{"id":4440222,"date":"2008-07-12T23:05:46","date_gmt":"2008-07-12T23:05:46","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/07\/limerick-eller-stev-4440222\/"},"modified":"2008-07-12T23:05:46","modified_gmt":"2008-07-12T23:05:46","slug":"limerick-eller-stev-4440222","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/limerick-eller-stev-4440222\/","title":{"rendered":"Limerick eller stev"},"content":{"rendered":"<p>Gunnar Stubseid hadde eit ord i rette tid i eit innlegg i Setesd\u00f8len og F\u00e6drelandsvennen i g\u00e5r. Han tok opp NRK S\u00f8rlandet si evne til \u00e5 fange opp dei indre bygder p\u00e5 Agder i sendingane sine. Det er ikkje mykje stoff fr\u00e5 Setesdal og indre Agder, men desto meir fr\u00e5 stripa der ein kan ha tean i tanga. Dette speglar seg og i at dei la ned kontoret dei hadde p\u00e5 Evje.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 speglar det seg i at dei ikkje har forst\u00e5ing for stev, men hentar idear til sommarkonkurranse fr\u00e5 limerick, ei diktform som kom til Noreg for 50 \u00e5r sidan, importert fr\u00e5 England, der den vart etablert midt p\u00e5 1800-talet. Limerick skal vere humoristiske femlinjevers i forma aabba med tre versef\u00f8ter i f\u00f8rste, andre og femte linje, og to i tredje og fjerde. Gunnar Stubseid meiner at stev er lettare, har lengre tradisjon og mange ut\u00f8varar p\u00e5 Agder, medan limerick er eit framandt versem\u00e5l. Han nemner den nye stevboka til Kristen Br\u00e5ten Berg, Astri Rysstad og Kari Rolfsen, Stev for dagen. Den viser at stev kan brukast i alle situasjonar. Det kan og ha melodi, det er ikkje naturleg for limerick.<\/p>\n<p>Til slutt nemner Gunnar Stubseid at musikkstudentane p\u00e5 Ole Bull Akademiet p\u00e5 Voss l\u00e6rer \u00e5 lage stev p\u00e5 vekekursa der, noko som er blitt sv\u00e6rt popul\u00e6rt blant studentane.<\/p>\n<p>Eg er enig med Gunnar Stubseid. Stev hadde vore naturleg \u00e5 nytte i konkurransen i NRK. Av og til h\u00f8yrer du stev i Valle Radio, anten p\u00e5 plate eller ved at ein som ringer inn, tek eit stev p\u00e5 telefonen. Det er ein levande tradisjon, s\u00e5 visst ikkje utan aktive ut\u00f8varar ogs\u00e5 utanom dei som har gjeve ut plate.<\/p>\n<p>    Til lags \u00e5t alle kann ingjen gjera<br \/>\n    det er no gamalt og vil so vera<br \/>\n    eg tykkjer st\u00f8dt at det h\u00f8ver best<br \/>\n    \u00e5 hjelpa den som det trengjer mest.<\/p>\n<p>Slik er stev-forma brukt av Ivar Aasen. Meir om stev her: http:\/\/nn.wikipedia.org\/wiki\/Stev<\/p>\n<p>Meir om limerick finn du her: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Limerick_(poesi)<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Gunnar Stubseid hadde eit ord i rette tid i eit innlegg i Setesd\u00f8len og F\u00e6drelandsvennen i g\u00e5r. Han tok opp NRK S\u00f8rlandet si evne til \u00e5 fange opp dei indre bygder p\u00e5 Agder i sendingane sine. Det er ikkje mykje stoff fr\u00e5 Setesdal og indre Agder, men desto meir fr\u00e5 stripa der ein kan ha &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/limerick-eller-stev-4440222\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Limerick eller stev<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4440222","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4440222"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4440222"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4440222\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4440222"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4440222"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4440222"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}