{"id":4487171,"date":"2008-07-23T09:01:59","date_gmt":"2008-07-23T09:01:59","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/07\/anke-og-klage-4487171\/"},"modified":"2008-07-23T09:01:59","modified_gmt":"2008-07-23T09:01:59","slug":"anke-og-klage-4487171","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/anke-og-klage-4487171\/","title":{"rendered":"Anke og klage"},"content":{"rendered":"<p>I den juridiske verda heiter det anke n\u00e5r ein klagar over at ein dom som har falle, ikkje kan vere rett. Det er fleire klageinstansar, ein dom i tingretten kan ankast til lagretten og ein dom der kan ankast til H\u00f8gsterett.<\/p>\n<p>No er det slik at mange opplever ein dom som urett, og difor vil anke n\u00e6rast automatisk om dei ikkje f\u00e5r medhald. Difor er det etablert eit system slik at ein vurderer om anka skal takast til handsaming aller f\u00f8rst. Om ein kjem fram til at handsaming ikkje skal skje, kjem det ikkje opp noko ankesak for retten. Eit slikt system sparer tid og pengar for samfunnet og for dei involverte, sj\u00f8lv om det kan vere sviande \u00e5 ikkje f\u00e5 saka opp om ein sj\u00f8lv er overtydd om at domen er feil.<\/p>\n<p>I saka mellom Toreid og Richter i Bygland, ogs\u00e5 kalla legesaka av mange, r\u00e5dmannsaka av andre (truleg etter kva standpunkt ein har til akt\u00f8rane), som var omtalt i Setesd\u00f8len i g\u00e5r, hadde Toreid ein kommentar til at saka er avvist av lagmannsretten som etter mi meining var ganske sl\u00e5ande, han meinte at no sparte motparten pengar som ein ny runde i rettsapparatet ville koste.<\/p>\n<p>Det er vel noko slikt som vert dekka av uttrykket: \u00c5 kaste gode pengar etter d\u00e5rlege. Det kan ein gjere p\u00e5 mange m\u00e5tar, til d\u00f8mes ved \u00e5 reparere p\u00e5 ein mandagsbil i staden for \u00e5 kj\u00f8pe ny. Uttrykket vart ofte brukt i samband med dei som svarar p\u00e5 brev fr\u00e5 Nigeria-mafiaen om at dei skal f\u00e5 ein stor sum for \u00e5 hjelpe til med \u00e5 f\u00f8re pengar ut av Nigeria, dei m\u00e5 bare fyrst betale inn eit bel\u00f8p som syner at dei har ein bank-konto det kan gjerast p\u00e5, og s\u00e5 kjem nye krav, heile tida med lovnad om stor gevinst. Dei som g\u00e5r p\u00e5 agnet, kastar fort gode pengar etter d\u00e5rlege, det vil seie pengar som alt er tapte.<\/p>\n<p>I Setesd\u00f8len i g\u00e5r var det ei anna sak. D\u00e5 vart det kalla klage, og driftssjef Ingvar Nes lurte p\u00e5 om det var rett til \u00e5 klage p\u00e5 saka som Uppstad Transport og Anlegg hadde reist i samband med bygging av bru til skianlegget p\u00e5 Furest\u00f8yl. For om det ikkje er klagerett, kan ein ikkje klage.<\/p>\n<p>I v\u00e5re dagar er klagerett blitt noko som n\u00e6rast skal vere aktuelt i alle saker. Sj\u00f8lv n\u00e5r ein f\u00e5r innvilga det ein har s\u00f8kt om, sluttar brevet fr\u00e5 offentleg instans med at ein kan klage p\u00e5 vedtaket, det synest eg og mange med meg er t\u00e5peleg \u00e5 ha med i eit brev, kvifor skulle ein klage p\u00e5 at ein har f\u00e5tt det ein s\u00f8kte om?, s\u00e5 i slike tilfelle burde svarbrevet ikkje ha klageavsnitt, etter mi meining.<\/p>\n<p>Av og til f\u00e5r ein vere n\u00f8gd med situasjonen som den er, droppe klaginga og seie takk for livet. Det gjorde Arja Saijonmaa http:\/\/sv.wikipedia.org\/wiki\/Arja_Saijonmaa  i songen Jag vil tacka livet:<\/p>\n<p>Jag vill tacka livet<br \/>\nsom gett mig s\u00e5 mycket.<br \/>\nDet gav mig tv\u00e5 \u00f6gon<br \/>\noch n\u00e4r jag dem \u00f6ppnar<br \/>\nkan jag klart urskilja<br \/>\ndet svarta fr\u00e5n det vita<br \/>\noch h\u00f6gt d\u00e4r uppe<br \/>\nhimlens mantel str\u00f6dd med stj\u00e4rnor.<\/p>\n<p>http:\/\/www.cancioneros.com\/nc.php?NM=685&#038;ID=10<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I den juridiske verda heiter det anke n\u00e5r ein klagar over at ein dom som har falle, ikkje kan vere rett. Det er fleire klageinstansar, ein dom i tingretten kan ankast til lagretten og ein dom der kan ankast til H\u00f8gsterett. No er det slik at mange opplever ein dom som urett, og difor vil &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/anke-og-klage-4487171\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Anke og klage<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4487171","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4487171"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4487171"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4487171\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4487171"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4487171"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4487171"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}