{"id":4724112,"date":"2008-09-13T22:52:01","date_gmt":"2008-09-13T22:52:01","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/09\/nav-til-posthuset-4724112\/"},"modified":"2008-09-13T22:52:01","modified_gmt":"2008-09-13T22:52:01","slug":"nav-til-posthuset-4724112","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nav-til-posthuset-4724112\/","title":{"rendered":"NAV til Posthuset"},"content":{"rendered":"<p>-Innan januar vert det samlokalisering av NAV i det huset som no vert nytta av Posten i Valle.<\/p>\n<p>Det var r\u00e5dmann Arne Tronsen som fortalde dette i programmet Kommunen informerer i Valle Radio onsdagskvelden. Det vil verte seks personar som arbeider der, tre fr\u00e5 statleg niv\u00e5 (Aetat og Trygd) og tre fr\u00e5 kommunalt niv\u00e5 (flykning og barnevern). Tanken er at dei og skal samarbeide med NAV Setesdal og totalt gje eit betre tilbod til innbyggjarane i kommunen.<\/p>\n<p>Posten flytter til \u00d8yne, dei treng jo ikkje liggje i sentrum, for lokala brukast til \u00e5 sortere post til Valle og Bykle kommunar, ikkje til \u00e5 yte skranketeneste til folk. Den tenesta har no lenge vore Post i butikk hos COOP-butikkane i \u00d8vre Setesdal.<\/p>\n<p><strong>Riksveg 9<\/strong><br \/>\nTronsen kommenterte og Riksveg 9, som m\u00e5ndag markerte opning av ein om lag 5 km lang parsell fr\u00e5 Ose til Tveit: -Vi hadde ikkje f\u00e5tt ein meter veg om vi ikkje hadde hatt bompengefinansiering. Men n\u00e5verande plassering av bommen er ikkje der det mest trafikk.<\/p>\n<p>I samtalen var vi og innom trongen for at arbeidet ikkje stoppar opp. Men han ville ikkje snakke om avtalen som er gjort mellom fylket og kommunane om \u00e5 bruke pengar fr\u00e5 sal av konsesjonskraft til vegen, det meinte han ordf\u00f8raren heller burde svare p\u00e5.<\/p>\n<p>Viktige parsellar som st\u00e5r att er Sandnes &#8211; Harstad i Valle og Tveit &#8211; Langeid i Bygland. Ein er diverre ikkje kome s\u00e5 langt at ein kan g\u00e5 i gang med Tveit &#8211; Langeid enno. S\u00e5 ein m\u00e5 nok rigge ned prosjektet no, og heller starte opp att n\u00e5r ein er klar for neste etappe.<\/p>\n<p><strong>Nedrigging og flytting<\/strong><br \/>\nKvar fredag er det eit diskusjonsprogram i P1 mellom klokka 13 og 14. Fredag 12. september var tema Vegar i Norge. Problemstillinga var om ein skulle bruke vegpengar i det sentrale austlandsomr\u00e5det, eller om dei skulle brukast i distrikta. Engasjerte innringarar var fleire gonger innom klattinga i vegbygging ved at ein ikkje gjer ferdig ein strekning, men tek ein kort del, s\u00e5 riggar ned anlegget. Dermed g\u00e5r pengar tapt i rigginga. Mange har nok same opplevinga n\u00e5r det gjeld Riksveg 9, sj\u00f8lv om ingen av dei som var p\u00e5 tr\u00e5den i den sendinga, nemnde Riksveg 9.<\/p>\n<p>Riksveg 9 var og tema i Valle Radio seinare p\u00e5 kvelden, d\u00e5 Leonhard B. Jansen var gjest i studio og snakka med Harald Haugland om ferdsle i Setesdal i gamle dagar. D\u00e5 tok ein bytur tre veker for byklarane, kunne han fortelje. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>-Innan januar vert det samlokalisering av NAV i det huset som no vert nytta av Posten i Valle. Det var r\u00e5dmann Arne Tronsen som fortalde dette i programmet Kommunen informerer i Valle Radio onsdagskvelden. Det vil verte seks personar som arbeider der, tre fr\u00e5 statleg niv\u00e5 (Aetat og Trygd) og tre fr\u00e5 kommunalt niv\u00e5 (flykning &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nav-til-posthuset-4724112\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">NAV til Posthuset<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[36],"class_list":["post-4724112","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-kommunen-informerer"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4724112"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4724112"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4724112\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4724112"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4724112"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4724112"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}