{"id":5065196,"date":"2008-11-19T21:34:04","date_gmt":"2008-11-19T21:34:04","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/11\/problemstart-5065196\/"},"modified":"2008-11-19T21:34:04","modified_gmt":"2008-11-19T21:34:04","slug":"problemstart-5065196","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/problemstart-5065196\/","title":{"rendered":"Problemstart"},"content":{"rendered":"<p>I kveld vart det ein problemstart. D\u00e5 Inga skulle kople opp, var telefonen daud, og same kva vi gjorde, fekk vi ikkje summetone. Gode r\u00e5d var dyre, vi tenkte at vi kanskje m\u00e5tte droppe sendinga, s\u00e6rleg Open sending kan ikkje fungere utan at ein har telefonkontakt p\u00e5 miksebordet.<\/p>\n<p>Ein telefon til J\u00f8rund Georg Jore pleier \u00e5 vere l\u00f8ysinga n\u00e5r vi f\u00e5r problem med det tekniske. Om han er i Valle, g\u00e5r det ikkje mange minutt f\u00f8r han er i radioen for \u00e5 hjelpe oss. Men i kveld var han i Kristiansand, s\u00e5 vi m\u00e5tte klare oss sj\u00f8lv. Etter kvart klarte vi \u00e5 kople opp linje til Bykle, slik at vi kom p\u00e5 lufta om lag 18:20, men framleis var det ikkje liv i telefonlinjene p\u00e5 miksebordet.<\/p>\n<p>Det enda med at J\u00f8rund tok ein telefon til Arne Uppstad, som kom p\u00e5 kort varsel. Det er interessant \u00e5 sj\u00e5 kva folk som kan, gjer. Han fann boksen, trekte ut kontakten og sette den inn att. D\u00e5 nullstilte systemet seg, og s\u00e5 var linja oppe att. Det tok bare eit lite minutt, s\u00e5 var alt i orden. Freden senka seg over radioen og sendinga kunne begynne.<\/p>\n<p>Fyrst var det K\u00e5re Rike og Ronny Stavsholt som snakka saman om elektroniske banktenester. Bakgrunnen var at dei p\u00e5 jolemessa p\u00e5 Rysstad laurdagen hadde betalingsterminal, Valle sparebank har skaffa ein slik som dei l\u00e5ner ut til organisasjonar som treng. Eg prata med Ragnar Aas i g\u00e5r i sendinga, og han fortalde at det var fleire som trong \u00e5 bruke terminalen p\u00e5 messa, s\u00e5 han meinte det var ein flott ide at Byklefolka hadde f\u00e5tt noko slikt til basaren.<\/p>\n<p>Ut fr\u00e5 dette snakka dei om mangt og mykje som kjem i bankverda, no fasar dei ut minibankkort med magnetstripe og tek til \u00e5 bruke chip. Difor m\u00e5 ein stikke kortet ned i eit hol no n\u00e5r ein skal betale med kort. Den halvtimen dei hadde saman gjekk fort, og K\u00e5re var sv\u00e6rt flink til \u00e5 forklare endringane som skjer med elektronisk betaling no.<\/p>\n<p>I Kommunen informerer kom Utviklingsavdelinga ved Rune Ingebrigtsen i staden for det oppsette Sosial og Arbeid. Der gjekk og praten greitt om aktuelle saker i Valle kommune.<\/p>\n<p>S\u00e5 rulla kveldens program vidare etter vanleg l\u00e5m, Torlef B. Harstad hadde Tankar fr\u00e5 Bibelen, Ronny spela musikk og Britta Lise og Knut Nomeland hadde mange telefonar i sitt Open sending-program. Takk til Arne, som redda kvelden for oss. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld vart det ein problemstart. D\u00e5 Inga skulle kople opp, var telefonen daud, og same kva vi gjorde, fekk vi ikkje summetone. Gode r\u00e5d var dyre, vi tenkte at vi kanskje m\u00e5tte droppe sendinga, s\u00e6rleg Open sending kan ikkje fungere utan at ein har telefonkontakt p\u00e5 miksebordet. Ein telefon til J\u00f8rund Georg Jore pleier &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/problemstart-5065196\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Problemstart<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-5065196","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5065196"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5065196"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5065196\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5065196"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5065196"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5065196"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}