{"id":4624740,"date":"2008-08-22T21:16:57","date_gmt":"2008-08-22T21:16:57","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/08\/mot-normalt-4624740\/"},"modified":"2008-08-22T21:16:57","modified_gmt":"2008-08-22T21:16:57","slug":"mot-normalt-4624740","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/mot-normalt-4624740\/","title":{"rendered":"Mot normalt"},"content":{"rendered":"<p>I dag ville huseigar ha styrem\u00f8te i radiostova, men eg hadde ein avtale om \u00e5 f\u00e5 nye dekk til bilen, s\u00e5 eg kunne ikkje l\u00e5se opp for dei klokka 12. D\u00e5 eg ringde Tarald Myrum, som er styreleiar for \u00e5 fortelje at han kunne hente n\u00f8kkel p\u00e5 Velkomstsenteret og fortalde at han m\u00e5tte sl\u00e5 av alarmen, verka det som om han vart litt overraska over det med alarm. Men vi har alarm i Valle Radio, den hyler ganske kraftig, det veit eg, for eg kom til \u00e5 l\u00f8yse den ut ein gong.<\/p>\n<p>F\u00f8r eg skulle dra til Mandal, hadde eg ordna ein time hj\u00e5 fastlegen min, Hallvard Mosd\u00f8l. Eg har slite noko med ein fot i sumar og tenkte han kunne finne ei l\u00f8ysing. Men det synte seg at hans l\u00f8ysing var annleis enn eg hadde tenkt, og f\u00f8r eg visste ordet av det, var eg utstyrt med rekvisisjon til akuttmottaket p\u00e5 S\u00f8rlandet Sykehus Kristiansand.<\/p>\n<p>-Jaja, dei nye dekka st\u00e5r godt, tenkte eg, og drog til Kristiansand. Litt over klokka 14 kom eg inn og vart registrert. Korridoren var full av folk, og etter ei stund h\u00f8yrde eg ein sjukepleiar som sa at folk som sat og venta, hadde sete sidan klokka 10. Det var bare \u00e5 sm\u00f8rje seg med t\u00e5lmod. -Fredagane er ofte kaos her, var det ei anna som sa.<\/p>\n<p>Ein f\u00e5r h\u00f8ve til \u00e5 reflektere litt n\u00e5r ein sit slik i ein sjukehuskorridor og ser folk kome og g\u00e5. I grunnen var eg glad for at eg ikkje hadde det som dei andre pasientane, det var mange som kom ut att med gipsa arm eller hand. Eg tenkte at eg for det meste har sluppe unna slike skavankar i livet. Ein gut kom med foreldrene, han hadde skadd handa d\u00e5 han spelte handball og faren meinte han heller burde g\u00e5 over til \u00e5 spele handball p\u00e5 data, det var ikkje s\u00e5 skadeleg. Sonen bles til det forslaget, tydeleg irritert over at nokon kunne vere s\u00e5 dum som pappa&#8230; Ettersom han kanskje skulle f\u00e5 narkose, kunne han verken ete eller drikke, men han fann seg i det med stoisk ro og ein ispose p\u00e5 den skadde fingeren.<\/p>\n<p>Det f\u00f8rte tankane over til handballjentene. Dei skal spele finale i morgon, den har eg gledd meg til \u00e5 sj\u00e5 heile veka. Truleg vert det ogs\u00e5 mot normalt, for sjukehuset kunne ikkje f\u00e5 gjort det dei m\u00e5tte d\u00e5 eg endeleg kom fr\u00e5 k\u00f8 i korridoren til unders\u00f8kingsromet. Klokka var blitt n\u00e6rare seks og aktiviteten var g\u00e5tt over p\u00e5 kveldsbluss, og der synte det seg at eg ikkje kunne bli prioritert. I staden fekk eg ny time i morgon klokka 09, og n\u00e5r handballjentene spelar klokka 09.45, sp\u00f8rs det om eg sit i k\u00f8en eller vil f\u00e5 h\u00f8ve til \u00e5 sj\u00e5 kampen.<\/p>\n<p>Det blei alts\u00e5 ein fredagskveld mot normalt. Og knappast ei einaste redigering p\u00e5 wikipedia heile dagen, det er og mot normalt.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag ville huseigar ha styrem\u00f8te i radiostova, men eg hadde ein avtale om \u00e5 f\u00e5 nye dekk til bilen, s\u00e5 eg kunne ikkje l\u00e5se opp for dei klokka 12. D\u00e5 eg ringde Tarald Myrum, som er styreleiar for \u00e5 fortelje at han kunne hente n\u00f8kkel p\u00e5 Velkomstsenteret og fortalde at han m\u00e5tte sl\u00e5 av &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/mot-normalt-4624740\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Mot normalt<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4624740","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4624740"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4624740"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4624740\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4624740"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4624740"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4624740"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}