{"id":4752069,"date":"2008-09-19T22:44:04","date_gmt":"2008-09-19T22:44:04","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/09\/flyktningleir-i-thailand-4752069\/"},"modified":"2008-09-19T22:44:04","modified_gmt":"2008-09-19T22:44:04","slug":"flyktningleir-i-thailand-4752069","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/flyktningleir-i-thailand-4752069\/","title":{"rendered":"Flyktningleir i Thailand"},"content":{"rendered":"<p>I vel eit \u00e5r har ein karen-familie budd i Valle. Dei er fr\u00e5 Burma, men budde i ein flyktningleir i Thailand i 12 \u00e5r f\u00f8r H\u00f8gkommiss\u00e6ren for flyktningar fann ny bustad for dei mellom fjella i Noreg. Landskapet her er likt landskapet dei kom fr\u00e5, med unntak av sn\u00f8en om vinteren, d\u00e5. Dei hadde ikkje sett sn\u00f8 f\u00f8r dei kom hit.<\/p>\n<p>Eg har hatt gleda av \u00e5 undervise i norsk for utlendingar nokre \u00e5r og har dermed blitt kjent med mange av flyktningane som har budd i Valle. Etter kvart som dei har blitt flinke i norsk, har eg dei siste \u00e5ra pr\u00f8vd \u00e5 syne dei til wikipedia, der kan dei finne svar p\u00e5 mykje om Noreg og andre land.<\/p>\n<p>I dag ville eg gjerne syne ein elev noko her. Dei skal ikkje bare l\u00e6re norsk, men og samfunnsfag, og d\u00e5 kan wikipedia vere eit godt hjelpemiddel. P\u00e5 mange av geografiartiklane i wikipedia er det oppgitt lengdegrad og breddegrad. Om ein klikkar p\u00e5 den, kan ein kome til Google Map og andre kartprogram som syner kor staden ligg. Etter \u00e5 ha vore innom nokre stader i Noreg var det naturleg at han ville finne Burma, og snart var han oppslukt av \u00e5 sj\u00e5 heimlandet fr\u00e5 satelitt. Han hadde aldri vore i Rangoon, hovudstaden i heimlandet, men synte meg kartet over omr\u00e5det der generalane byggjer nye hus for seg og sine familiar.<\/p>\n<p>Desse karta har ein funksjon, ein kan trykkje p\u00e5 ein knapp for \u00e5 f\u00e5 fram artiklar om stader som er p\u00e5 wikipedia. Dermed nytta vi denne funksjonen, og plutseleg var vi i kommunen i Thailand der flyktningleiren l\u00e5g. I artikkelen var det eit bilete fr\u00e5 leiren med 40.000 innbyggjarar, og b\u00e5de eg og han gjorde store augo d\u00e5 han sa at det var der han budde. Vi hadde jo ikkje venta \u00e5 f\u00e5 sj\u00e5 bilete fr\u00e5 leiren han kom fr\u00e5 om vi slo opp p\u00e5 den engelske artikkelen om dette omr\u00e5det i Thailand.<\/p>\n<p>Eg tenkte eg skulle dele det med dykk i dag, de kan g\u00e5 inn og sj\u00e5 biletet her p\u00e5 denne lenka, eg la det inn i norsk wikipedia p\u00e5 artikkelen om Karen (folkeslag) ettersom dei aller fleste som bur i denne leiren er karenarar. http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Karen_(folkeslag)<\/p>\n<p>Klikk p\u00e5 biletet, s\u00e5 f\u00e5r du sj\u00e5 det i st\u00f8rre format. \u00c5 kome fr\u00e5 slike bambushytter med blad p\u00e5 taket til Valle er nok litt av ein overgang. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I vel eit \u00e5r har ein karen-familie budd i Valle. Dei er fr\u00e5 Burma, men budde i ein flyktningleir i Thailand i 12 \u00e5r f\u00f8r H\u00f8gkommiss\u00e6ren for flyktningar fann ny bustad for dei mellom fjella i Noreg. Landskapet her er likt landskapet dei kom fr\u00e5, med unntak av sn\u00f8en om vinteren, d\u00e5. Dei hadde ikkje &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/flyktningleir-i-thailand-4752069\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Flyktningleir i Thailand<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4752069","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4752069"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4752069"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4752069\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4752069"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4752069"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4752069"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}