{"id":4322443,"date":"2008-06-16T12:18:24","date_gmt":"2008-06-16T12:18:24","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/06\/omlaoslash-pshastighet-4322443\/"},"modified":"2008-06-16T12:18:24","modified_gmt":"2008-06-16T12:18:24","slug":"omlaoslash-pshastighet-4322443","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/omlaoslash-pshastighet-4322443\/","title":{"rendered":"Oml\u00f8pshastighet"},"content":{"rendered":"<p>I Morgenbladet, som du og kan kj\u00f8pe p\u00e5 butikkar i Valle no, for 13. juni, var det ein interessant artikkel:<br \/>\nhttp:\/\/www.morgenbladet.no\/apps\/pbcs.dll\/article?AID=\/20080613\/OBOKER\/834389621\/-1\/BOKER<\/p>\n<p>Det vert fortalt om at Fylkesbiblioteket i Buskerud tok turen til Nesbyen for \u00e5 kassere litteratur p\u00e5 folkebiblioteket der. Det var blitt s\u00e5 alt for fullt. 2517 bind vart kasserte p\u00e5 om lag 70 timar. Men \u00e5 kassere er ikkje bare bare, b\u00f8kene m\u00e5 og ut av databasen over b\u00f8ker. I artikkelen kan vi lese at det tek 30 sekund \u00e5 f\u00e5 ei bok ut av basen, det skulle bety at i tillegg til kastinga m\u00e5tte ein bruke 1250 minutt p\u00e5 jobben. Nesten 21 timar, alts\u00e5.<\/p>\n<p>No er hyllene ryddige og fine, i alle fall mykje ryddigare enn f\u00f8r. Grunnen til det er at biblioteka i Norge no er blitt meir opptekne av \u00e5 stille ut framsida av b\u00f8ker, ikkje bare ryggane. Det tek mykje meir plass, men det aukar oml\u00f8pshastigheten, det vil seie at boka st\u00e5r ikkje s\u00e5 lenge p\u00e5 hylla som f\u00f8r. Artikkelen i Morgenbladet fortel at biblioteka m\u00e5 rapportere inn oml\u00f8pshastighet i KOSTRA, slik at ein kan samanlikne og sj\u00e5 kor veldrive ei slik boksamling er.<\/p>\n<p>\u00c5 kaste b\u00f8ker er ikkje lett for nokon, men det m\u00e5 vere ekstra vanskeleg for ein bibliotekar, som truleg valde yrket av kj\u00e6rleik til b\u00f8ker. Men med s\u00e5 stor produksjon som det er no, er det ikkje r\u00e5d \u00e5 bare samle opp \u00e5r for \u00e5r. Kvart \u00e5r f\u00e5r ein eit par tusen b\u00f8ker inn, d\u00e5 m\u00e5 minst s\u00e5 mange ut. I samband med at dei byggjer ny bibliotekfilial i V\u00e5gsbygd, og difor m\u00e5tte pakke ned heile boksamlinga, veit eg at dei hadde ein stri t\u00f8rn med \u00e5 kaste b\u00f8ker i dei alt for fulle samlingane som hadde hopa seg opp med \u00e5ra.<\/p>\n<p>Biblioteket i Valle slit nok og med dette, for periodevis havnar det mange b\u00f8ker i vinduskarmar og p\u00e5 skranken. Noko g\u00e5r etter kvart i magasinet, noko vert seld, og noko vert nok kasta. Men eg er glad for at biblioteket i Valle tek vare p\u00e5 b\u00f8ker, plutseleg treng du ei bok som kom ut for lang tid sidan, og d\u00e5 er det godt n\u00e5r Lisbeth kan finne henne i magasinet.<\/p>\n<p>Eg har ei dotter som er bibliotekar. N\u00e5r ho kjem heim og seier ho vil rydde, det er det same som \u00e5 kaste b\u00f8ker, dreg eg p\u00e5 tur. S\u00e5 treng eg ikkje sj\u00e5 og gr\u00e5te over alt som m\u00e5 ut. Eg kan heller ta meg ein tur p\u00e5 loppemarknad og komplettere samlinga. Det er og  oml\u00f8pshastighet.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I Morgenbladet, som du og kan kj\u00f8pe p\u00e5 butikkar i Valle no, for 13. juni, var det ein interessant artikkel: http:\/\/www.morgenbladet.no\/apps\/pbcs.dll\/article?AID=\/20080613\/OBOKER\/834389621\/-1\/BOKER Det vert fortalt om at Fylkesbiblioteket i Buskerud tok turen til Nesbyen for \u00e5 kassere litteratur p\u00e5 folkebiblioteket der. Det var blitt s\u00e5 alt for fullt. 2517 bind vart kasserte p\u00e5 om lag 70 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/omlaoslash-pshastighet-4322443\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Oml\u00f8pshastighet<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[17],"class_list":["post-4322443","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-bok"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4322443"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4322443"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4322443\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4322443"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4322443"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4322443"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}