal krysse Noreg p\u00e5 tvers i denne f\u00f8rjolstida. Ei stund var einaste alternativet \u00e5 ha kolonnek\u00f8yring over Haukeli, elles var alt stengt. Det frista ikkje mykje,s \u00e5 eg er glad at eg er komen heim til jol og alt no veit at eg ikkje skal dra nokon stad. Sigmund &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/heim-til-jol-5262232\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Heim til jol<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-5262232","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5262232"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5262232"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5262232\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5262232"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5262232"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5262232"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}