{"id":4408730,"date":"2008-07-05T22:41:32","date_gmt":"2008-07-05T22:41:32","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/07\/hugo-distler-og-litt-til-4408730\/"},"modified":"2008-07-05T22:41:32","modified_gmt":"2008-07-05T22:41:32","slug":"hugo-distler-og-litt-til-4408730","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hugo-distler-og-litt-til-4408730\/","title":{"rendered":"Hugo Distler og litt til"},"content":{"rendered":"<p>I \u00e5r er det 100 \u00e5r sidan Hugo Distler vart f\u00f8dd. Det skjedde 24. juni 1908 i N\u00fcrnberg. Han hadde ein vanskeleg barndom, vaks opp hj\u00e5 besteforeldra, d\u00e5 mor hans gifta seg med ein annan mann enn Hugos far og flyttet til USA.Men det store musikalske talentet han hadde f\u00f8rte han til Leipzig, der han studerte musikk og var ein sv\u00e6rt begava student.<\/p>\n<p>Eg kom over ein artikkel om denne komponisten i dag, og m\u00e5tte rote litt p\u00e5 bloggen, for eg var nesten sikker p\u00e5 at vi hadde spelt noko musikk av han i Valle Radio. Det stemte, mellom anna spelte Niklos noko av han 4. desember 2007:<\/p>\n<p>Hugo Distler (1908 &#8211; 1942) O Heiland, reiss die Himmel auf. Koralmotett. Thomaskoret i Leipzig, dirigent Thomaskantor Hans-Joachim Rotsch.<\/p>\n<p>Han har eit s\u00e6rprega tonespr\u00e5k, og musikken hans har f\u00e5tt ein ny v\u00e5r utover heile 1900-talet. Han d\u00f8ydde i 1942, tok heller livet sitt enn \u00e5 g\u00e5 i teneste for Wehrmacht, s\u00e5 1. november 1942 (Allehelgensdag) var det heile slutt.<\/p>\n<p>Det vert ofte slik at n\u00e5r eg finn noko interessant, skriv eg om det p\u00e5 wikipedia. Vi hadde ingen artikkel om Distler fr\u00e5 f\u00f8r, s\u00e5 eg starta ein artikkel i dag. Han er ikkje komen s\u00e5 langt enno, men du kan jo lese det som st\u00e5r der til no: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Hugo_Distler<\/p>\n<p>Ofte n\u00e5r ein held p\u00e5 slik med \u00e5 skrive ein artikkel, kjem ting i vegen og heftar ein, s\u00e5 ein f\u00e5r ikkje fullf\u00f8rt. I dette tilfellet synte det seg at bokm\u00e5ls-wikipedia ikkje hadde artikkel om Allehelgensdag. Dermed m\u00e5tte eg lage den. Det vart bare ein stubb: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Allehelgensdag  Men d\u00e5 eg skulle knytte den artikkelen saman med andre spr\u00e5k sine artiklar om dette, vart det problem, for alle 37 spr\u00e5ka som hadde artikkel om Allehelgensdag, lenka til den norske artikkelen om Allehelgensaften. Dermed m\u00e5tte eg g\u00e5 til 37 andre spr\u00e5k og endre lenka slik at ho gjekk til rett artikkel. Og d\u00e5 kom eg ikkje s\u00e6rleg mykje lenger p\u00e5 det som var hovudprosjektet mitt.<\/p>\n<p>Men det kjem nye sjansar seinare.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I \u00e5r er det 100 \u00e5r sidan Hugo Distler vart f\u00f8dd. Det skjedde 24. juni 1908 i N\u00fcrnberg. Han hadde ein vanskeleg barndom, vaks opp hj\u00e5 besteforeldra, d\u00e5 mor hans gifta seg med ein annan mann enn Hugos far og flyttet til USA.Men det store musikalske talentet han hadde f\u00f8rte han til Leipzig, der han &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hugo-distler-og-litt-til-4408730\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hugo Distler og litt til<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[],"tags":[],"class_list":["post-4408730","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4408730"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4408730"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4408730\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4408730"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4408730"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4408730"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}