{"id":447243,"date":"2006-01-06T22:03:29","date_gmt":"2006-01-06T22:03:29","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/01\/forviklingar447243\/"},"modified":"2006-01-06T22:03:29","modified_gmt":"2006-01-06T22:03:29","slug":"forviklingar447243","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/forviklingar447243\/","title":{"rendered":"Forviklingar"},"content":{"rendered":"<p>M\u00e5ndag kveld 2. januar 2006 var eg tilbake i Valle etter ei stille jole- og ny\u00e5rshelg med familien i Mandal. D\u00e5 ringte \u00d8rnulf og lurte p\u00e5 om eg kunne ha sendinga fredag kveld, han var sett opp, men hadde tenkt seg til Oslo for \u00e5 hjelpe dottera Gunhild med noko, eg lurer p\u00e5 om han sa flytting, men det er eg ikkje sikker p\u00e5.<\/p>\n<p>I Valle radio hjelper vi kvarandre om vi kan, s\u00e5 eg sa ja, det kunne eg, sj\u00f8lv om eg til vanleg reiser heim til Mandal fredagane og difor ikkje er s\u00e5 hissig p\u00e5 \u00e5 vere med p\u00e5 fredagssendingar.<\/p>\n<p>Vi har eit system for \u00e5 fordele ansvarlege for sendingane som er basert p\u00e5 at sjefen v\u00e5r, Hallvard, set opp ei liste. Dersom vi skal byte, m\u00e5 vi avtale det direkte.<\/p>\n<p>No hadde ikkje Hallvard sett opp liste, men han skreiv etter sendinga p\u00e5 lisle jolaftan at neste sending skulle vere for heile dalen fredag 6. januar. Det var jo rett, men om du h\u00f8yrer p\u00e5 lokalradioen n\u00e5r eg skriv dette, vil du nok fort skj\u00f8ne at det er Evje Radio som er ansvarleg for sendinga. Det stod p\u00e5 ein plan som var laga i haust og som skulle gjelde for heile vinteren.<\/p>\n<p>S\u00e5 sj\u00f8lv om eg i tysdagssendinga mi sa at eg hadde planar om \u00e5 kome att i fredagssendinga 6. januar, s\u00e5 vart det ikkje slik. Etter kvart vart dette avklara med Hallvard, som har teke seg ein Spania-tur p\u00e5 ny\u00e5ret og ikkje er tilbake f\u00f8r 9. januar. J\u00f8rund Georg retta opp informasjonen p\u00e5 heimesidene til Valle radio. Det var likevel ikkje nok, for Bj\u00f8rgulv T. Berg og Sissa Ringstad kom til radioen fredagskvelden klokka 19:30 og skulle ha Tankar fr\u00e5 Bibelen, men dei kom til stengt d\u00f8r.<\/p>\n<p>Framleis er det ikkje lagt ut nokon sendeplan for v\u00e5ren, s\u00e5 du m\u00e5 nok bare sm\u00f8rje deg med tolmod til Hallvard kjem heim att og f\u00e5r sett opp lista v\u00e5r. Eg vil halde fram med tysdagssendingar, men det vil ikkje verte s\u00e5 mange onsdagssendingar i v\u00e5r. Bykle Radio skal ha sendepause ogs\u00e5 i v\u00e5r, og d\u00e5 kjem Valle radio til \u00e5 ha sendingar nokre fredagar.<\/p>\n<p>Helsing Harald<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>M\u00e5ndag kveld 2. januar 2006 var eg tilbake i Valle etter ei stille jole- og ny\u00e5rshelg med familien i Mandal. D\u00e5 ringte \u00d8rnulf og lurte p\u00e5 om eg kunne ha sendinga fredag kveld, han var sett opp, men hadde tenkt seg til Oslo for \u00e5 hjelpe dottera Gunhild med noko, eg lurer p\u00e5 om han &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/forviklingar447243\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Forviklingar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-447243","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/447243"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=447243"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/447243\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=447243"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=447243"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=447243"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}