{"id":4678602,"date":"2008-09-03T20:59:18","date_gmt":"2008-09-03T20:59:18","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/09\/alternativ-onsdag-4678602\/"},"modified":"2008-09-03T20:59:18","modified_gmt":"2008-09-03T20:59:18","slug":"alternativ-onsdag-4678602","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/alternativ-onsdag-4678602\/","title":{"rendered":"Alternativ onsdag"},"content":{"rendered":"<p>Eg tok ein telefon til 577 om lag klokka 22 i kveld, og d\u00e5 var det bare s\u00e5 vidt Ingebj\u00f8rg Ellinor hadde tid til \u00e5 snakke eit lite minutt, telefonane kimte i bakgrunnen. Det vart alts\u00e5 onsdagskveld som normalt i Valle.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv drog eg til Mandal i dag fordi eg skal p\u00e5 eit m\u00f8te i Kristiansand i morgon. F\u00f8rste onsdag i kvar m\u00e5nad er det eit arrangement som heiter <strong>Syng deg glad<\/strong> i Mandal. Det vert halde klokka halv sju i aktivitetsenteret til Mandal Sykehjem, der kona mi arbeider, og i kveld hadde vi h\u00f8ve til \u00e5 vere med. Det vart ei triveleg oppleving.<\/p>\n<p>Vi visste ikkje heilt korleis det gjekk f\u00f8re seg, s\u00e5 vi kom der fem minutt f\u00f8r det skulle starte. D\u00e5 sat 90 songglade folk i alle sofaer og rundt alle borda b\u00e5de i publikumskafeen og i omr\u00e5det som Dagsenteret nyttar. Glade tonar str\u00f8ymde fr\u00e5 pianoet, og folk hadde f\u00e5tt seg kaffe og vaflar til \u00e5 varme opp songstemma med. Det var ingen grunn til \u00e5 vente med starten, huset var jo fullt, s\u00e5 halv sju helsa leiaren velkommen og presenterte songgruppa og solisten som var med denne kvelden. I l\u00f8pet av den kvelden song vi kjente og kj\u00e6re songar, her er lista (eg noterte opp etter kvart, for eg tenkte at eg kunne jo skrive om det p\u00e5 bloggen i kveld):<\/p>\n<p>Mari, du bed\u00e5re<br \/>\nS\u00f8nnavindsvalsen<br \/>\nLille vakre Anna<br \/>\nLille m\u00e5ltrost<br \/>\nVise for g\u00e6rne jinter<br \/>\nMin egen by<br \/>\nDin tanke er fri<br \/>\nHildringstimen<br \/>\nDen f\u00f8rsta g\u00e5ng jag s\u00e5g dig<br \/>\nUti v\u00e5r hage<br \/>\nKom sommarvind<br \/>\nNordlandsnetter<br \/>\nHvor s\u00e5re lite skal det til<br \/>\nLykkeliten<br \/>\nWe&#8217;ll meet again<br \/>\nLa oss leve for hverandre<br \/>\nSommersol til siste stund<br \/>\nTytteb\u00e6ret<br \/>\nS\u00e5 gr\u00f8nn en drakt<\/p>\n<p>Midt i var det ein pause der folk som ikkje hadde f\u00e5tt seg kaffe og vaflar, kunne kj\u00f8pe det i kafeen. Men den varte bare 15 minutt, s\u00e5 var vi i full song att. Vi nytta songboka Syng deg glad, den same som Pensjonistforeninga i Valle brukar p\u00e5 sine m\u00f8ter.<\/p>\n<p>Det har i ulike samanhengar blitt sagt at folk som har Alzheimers sjukdom, ( http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Alzheimers_sykdom ) og ikkje lenger hugsar, har glede av song, for kombinasjonen av tekst dei kjente og melodi, leitar fram gl\u00f8ymde minnestrukturar. Det var litt rart \u00e5 sitje og sj\u00e5 korleis det bokstaveleg talt skjedde midt i forsamlinga. Eldre som til vanleg ikkje tala noko s\u00e6rleg, nynna med og song med etter kvart. Folk som har slektningar p\u00e5 sjukeheimen, tok dei med til songkvelden og kunne sj\u00e5 korleis songane gjorde godt og skapte attkjenning og glede.<\/p>\n<p>Vi burde syngje meir.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg tok ein telefon til 577 om lag klokka 22 i kveld, og d\u00e5 var det bare s\u00e5 vidt Ingebj\u00f8rg Ellinor hadde tid til \u00e5 snakke eit lite minutt, telefonane kimte i bakgrunnen. Det vart alts\u00e5 onsdagskveld som normalt i Valle. Sj\u00f8lv drog eg til Mandal i dag fordi eg skal p\u00e5 eit m\u00f8te i &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/alternativ-onsdag-4678602\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Alternativ onsdag<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4678602","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4678602"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4678602"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4678602\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4678602"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4678602"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4678602"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}