{"id":4915333,"date":"2008-10-22T20:57:38","date_gmt":"2008-10-22T20:57:38","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/10\/open-sending-4915333\/"},"modified":"2008-10-22T20:57:38","modified_gmt":"2008-10-22T20:57:38","slug":"open-sending-4915333","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/open-sending-4915333\/","title":{"rendered":"Open sending"},"content":{"rendered":"<p>I kveld fekk eg vere telefonvakt p\u00e5 Open sending. 84 telefonar p\u00e5 9 rebusar var s\u00e5 langt eg kan sj\u00e5 ein av dei kveldane i haust med flest telefonar. Det var 50 meir enn sist gong d\u00e5 eg hadde var i studio under Open sending.<\/p>\n<p>Anna Rysstad og Rolf Erik Homme hadde eit triveleg program der dei delte ut lykter til alle som hadde ei soge \u00e5 fortelje, og det hadde dei fleste. Unge og eldre l\u00f8yste rebusar og ringte inn svar, i det sure og kalde veret ute var det triveleg tidtr\u00f8yte. Rebusane var fr\u00e5 Setesd\u00f8len sitt siste nummer, og dermed gjekk ein gjennom aktuelle saker ein gong.<\/p>\n<p>Open sending er eit program der ein kan ha kontakt med lyttarar. Som oftast kjem det og fram eit og anna folk ikkje visste fr\u00e5 f\u00f8r. Sj\u00f8lv folk som har kjent kvarandre det meste av livet hugsa ikkje at Berit Homme hadde hatt sommarjobb p\u00e5 Norheim kafe, noko ho fortalde d\u00e5 ho kom inn etter at den plata av \u00c5smund \u00c5mli var blitt spelt. Dei som ynskte \u00e5 h\u00f8yre den, k\u00f8yrde over Suleskarvegen og klaga over mykje sn\u00f8 p\u00e5 vegen, s\u00e5 fekk lyttarane vite det og.<\/p>\n<p>Apropos k\u00f8yring, eg hadde ein prat med Jan Olsen, som var p\u00e5 veg fr\u00e5 Arendal til Bygland med eit lass syklar han hadde samla inn der nede i dag, det er syklar til Cuba, og han skal pakke to containarar og sende om eit par veker. Men eg m\u00e5tte vente ganske lenge f\u00f8r dekninga p\u00e5 mobilen vart s\u00e5 god at vi kunne prate saman. Eg hadde jo trudd at det var full dekning langs ein slik veg, den er jo ikkje ein heieveg utan trafikk.<\/p>\n<p>N\u00e5r vi har Open sending, treng vi gode medhjelparar. I kveld var eg telefonvakt saman med Jorunn Lund Harstad, som er ein trugen medarbeidar i radioen. Ho har anten vore i studio eller bak kulissane i alle sendingane v\u00e5re i oktober.<\/p>\n<p>Vi pr\u00f8ver \u00e5 unng\u00e5 at same personen kjem inn i studio fleire gonger. Dette fordi det blir betre radio n\u00e5r ein kan snakke med fleire folk. Men det er vanskeleg \u00e5 unng\u00e5 det, og til tross for at vi hadde s\u00e5 mange som ringde, kom same person inn tre gonger. Ho nytta hustelefon og to mobiltelefonar, s\u00e5 n\u00e5r ho hadde kome gjennom p\u00e5 den eine, la ho vekk den og brukte ein annan. Det m\u00e5 vi vel helst leve med, men det er ei utfordring for programleiarane \u00e5 snakke med den same personenen tre gonger. Rolf og Anna l\u00f8yste det med glans, og i morgon kan premiane hentast p\u00e5 Statoil Rysstad for dei som bur i Hylestad og p\u00e5 Esso i Valle.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld fekk eg vere telefonvakt p\u00e5 Open sending. 84 telefonar p\u00e5 9 rebusar var s\u00e5 langt eg kan sj\u00e5 ein av dei kveldane i haust med flest telefonar. Det var 50 meir enn sist gong d\u00e5 eg hadde var i studio under Open sending. Anna Rysstad og Rolf Erik Homme hadde eit triveleg program &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/open-sending-4915333\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Open sending<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[49],"class_list":["post-4915333","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-open-sending"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4915333"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4915333"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4915333\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4915333"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4915333"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4915333"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}