{"id":4274143,"date":"2008-06-04T22:14:03","date_gmt":"2008-06-04T22:14:03","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/06\/aagot-noss-i-valle-radio-og-pa-setesdals-4274143\/"},"modified":"2008-06-04T22:14:03","modified_gmt":"2008-06-04T22:14:03","slug":"aagot-noss-i-valle-radio-og-pa-setesdals-4274143","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aagot-noss-i-valle-radio-og-pa-setesdals-4274143\/","title":{"rendered":"Aagot Noss i Valle Radio og p\u00e5 Setesdalsmuseet"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kveld vart det endring i oppsett sendeplan. Leonhard Jansen ringde ved 16-tida og fortalde at Setesdalsmuseet skulle lansere ei ny bok av Aagot Noss i dag. Eg inviterte dei til radioen, og programmet Bibel og musikk gjekk ut. I staden fekk vi ein triveleg halvtime der ho fortalde om granskingane sine.<\/p>\n<p>Dei starta i 1965 i Nordbygdi i Bykle, som n\u00e5 er under vatn. Ho gjekk og sykla fr\u00e5 gard til gard og tala med folk og fekk sj\u00e5 tekstiltradisjonen dei hadde. Det vart bilete og film av det feltarbeidet, og no er boka som samlar alt dette komen ut: **Stakkeklede i Setesdal &#8211; Byklaren og valld\u00f8len** 2008 ISBN 978-82-7099-477-9<\/p>\n<p>Her er artikkelen om henne p\u00e5 wikipedia: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Aagot_Noss<\/p>\n<p>I dag var det s\u00e5 lansering av boka, og eg tok turen til Setesdalsmuseet. Boka har 400 bilete, og i presentasjonen viste ho ein del av dei p\u00e5 lerret. Og s\u00e5 fortalde ho, levande og interessant. Det slo meg at ho kunne slektene til informantane like godt som om ho skulle vore i slekta. Informantane hennar var f\u00f8dde sist p\u00e5 1800-talet eller tidleg p\u00e5 1900-talet. Men ho kjende etterkomarane deira og. Det var eit imponerande tilfang av Setesdalsstoff fr\u00e5 Bykle og Valle ho kunne leggje fram.<\/p>\n<p>Etter foredraget var det tid for \u00e5 kle opp ei Setesdalsbrur. Det var Ingebj\u00f8rg Vegestog og Randi Myrum si oppg\u00e5ve, og NRK filma som best dei kunne. Det same gjorde Setesd\u00f8len og F\u00e6drelandsvennen, b\u00e5de inne og ute.<\/p>\n<p>S\u00e5 var det tid for suppe og rundstykke. Museet hadde f\u00e5tt inn 30 b\u00f8ker, alle gjekk. Dei aller fleste sikra seg forfattaren sin signatur.<\/p>\n<p>Mot slutten av arrangementet p\u00e5 museet presenterte eg Aagot og Karin B\u00f8e for kvarandre. Sj\u00f8lv om Aagot skulle attende til Oslo like etterp\u00e5, lukkast det \u00e5 f\u00e5 henne innom p\u00e5 Valle vev, og der var ho sv\u00e6rt imponert over det som Karin produserer og har samla av rugger og kyrkjetjeld som ho har fotografert og registrert vitskapleg. Aagot meinte Karin m\u00e5tte f\u00e5 gje ut det stoffet ho hadde samla, og dei vart sitjande \u00e5 prate om korleis ein kunne g\u00e5 fram for \u00e5 f\u00e5 til noko slikt.<\/p>\n<p>Aagot skulle sitje p\u00e5 med Anna Stella Karlsdottir til Oslo, og hadde ikkje ho kome, hadde dei truleg vorte sitjande i interessant samtale heile kvelden. Eg fekk vere floge p\u00e5 veggen, og takkar for ein interessant dag.<\/p>\n<p>Slike initiativ som dette er vi i Valle Radio sv\u00e6rt takksame for og oppmodar ALLE til \u00e5 gjere som Leonhard og Setesdalsmuseet n\u00e5r h\u00f8vet legg seg til rette. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kveld vart det endring i oppsett sendeplan. Leonhard Jansen ringde ved 16-tida og fortalde at Setesdalsmuseet skulle lansere ei ny bok av Aagot Noss i dag. Eg inviterte dei til radioen, og programmet Bibel og musikk gjekk ut. I staden fekk vi ein triveleg halvtime der ho fortalde om granskingane sine. Dei starta &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aagot-noss-i-valle-radio-og-pa-setesdals-4274143\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Aagot Noss i Valle Radio og p\u00e5 Setesdalsmuseet<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4274143","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4274143"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4274143"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4274143\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4274143"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4274143"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4274143"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}