{"id":4755703,"date":"2008-09-20T22:50:31","date_gmt":"2008-09-20T22:50:31","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/09\/haestens-4755703\/"},"modified":"2008-09-20T22:50:31","modified_gmt":"2008-09-20T22:50:31","slug":"haestens-4755703","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/haestens-4755703\/","title":{"rendered":"H\u00e4stens"},"content":{"rendered":"<p>Seint p\u00e5 kveld like f\u00f8r leggetid kom eg til \u00e5 tenkje p\u00e5 k\u00e5seriet eg hadde tysdagskvelden i Valle Radio. Det var basert p\u00e5 ein artikkel eg hadde sett i Aftenposten som handla om at ein no kunne f\u00e5 kj\u00f8pe verdas dyraste seng i Oslo. Det var sengeprodusenten H\u00e4stens med over 150 \u00e5rs erfaring som hadde etablert eit nytt utsal i byen. Firmaet, som held til i K\u00f6ping i Sverige, starta med \u00e5 lage utstyr til hestetransport, men d\u00e5 markede turka inn, gjekk dei over til madrassar, senger og puter.<\/p>\n<p>Dei brukar hestetagl i produksjonen, sengene vert tilpassa kunden og om dei knirkar, f\u00e5r kunden ny seng, i alle fall om ein kj\u00f8per den dyraste modellen, som kostar 400.000 kroner. Filmstjerner i Hollywood kj\u00f8per slike senger, no kan Ola Nordmann f\u00e5 nyte same opplevinga.<\/p>\n<p>Seljaren argumenterer med at vi kj\u00f8per bilar til den prisen, og ein bil brukar vi bare ein time dagleg. Senga brukar vi \u00e5tte timar dagleg, s\u00e5 ei seng burde vere dyrare enn ein bil, som og vert bytt ut etter f\u00e5 \u00e5r, medan ei seng, i alle fall om ein kj\u00f8per ei slik seng som han vil selje, er ei livstidsinvestering. Det er nesten s\u00e5 ein kj\u00f8per argumenta, sj\u00f8lv om pengar til ei slik seng neppe let seg reise utan vidare. \u00c5 kome i Valle Sparebank og be om \u00e5 f\u00e5 l\u00e5ne ein slik sum til ny seng, d\u00e5 m\u00e5 ein nok ha lite skuld der fr\u00e5 f\u00f8r.<\/p>\n<p>Her er lenka til b\u00e5de leksikonartikkel og heimesidene til sengeprodusenten:<br \/>\nhttp:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/H%C3%A4stens<\/p>\n<p>God natt!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Seint p\u00e5 kveld like f\u00f8r leggetid kom eg til \u00e5 tenkje p\u00e5 k\u00e5seriet eg hadde tysdagskvelden i Valle Radio. Det var basert p\u00e5 ein artikkel eg hadde sett i Aftenposten som handla om at ein no kunne f\u00e5 kj\u00f8pe verdas dyraste seng i Oslo. Det var sengeprodusenten H\u00e4stens med over 150 \u00e5rs erfaring som hadde &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/haestens-4755703\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">H\u00e4stens<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4755703","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4755703"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4755703"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4755703\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4755703"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4755703"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4755703"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}