{"id":4606355,"date":"2008-08-18T21:50:29","date_gmt":"2008-08-18T21:50:29","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/08\/aaring-remaaring-lsdagar-4606355\/"},"modified":"2008-08-18T21:50:29","modified_gmt":"2008-08-18T21:50:29","slug":"aaring-remaaring-lsdagar-4606355","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aaring-remaaring-lsdagar-4606355\/","title":{"rendered":"\u00c5rem\u00e5lsdagar"},"content":{"rendered":"<p>\u00c5rem\u00e5lsdagar kjem og g\u00e5r. Eg trur Britta Lise hugsar p\u00e5 dei fleste, og i kveld kom det ein epost fr\u00e5 henne. Ho er den av medarbeidarane i Valle Radio som p\u00e5 ein s\u00e6rskilt m\u00e5te spreier varme og har omtanke. Det seier eg utan \u00e5 blunke, for eg synest det, og det skal ikkje vere til forkleining for andre.<\/p>\n<p>Ferien er over og vi starta opp att i dag. Det har jo blitt nokre telefonar, for born og familie er spreidde over heile landet:<br \/>\nSigmund og Margareth er p\u00e5 fottur i Rondane,<br \/>\nMargunn og Stein er tilbake i Kristiansand etter \u00e5 ha vore p\u00e5 Katie Melua-konsert i Hauge i Dalane laurdag<br \/>\nHelge er p\u00e5 jobb i Oslo og har vore det ei stund<br \/>\nR\u00f8nnaug og Lars Gustav har f\u00e5tt skulegutt i familien, d\u00e5 H\u00e5kon begynte i 1. klasse i dag. Eg trur nok at Kristine misunte han litt, ho m\u00e5 vente eit \u00e5r.<\/p>\n<p>Bursdagshelsingar i brev er det ikkje s\u00e5 ofte ein f\u00e5r lenger, no er det tekstmelding som gjeld, og s\u00f8skena mine har l\u00e6rt seg kunsten betre enn eg. S\u00e5 Solvor og Hermund f\u00e5r f\u00e5 svaret her, dei les jo bloggen og f\u00e5r med seg litt av kvart om Valle Radio.<\/p>\n<p>Men mor sende brev, ho hadde funne eit kort med informasjon om kva som hende i 1947, og s\u00e5 supplerte ho med det som er sj\u00f8lvopplevd: At det var ein varm sommar og ein dag om lag som dagen i dag. \u00c5 n\u00e6rme seg pensjonsalder og ha foreldre i live, er det f\u00e5 som opplever, men den velsigninga har eg f\u00e5tt, og eg takkar for den. Ho ringte og, halv elleve om kvelden, for ho hadde vore p\u00e5 kvinneforening, dei starta haustsesongen i kveld. Sprekt gjort n\u00e5r ein sj\u00f8lv er tett p\u00e5 91.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 er det epost, d\u00e5. Eit av s\u00f8skenbarna mine, Brit, er ivrig epostar, s\u00e5 eg f\u00e5r stadig rapportar om sykkelturar p\u00e5 J\u00e6ren. Ho legg ved bilete, s\u00e5 flotte bilete at ein f\u00e5r heimlengt og undrar seg over alt det ein kan finne av vakre ting n\u00e5r ein er ute og syklar. Eg sa heimlengt, ikkje sykkellengt, det er noko anna.<\/p>\n<p>Ein stor del av dagen i dag var eg ikkje inne og fylgde med p\u00e5 eposten. D\u00e5 eg i kveld sjekka innboksen min, l\u00e5g det og ein epost fr\u00e5 Helge Homme med gratulasjon.<\/p>\n<p>Siste eposten eg opna med bursdagshelsing var fr\u00e5 blogg-administrasjonen. Dei oppmoda meg til \u00e5 skrive om dagen p\u00e5 bloggen. Dermed vart dette innlegget ganske annleis enn det eg skriv om til vanleg. Men det var godt \u00e5 kome til Valle att og starte skule og m\u00f8te vener og kjente i bygda.<\/p>\n<p>Det har blitt litt skriving p\u00e5 wikipedia i dag og, Her er ein artikkel eg har hjelpt litt til med tidlegare: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/R%C3%B8d_skogsnegl Det er utruleg alt ein kjem borti.<\/p>\n<p>Eg hadde tenkt \u00e5 late dagen passere stille. Difor laga eg ingen fest for elevane i pausen v\u00e5r p\u00e5 skulen i dag. Det sp\u00f8rs om eg ikkje m\u00e5 orne noko i morgon n\u00e5r det no vart s\u00e5 offisielt at det til og med kom p\u00e5 bloggen. Den som lever, f\u00e5r sj\u00e5. Feiringa med mat hadde vi laurdag d\u00e5 syster mi og mannen var p\u00e5 bes\u00f8k. Reidun hadde laga Lady Goldenglow-kake, som er ei gamal oppskrift fr\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd, og den smaka nesten like godt som eg hugsar fr\u00e5 50 \u00e5r tilbake. Her er oppskrift p\u00e5 kaka: http:\/\/home.no.net\/hleite\/ladygold.htm<\/p>\n<p>Kanskje vi skulle verte betre til \u00e5 markere \u00e5rem\u00e5lsdagar i Valle Radio?<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00c5rem\u00e5lsdagar kjem og g\u00e5r. Eg trur Britta Lise hugsar p\u00e5 dei fleste, og i kveld kom det ein epost fr\u00e5 henne. Ho er den av medarbeidarane i Valle Radio som p\u00e5 ein s\u00e6rskilt m\u00e5te spreier varme og har omtanke. Det seier eg utan \u00e5 blunke, for eg synest det, og det skal ikkje vere til &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aaring-remaaring-lsdagar-4606355\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">\u00c5rem\u00e5lsdagar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4606355","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4606355"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4606355"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4606355\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4606355"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4606355"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4606355"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}