{"id":5072319,"date":"2008-11-20T23:24:24","date_gmt":"2008-11-20T23:24:24","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/11\/god-lokalradio-5072319\/"},"modified":"2008-11-20T23:24:24","modified_gmt":"2008-11-20T23:24:24","slug":"god-lokalradio-5072319","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/god-lokalradio-5072319\/","title":{"rendered":"God lokalradio"},"content":{"rendered":"<p>Eg hadde gleda av \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 Britta Lise Homme og Knut H. Nomeland i g\u00e5r kveld d\u00e5 dei hadde Open sending. Det var god lokalradio, og det var ikkje bare fordi det var ein innringar fr\u00e5 Brusand som visste at eg var fr\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd. Han h\u00f8yrde p\u00e5 Internett, var sj\u00f8lv opprinneleg fr\u00e5 Varhaug, der syster mi bur (mannen hennar er prest der), og etter det eg forstod av samtalen mellom han og Britta Lise var det ikkje fyrste gongen han var med i Valle Radio. Heller ikkje var det fordi ho fekk ein telefon fr\u00e5 Gerd i Bykle og trudde det var Jorunn p\u00e5 Rysstad. Nei, grunnen til at eg koste meg s\u00e5 mykje i g\u00e5r kveld var at Britta Lise hadde funne ut at ho ville nytte den PC&#8217;en vi har i studio til \u00e5 finne ut kor mange som den einskilde innringar delte namn med. Dermed gjekk ho til Statistisk Sentralbyr\u00e5 sin namnestatistikk, som eg trur eg ganske s\u00e5 popul\u00e6r. Her er lenka til den: http:\/\/www.ssb.no\/navn\/<\/p>\n<p>Etter kvart som nye telefonar kom inn, snakka Knut litt med denne medan Britta Lise slo opp namnet p\u00e5 den sida. D\u00e5 fann ho at det er 11.124 som har Jorunn som f\u00f8renamn i Noreg og at det er 6.412 som har det som einaste f\u00f8renamn. N\u00e5r det gjeld Gerd, er det 17.410 som har det som f\u00f8renamn, men bare 6651 som har det som einaste f\u00f8renamn.<\/p>\n<p>Med dette som grunnlag fekk dei ein hyggeleg prat med dei som l\u00f8yste rebusane. Rebusane handla om joleg\u00e5ver og eg var i grunnen litt overraska over kor mange som alt var komen langt med f\u00f8rebuingane, sj\u00f8lv om det vel og var ein som meinte at det var tidleg enno. D\u00e5 repliserte Knut at det jo var ope i butikkar p\u00e5 jolaftan og, s\u00e5 ein trong vel ikkje forhaste seg.<\/p>\n<p>Ein tradisjon i f\u00f8rjolstida er at ein heng lys p\u00e5 tre i hagane, og det har eg sanneleg sett alt no. F\u00f8r var det jo meir vanleg \u00e5 gjere det til 1. sundag i advent, og det er jo ikkje f\u00f8r neste sundag, s\u00e5 nokre er tidlege ogs\u00e5 med slike ting. \u00c5 bake jolekaker i november og s\u00e5 pr\u00f8vesmake heile perioden fram til jol, det gjer at h\u00f8gtida vert litt oppbrukt p\u00e5 f\u00f8rehand, s\u00e5 det vil eg ikkje anbefale. Jolebord, joletallerken og kva det no kallast, kan vere hyggeleg ein gong i f\u00f8rjolstida, men om ein et pinnekj\u00f8t og ribbe og kalkun og lutefisk eller torsk for mange gonger i f\u00f8rjolstida, s\u00e5 vert det truleg ein nedtur n\u00e5r kalenderen syner 24. desember.<\/p>\n<p>Men det var tankar eg truleg tenkte litt for tidleg. Det smittar. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg hadde gleda av \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 Britta Lise Homme og Knut H. Nomeland i g\u00e5r kveld d\u00e5 dei hadde Open sending. Det var god lokalradio, og det var ikkje bare fordi det var ein innringar fr\u00e5 Brusand som visste at eg var fr\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd. Han h\u00f8yrde p\u00e5 Internett, var sj\u00f8lv opprinneleg fr\u00e5 Varhaug, der &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/god-lokalradio-5072319\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">God lokalradio<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[49],"class_list":["post-5072319","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-open-sending"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5072319"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5072319"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5072319\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5072319"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5072319"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5072319"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}