{"id":4942708,"date":"2008-10-27T23:30:49","date_gmt":"2008-10-27T23:30:49","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/10\/syklar-til-cuba-4942708\/"},"modified":"2008-10-27T23:30:49","modified_gmt":"2008-10-27T23:30:49","slug":"syklar-til-cuba-4942708","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/syklar-til-cuba-4942708\/","title":{"rendered":"Syklar til Cuba"},"content":{"rendered":"<p>No er Jan Olsen i full gang med \u00e5 samle inn syklar til Cuba att. I begynnelsen p\u00e5 november g\u00e5r turen til Cuba, d\u00e5 skal to kontainarar vere fullpakka med syklar og datamaskinar og mykje anna som kan brukast til joleg\u00e5ver.<\/p>\n<p>Om dette fortalde han levande onsdagskvelden d\u00e5 han endeleg fann ein plass p\u00e5 vegen mellom Arendal og Evje der han hadde s\u00e5 god dekning at han kunne stoppe og sl\u00e5 av ein mobiltelefonprat med Valle Radio. Midt i intervjuet kom Jakob Saaghus forbi. Han var p\u00e5 veg heim fr\u00e5 Oslo og s\u00e5g at Jan stod der, s\u00e5 han m\u00e5tte h\u00f8yre om det var noko gale.<\/p>\n<p>Det s\u00e5g lenge ut til at sykkelprosjektet skulle m\u00e5tte slutte av etter \u00e5tte \u00e5r og om lag 4000 syklar til dei fattigaste av dei fattige. Jan har kravd \u00e5 sj\u00f8lv f\u00e5 vere med og dele ut syklane, ta bilete og formidle kontakt mellom gjevar og mottakar. Men siste \u00e5ret skar det seg, styresmaktene ville ikkje late han halde p\u00e5, og dei syklane han hadde med seg nedover, vart beslaglagde. Jan skriv i Setesd\u00f8len at dei s\u00e5kalla sosialistane b\u00e5de laug og stal og i \u00e5r sa folka i provinsen dei pleier \u00e5 vere i at dei kunne f\u00e5 setje fr\u00e5 seg kontainarar der, men s\u00e5 skulle dei syte for utdelinga. Jan meinte at det ville vere den siste olje for prosjektet, noko slikt kunne han ikkje g\u00e5 med p\u00e5.<\/p>\n<p>Men s\u00e5, for knapt eit par veker sidan fekk han melding fr\u00e5 kyrkjestyresmaktene p\u00e5 Cuba om at kyrkjelyden i Puerto Esperanza i Pinar del Rio-provinsen gjerne ville ta imot syklane p\u00e5 Jan sin m\u00e5te. Dette omr\u00e5det var sterkt r\u00e5ka av orkanen Ike, s\u00e5 no pakkar Jan for harde livet.<\/p>\n<p>I radioen sa han at han gjerne tok imot syklar, men han kunne ikkje hente dei. Han vona og at han skal f\u00e5 byggje eit orkansikkert hus for ein fattig familie. Og s\u00e5 er han spent p\u00e5 kva kyrkja kan gjere som sosialistane ikkje f\u00e5r til.<\/p>\n<p>Syklar kan ein merke med Jan Olsen Cubaprosjekt eller noko liknande og setje ned p\u00e5 Shellstasjonen p\u00e5 Bygland, s\u00e5 f\u00e5r dei plass i ein av dei to kontainarane som no pakkast. Her er bloggen til aksjonen: http:\/\/blog.syklertilcuba.org\/<\/p>\n<p>Og her er heimeside med kontonummer om du vil st\u00f8tte prosjektet.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>No er Jan Olsen i full gang med \u00e5 samle inn syklar til Cuba att. I begynnelsen p\u00e5 november g\u00e5r turen til Cuba, d\u00e5 skal to kontainarar vere fullpakka med syklar og datamaskinar og mykje anna som kan brukast til joleg\u00e5ver. Om dette fortalde han levande onsdagskvelden d\u00e5 han endeleg fann ein plass p\u00e5 vegen &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/syklar-til-cuba-4942708\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Syklar til Cuba<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[24],"class_list":["post-4942708","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-cuba"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4942708"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4942708"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4942708\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4942708"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4942708"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4942708"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}