{"id":4116350,"date":"2008-04-30T21:31:20","date_gmt":"2008-04-30T21:31:20","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/04\/aktive-bygder-4116350\/"},"modified":"2008-04-30T21:31:20","modified_gmt":"2008-04-30T21:31:20","slug":"aktive-bygder-4116350","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aktive-bygder-4116350\/","title":{"rendered":"Aktive bygder"},"content":{"rendered":"<p>I helga som var las eg i avisa at det var ei rekke bygder som ein rekna med ville ha store problem med \u00e5 klare seg i \u00e5ra framover. Dei fleste var p\u00e5 Vestlandet og i Nord-Noreg, men d\u00e5 eg saumfor artikkelen, var ogs\u00e5 Bykle nemnd som ein kandidat. Etter det eg skj\u00f8na var det viktig \u00e5 halde oppe eit handlegrunnlag om bygda skulle overleve. I s\u00e5 m\u00e5te gjorde nok Bykle kommune rett d\u00e5 dei kj\u00f8pte Texaco-stasjonen. Dermed er det ikkje s\u00e5 tungt \u00e5 starte for ein som vil drive den, i og med at han slepp dei tunge investeringane i eigedom for \u00e5 kome i gang.<\/p>\n<p>Eit anna viktig element for \u00e5 halde ei bygd levande er at det er eit foreningsliv i bygda. **Sundagskvelden** var eg p\u00e5 \u00e5rsm\u00f8te i **Valle Normisjon**, som er ei slik forening. Ho har nok vore meir livskraftig tidlegare enn ho er no, vi var bare 8 personar p\u00e5 m\u00f8tet. Men foreninga st\u00e5r for ein viktig del av religi\u00f8s m\u00f8teverksemd i Valle, og dei har organisert b\u00f8nem\u00f8ter heilt sidan 1946. I tillegg har dei sundagsm\u00f8ter i vinterhalv\u00e5ret annankvar sundag, dei har joletrefest og andre st\u00f8rre samkomer, gjerne i samarbeide med andre organisasjonar. Eg hadde gleda av \u00e5 vere med d\u00e5 dei feira 100-\u00e5rsjubileum, d\u00e5 heitte dei Valle Indremisjon. Dei gav ut eige festskrift og kunne sj\u00e5 tilbake p\u00e5 stor aktivitet gjennom mange \u00e5r.<\/p>\n<p>**Mandagskvelden** var eg til stades p\u00e5 v\u00e5rm\u00f8te og \u00e5rsm\u00f8te i **Valle pensjonistforening**. 22 pensjonistar var samla p\u00e5 Valle Motell. Valet f\u00f8rte til at Nella Nerem Homme etter eige \u00f8nske kunne takke av som leiar, Ho og \u00c5nund K. Homme har st\u00e5tt p\u00e5 for pensjonistforeninga i fleire \u00e5r, men no fekk dei avl\u00f8ysing. Ny leiar vart Anne Lise Harstad, og Gudrun Nomeland kom og inn i styret, i tillegg til N\u00f8ste Nyberg og Tone Rike. Damene fekk med seg Kjetil Rike i styret.<\/p>\n<p>**Tysdagskvelden** arrangerte Valle Bygdekvinnelag fleirkulturell kveld i Matsalen i kultursenteret. Dei hadde invitert kvinner fr\u00e5 andre land til \u00e5 vere med, og det var ei samling utan menn til stades. Kvinner fr\u00e5 Afghanistan, Burma, Nigeria og Tsjetsjenia m\u00f8tte bygdekvinner til ein triveleg kveld der dei hadde mykje variert mat fr\u00e5 alle stader i verda og variert prat p\u00e5 norsk. Dei innf\u00f8dde m\u00e5tte vel leggje av litt av dialekten, men rapport fr\u00e5 arrangementet fortalde om levande samtale og mykje nytt \u00e5 l\u00e6re for b\u00e5de norske og utanlandske deltakarar.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv sat eg i Valle Radio denne kvelden. Valle Radio fungerer som lim i \u00d8vre Setesdal og samlar mange som elles sit aleine i stover rundt om og gjer dei ei felles oppleving. Sj\u00f8lvsagt kan det ikkje m\u00e5le seg med det sosiale fellesskapet ein har n\u00e5r ein m\u00f8ter kvarandre i same rom, men han har sin misjon likevel.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I helga som var las eg i avisa at det var ei rekke bygder som ein rekna med ville ha store problem med \u00e5 klare seg i \u00e5ra framover. Dei fleste var p\u00e5 Vestlandet og i Nord-Noreg, men d\u00e5 eg saumfor artikkelen, var ogs\u00e5 Bykle nemnd som ein kandidat. Etter det eg skj\u00f8na var det &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aktive-bygder-4116350\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Aktive bygder<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4116350","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4116350"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4116350"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4116350\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4116350"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4116350"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4116350"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}