{"id":4847396,"date":"2008-10-09T22:19:53","date_gmt":"2008-10-09T22:19:53","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/10\/soger-og-segner-viser-og-vers-folkeminne-fra-agder-4847396\/"},"modified":"2008-10-09T22:19:53","modified_gmt":"2008-10-09T22:19:53","slug":"soger-og-segner-viser-og-vers-folkeminne-fra-agder-4847396","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/soger-og-segner-viser-og-vers-folkeminne-fra-agder-4847396\/","title":{"rendered":"Soger og segner, viser og vers. Folkeminne fr\u00e5 Agder."},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r var Leonhard B. Jansen i studio i Valle for \u00e5 fortelje om boka han har laga med tittelen som er overskrift p\u00e5 bloggen i dag. P\u00e5 f\u00f8rehand sende han meg ei lita pressemelding om dette. Dermed brukar han Valle Radio slik vi \u00f8nskjer at det skal vere: At folk som har noko p\u00e5 hjarta, tek kontakt for \u00e5 fortelje om det til sambygdingar \u00f8vst i Setesdal. Her er brevet eg fekk:<\/p>\n<p><em>Har laga ei lita bok p\u00e5 oppdrag for Agder Historielag med tradisjonsstoff fr\u00e5 Agder av Jon L\u00f8yland.<\/em><\/p>\n<p>Jon L\u00f8yland (1887-1975) var setesd\u00f8l, men like mykje egd. Gjennom eit langt liv som skulel\u00e6rar, hadde han virket sitt mange stader p\u00e5 Agder. Kvar han kom hadde han med seg ei notisbok der han noterte flittig det folk hadde \u00e5 fortelje. Dette samla han til eit manus som det var meininga at han ein gong skulle gjeve ut. Han s\u00e5g vel eigentleg f\u00f8re seg eit slags framhald av Johannes Skar, sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Johannes_Skar sitt storverk \u0094Gamalt or S\u00e6tesdal\u0094. Dette vart det aldri noko av. I staden brukte han materialet i mange ulike samanhengar, i aviser og tidsskrift, og ikkje minst i Agder historielag sitt \u00e5rsskrift der han var ein n\u00e6r sagt \u00e5rviss bidragsytar.<\/p>\n<p>Stoffet er av mange slag og har opphavet sitt ei rekkje stader p\u00e5 Agder. Hovuddtyngda er Setesdal og bygdene lengst vest i Aust- Agder, men ikkje s\u00e5 reint lite Vest-Agder stoff er ogs\u00e5 samla inn. For nokre \u00e5r sidan tok Agder Historielag fatt i manus, og bad historikaren <strong>Leonhard Jansen<\/strong> bearbeide materialet til ei bok.<\/p>\n<p>Det er dette stoffet som no vert presentert som ei rikt illustrert bok, mellom annan med mange foto som Jon L\u00f8yland sj\u00f8lv tok. Han dreiv i mange \u00e5r som fotograf p\u00e5 fritida, og produserte postkort for sal. Boka har f\u00e5tt tittelen, \u0094Soger og segner, viser og vers. Folkeminne fr\u00e5 Agder.\u0094<\/p>\n<p>Jon L\u00f8yland skal ogs\u00e5 hugsast for sitt mange\u00e5rige virke for det lokalhistoriske arbeidet p\u00e5 Agder. Han sat som styremedlem i Agder Historielag fr\u00e5 oppstarten i 1914 samanhangande fram til 1964. 13 av desse 50 \u00e5ra som styreleiar. Samstundes var han og styreleiar i Setesdalsmuseet, og var med og lag grunnlaget for og bygde opp dette i \u00e5ra fr\u00e5 oppstarten i 1938. Ogs\u00e5 det vervet sa han fr\u00e5 seg i 1964, 77 \u00e5r gamal. I samband med dette vart han tildelt HM Kongen si fortenestemedalje i sylv.<\/p>\n<p>Boka vert presentert p\u00e5 Revsnes Turisthotell p\u00e5 Byglandsfjord onsdag 15. oktober 15.00.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r var Leonhard B. Jansen i studio i Valle for \u00e5 fortelje om boka han har laga med tittelen som er overskrift p\u00e5 bloggen i dag. P\u00e5 f\u00f8rehand sende han meg ei lita pressemelding om dette. Dermed brukar han Valle Radio slik vi \u00f8nskjer at det skal vere: At folk som har noko p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/soger-og-segner-viser-og-vers-folkeminne-fra-agder-4847396\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Soger og segner, viser og vers. Folkeminne fr\u00e5 Agder.<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[17],"class_list":["post-4847396","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-bok"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4847396"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4847396"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4847396\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4847396"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4847396"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4847396"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}