{"id":4983701,"date":"2008-11-04T17:18:22","date_gmt":"2008-11-04T17:18:22","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/11\/sendinga-avlyst-4983701\/"},"modified":"2008-11-04T17:18:22","modified_gmt":"2008-11-04T17:18:22","slug":"sendinga-avlyst-4983701","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sendinga-avlyst-4983701\/","title":{"rendered":"Sendinga avlyst"},"content":{"rendered":"<p>I kveld m\u00e5tte eg avlyse sendinga. Det synte seg at P4 har vore nede sidan sundag, og P4 sender p\u00e5 Bykle Radio\/ Valle Radio sine sendarar n\u00e5r vi ikkje har sending.<\/p>\n<p>Eg pr\u00f8vde \u00e5 f\u00e5 tak i Reidar Trydal, som er den vi skal kontakte n\u00e5r det er noko galt i Bykle. Men han var bortreist og kunne ikkje hjelpe, det same var Ole Morten Egeland, som eg ikkje fekk tak i, men som eg fekk vite var borte. Ogs\u00e5 Olav Mandt, som vi har hatt mest \u00e5 gjere med i styret, var bortreist, og v\u00e5r redakt\u00f8r Bjarne Tveiten hadde ikkje noko peiling p\u00e5 slike tekniske saker.<\/p>\n<p>Det enda difor med at eg m\u00e5tte ringe Niklos K. Besteland og seie at han ikkje trong \u00e5 ta bussen fr\u00e5 Besteland til Valle for \u00e5 lage Postludium i kveld. N\u00e5r ein ikkje kjem p\u00e5 lufta, er det liten grunn til \u00e5 lage sendinga, det er ikkje internettradio vi driv.<\/p>\n<p>Det er jo litt dumt at ein skal vere avhengig av Bykle Radio, men dei har sendarane som v\u00e5r sending g\u00e5r ut fr\u00e5, s\u00e5 sj\u00f8lv om dei ikkje er aktive no, m\u00e5 vi g\u00e5 gjennom deira tekniske system for \u00e5 f\u00e5 v\u00e5re sendingar p\u00e5 lufta. Og har det vore straumstans og dei m\u00e5 inn og resetje systemet, s\u00e5 m\u00e5 vi ofte ringe dei og seie fr\u00e5 at no er P4 nede. Det er nokre som tek kontakt og lurer p\u00e5 kva som feilar Valle Radio n\u00e5r dei ikkje f\u00e5r inn P4. Men det er nok hos Bykle feilen ligg d\u00e5, s\u00e5 \u00e5 ringe til meg eller ein annan her i Valle er bare \u00e5 g\u00e5 ein omveg, for ein m\u00e5 fysisk inn i teknikken i Bykle for \u00e5 f\u00e5 sendinga opp att.<\/p>\n<p>S\u00e5 d\u00e5 blei det ikkje noko program i kveld, men to innlegg p\u00e5 bloggen, det fekk du. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld m\u00e5tte eg avlyse sendinga. Det synte seg at P4 har vore nede sidan sundag, og P4 sender p\u00e5 Bykle Radio\/ Valle Radio sine sendarar n\u00e5r vi ikkje har sending. Eg pr\u00f8vde \u00e5 f\u00e5 tak i Reidar Trydal, som er den vi skal kontakte n\u00e5r det er noko galt i Bykle. Men han var &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sendinga-avlyst-4983701\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sendinga avlyst<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4983701","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4983701"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4983701"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4983701\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4983701"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4983701"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4983701"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}