{"id":4244948,"date":"2008-05-29T22:57:51","date_gmt":"2008-05-29T22:57:51","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/05\/straumen-gar-4244948\/"},"modified":"2008-05-29T22:57:51","modified_gmt":"2008-05-29T22:57:51","slug":"straumen-gar-4244948","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/straumen-gar-4244948\/","title":{"rendered":"Straumen g\u00e5r"},"content":{"rendered":"<p>Ved totida i dag gjekk straumen i Valle og var borte i ein time. Det er ikkje mykje ein f\u00e5r gjort n\u00e5r straumen er borte.<\/p>\n<p>Her er nokre sm\u00e5 glimt:<\/p>\n<p>Eg sat p\u00e5 datamaskinen og mista det eg heldt p\u00e5 \u00e5 skrive. Og s\u00e5 fekk eg ikkje skrive meir, s\u00e5 eg valde \u00e5 ta ein tur ut i det fine veret, det var 22 grader i skuggen, s\u00e5g eg p\u00e5 termometeret d\u00e5 eg kom heim.<\/p>\n<p>I etasjen under Valle Vaksenoppl\u00e6ring held Valle folkebibliotek til. Dei hadde heller ikkje h\u00f8ve til \u00e5 l\u00e5ne ut b\u00f8ker n\u00e5r straumen var borte, for d\u00e5 fall dataprogrammet ut.<\/p>\n<p>Eg gjekk over gata til Jokerbutikken, men der kunne dei ikkje selje avisa, og det var m\u00f8rkt og lite hyggeleg \u00e5 vere i butikken. Ein kunde stod og venta med full handlekorg, alle vona at straumen snart kom att.<\/p>\n<p>Utanfor Essostasjonen sat \u00c5nund og prata med ein kunde, ikkje mykje \u00e5 gjere n\u00e5r straumen har reist, og litt seinare kom \u00d8rnulf ut og sette seg ned med dei.<\/p>\n<p>**M\u00f8te med Sverre Lund**<br \/>\nD\u00e5 eg kom bort til Menighetshuset, kom Sverre Lund g\u00e5ande med rullatoren sin. Han hadde site og sett p\u00e5 Visjon Norge d\u00e5 straumen gjekk, og s\u00e5 fann han ut at han kunne g\u00e5, han og. Det vart dagens andre tur, og han ville i banken og ta ut pengar.<\/p>\n<p>-Det kan du ikkje, sa eg, for n\u00e5r straumen er borte, f\u00e5r ein ikkje ut pengar.<br \/>\n-Du har nok rett i det, sa Sverre<\/p>\n<p>Vi blei sitjande p\u00e5 murkanten utanfor menighetshuset og prate om laust og fast. Eg fortalde at det var med meg som med Kjetil Jore som f\u00f8r budde i huset som eg bur i no, vi klarte oss med radio, og parabol var lite aktuelt.<\/p>\n<p>-Eg og Kjetil Jore var bestevener og leika heile dagane, fortalde Sverre. Men ein gong vart vi uvener, og d\u00e5 eg vart ropa heim til mat, sa eg at eg aldri skulle g\u00e5 til han meir. Men d\u00e5 middagen var over, sprang eg det fortaste eg vann ned bakken til Kjetil, smilte Sverre.<\/p>\n<p>Plutseleg kom det vatn i fontenen, og d\u00e5 var Sverre rask med \u00e5 kome seg opp att. -No er straumen komen, sa han, eg f\u00e5r g\u00e5 i banken. Men klokka var blitt tre og banken stengjer d\u00e5.<\/p>\n<p>-Det gj\u00f8r ikkje s\u00e5 mykje, eg kan ta turen i morgon d\u00e5, sa Sverre, som hadde hatt ein spasertur nordover p\u00e5 f\u00f8remiddagen.<\/p>\n<p>**\u00c5rsak**<br \/>\nEg tippa at det var ein gravemaskin som hadde kortslutta ein ledning, men d\u00e5 eg i kveld snakka med Jorunn Lund Harstad, meinte ho at ho hadde h\u00f8yrt at det kanskje var ein bever som hadde felt eit tre over ein straumledning. Resultatet var det same, og synte kor s\u00e5rbart eit samfunn er og kor mykje som er avhengig av straum i v\u00e5re dagar. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ved totida i dag gjekk straumen i Valle og var borte i ein time. Det er ikkje mykje ein f\u00e5r gjort n\u00e5r straumen er borte. Her er nokre sm\u00e5 glimt: Eg sat p\u00e5 datamaskinen og mista det eg heldt p\u00e5 \u00e5 skrive. Og s\u00e5 fekk eg ikkje skrive meir, s\u00e5 eg valde \u00e5 ta ein &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/straumen-gar-4244948\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Straumen g\u00e5r<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4244948","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4244948"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4244948"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4244948\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4244948"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4244948"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4244948"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}