{"id":4373791,"date":"2008-06-27T22:27:47","date_gmt":"2008-06-27T22:27:47","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/06\/ny-biskop-i-nidaros-4373791\/"},"modified":"2008-06-27T22:27:47","modified_gmt":"2008-06-27T22:27:47","slug":"ny-biskop-i-nidaros-4373791","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ny-biskop-i-nidaros-4373791\/","title":{"rendered":"Ny biskop i Nidaros"},"content":{"rendered":"<p>I dag vart det utnemnd ny biskop i Nidaros. Han heiter Tor Singsaas og er f\u00f8dd i 1948, akkurat runda 60 \u00e5r. Mange meiner kanskje at det var i eldste laget \u00e5 ta fatt p\u00e5 ei krevjande oppg\u00e5ve i Den norske kyrkja, men han kan f\u00e5 nokre gode \u00e5r i Nidarosdomen.<\/p>\n<p>Eg var heldig og fekk skrive om han p\u00e5 norsk wikipedia i dag. Her er lenka: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Tor_Singsaas  Men f\u00f8r eg hadde f\u00e5tt skrive artikkelen p\u00e5 norsk, var det ein ferdig artikkel p\u00e5 engelsk wikipedia. Du kan g\u00e5 til den ved hjelp av interwikilenke nede til venstre p\u00e5 den norske artikkelen. D\u00e5 vil du sj\u00e5 at dei to tekstane er heilt sj\u00f8lvstendige og legg vekt p\u00e5 ulike ting.<\/p>\n<p>N\u00e5r ein skriv slik p\u00e5 wikipedia, vert det mest alltid nokre raude lenker. Eg skreiv inn kva han hadde skrive om i hovudoppg\u00e5va til teologisk embetseksamen i 1976. Det var ei oppg\u00e5ve om Lutherstiftelsens traktatar. Wikipedia hadde fr\u00e5 f\u00f8r ein artikkel om traktat som politisk avtale. Men her var det tale om ein religi\u00f8s traktat, og det hadde vi ikkje artikkel om.<\/p>\n<p>Dermed kunne eg nytte h\u00f8vet til \u00e5 skrive om det. Du hugsar sikkert dei sm\u00e5 lappane som var vanleg \u00e5 ha liggjande p\u00e5 eit bord bakerst i m\u00f8tesalar eller som ivrige sjelevinnarar gjekk ut p\u00e5 gata og delte ut til folk som kom forbi. Eg ser lite til slkt no, men det kan nok vere fordi eg ikkje er s\u00e5 mykje ute p\u00e5 gater i byar lenger.<\/p>\n<p>Men eg kom p\u00e5 \u00e5 leite fram Indremisjonsselskapets historie II av Ola Rudvin. Der var det fleire artiklar om traktatarbeidet til Indremisjonsselskapet. Gjennom \u00e5ra m\u00e5 folk ha delt ut mange millionar av desse sm\u00e5 lappane. N\u00e5r ein ser p\u00e5 kva folk samlar p\u00e5, skulle eg tru at det nok er nokon som samlar p\u00e5 traktatar og. (I dag kj\u00f8pte eg Stavanger Aftenblad, og der skreiv Per Inge Torkildsen, som har ei spalte i helgebilaget Pluss kvar veke, om Maiblomster; han hadde m\u00f8tt ei kvinne som samla p\u00e5 dei og hadde over 60 sm\u00e5 plastblomar i ei lita sk\u00e5l.)<\/p>\n<p>No har wikipedia p\u00e5 bokm\u00e5l vel 172.000 artiklar. Og alts\u00e5 ein om religi\u00f8se traktatar. http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Religi%C3%B8s_traktat<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag vart det utnemnd ny biskop i Nidaros. Han heiter Tor Singsaas og er f\u00f8dd i 1948, akkurat runda 60 \u00e5r. Mange meiner kanskje at det var i eldste laget \u00e5 ta fatt p\u00e5 ei krevjande oppg\u00e5ve i Den norske kyrkja, men han kan f\u00e5 nokre gode \u00e5r i Nidarosdomen. Eg var heldig og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ny-biskop-i-nidaros-4373791\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ny biskop i Nidaros<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4373791","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4373791"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4373791"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4373791\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4373791"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4373791"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4373791"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}