{"id":4574409,"date":"2008-08-11T22:55:25","date_gmt":"2008-08-11T22:55:25","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/08\/fiskeaoslash-rn-fraaring-otra-eller-flor-4574409\/"},"modified":"2008-08-11T22:55:25","modified_gmt":"2008-08-11T22:55:25","slug":"fiskeaoslash-rn-fraaring-otra-eller-flor-4574409","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fiskeaoslash-rn-fraaring-otra-eller-flor-4574409\/","title":{"rendered":"Fiske\u00f8rn &#8211; fr\u00e5 Otra eller Florida?"},"content":{"rendered":"<p>Entusiastane i Fugleforeninga i Setesdal ligg ikkje p\u00e5 latsida sj\u00f8lv om aktiviteten g\u00e5r litt i b\u00f8lger. Eit oppslag i Setesd\u00f8len syner at dei no har gjort ein jobb saman med milj\u00f8vernleiar Hildur Hak\u00e5s i Evje og Hornnes kommune for \u00e5 f\u00e5 opp skilt som gjev informasjon om fiske\u00f8rn i distriktet. No har dei sett opp skilt om \u00f8rna, mellom anna p\u00e5 Evjetun. Fire andre skilt er p\u00e5 austsida av Otra.<\/p>\n<p>Lars Breist\u00f8l, som eg har tala med i Valle Radio fleire gonger, fortel om fem par som hekkar i Otra. Han fortel og om korles fuglar som har vorte ringmerka i Setesdal, har blitt funne i Senegal i Vest-Afrika etter kollisjon med fly der. At dei kan halde seg n\u00e6r flyplassar, fekk eg bekrefta d\u00e5 eg slo opp p\u00e5 wikipedia og leita etter bilete. Du kan g\u00e5 til denne sida, s\u00e5 f\u00e5r du sj\u00e5 ei fiske\u00f8rn som sit p\u00e5 ein busshaldeplass p\u00e5 Kennedy Space Center http:\/\/commons.wikimedia.org\/wiki\/Image:Osprey_on_a_peg.jpg<\/p>\n<p>Biletdatabasen til wikipedia har ei rekke bilete av fiske\u00f8rn: http:\/\/commons.wikimedia.org\/wiki\/Pandion_haliaetus  og norsk wikipedia har ein artikkel om fuglen:<br \/>\nhttp:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Fiske%C3%B8rn  Det er lenker til ei rekke spr\u00e5kversjonar, og mange av artiklane har flotte bilete.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg s\u00e5g den tyske artikkelen, oppdaga eg at hovudillustrasjonen der var den same som Setesd\u00f8len hadde brukt. Det er eit bilete teke av NASA, det og p\u00e5 Kennedy Space Center, som ligg like ved eit naturreservat.<\/p>\n<p>Biletteksten i Setesd\u00f8len for fredag 8. august seier ikkje noko om kor biletet er fr\u00e5. Difor vil ein lett tru at det er avisa sin fotograf eller Lars Breist\u00f8l som har sete nokre timar for \u00e5 f\u00e5 eit s\u00e5 flott motiv. Men det var det alts\u00e5 ikkje. Eg synest nok at det hadde vore p\u00e5 sin plass \u00e5 setje Foto: NASA p\u00e5 biletet, slik at ein ikkje lurer lesarane til \u00e5 tru at det er ei lokal fiske\u00f8rn dei ser.<\/p>\n<p>Biletarkivet Commons som wikimedia har oppretta for at alle wikipediaprosjekta skal kunne nytte bilete, har bilete som er frie, og for kommersiell bruk. Difor kan Setesd\u00f8len bruke biletet. I USA har dei ein lov som seier at bilete teke for statlege institusjonar, skal vere frie. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Entusiastane i Fugleforeninga i Setesdal ligg ikkje p\u00e5 latsida sj\u00f8lv om aktiviteten g\u00e5r litt i b\u00f8lger. Eit oppslag i Setesd\u00f8len syner at dei no har gjort ein jobb saman med milj\u00f8vernleiar Hildur Hak\u00e5s i Evje og Hornnes kommune for \u00e5 f\u00e5 opp skilt som gjev informasjon om fiske\u00f8rn i distriktet. No har dei sett opp &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fiskeaoslash-rn-fraaring-otra-eller-flor-4574409\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Fiske\u00f8rn &#8211; fr\u00e5 Otra eller Florida?<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4574409","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4574409"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4574409"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4574409\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4574409"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4574409"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4574409"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}