{"id":4107872,"date":"2008-04-28T22:53:32","date_gmt":"2008-04-28T22:53:32","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/04\/postludium-fra-japan-4107872\/"},"modified":"2008-04-28T22:53:32","modified_gmt":"2008-04-28T22:53:32","slug":"postludium-fra-japan-4107872","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/postludium-fra-japan-4107872\/","title":{"rendered":"Postludium fr\u00e5 Japan"},"content":{"rendered":"<p>I kveld skal vi heilt til Japan. Der ligg det ein konsertsal som heiter CUBE concert hall, Shiroishi, Japan<br \/>\nHer er lenka til salen: http:\/\/www.lares.dti.ne.jp\/~jubal\/swm\/swm-e.html<\/p>\n<p>Den japanske orgelbyggjaren Tokugoro Obayashi, f\u00f8dt 14. mai 1946 har bygd eit konsertorgel til denne hallen. 24 \u00e5r gammal kom han i 1970 til Danmark for \u00e5 l\u00e6re orgelbygging hos Poul-Gerhard Andersen. Han vart der i fire \u00e5r, og i 1978 opna han eiga orgelkonsulentverksemd i Japan. Seks \u00e5r seinare opna han eige orgelbyggeri i Japan, det heiter Jubal.<\/p>\n<p>Orgelet er eit fullt symfonisk orgel med fem manual og pedal, ferdig i 1997. Salen har vegger av glass og ein glimrande akustikk, 3 &#8211; 3,5 sekund, 1,8 &#8211; 2,3 sekund n\u00e5r han er fullsett med 600 tilh\u00f8yrarar. 115 stemmer gjev eit mektig brus, men det kan og lyde ganske s\u00e5 svakt. Lenke til stemmene: http:\/\/www.lares.dti.ne.jp\/~jubal\/swm\/sispec-e.html<\/p>\n<p>Vi skal starte med eit stykke herifr\u00e5 av Edvard Elgar: Allegro Maestoso fr\u00e5 Orgelsonata opus 28, f\u00f8rste gong framf\u00f8rt 8. juli 1895. D\u00e5 var det Hugh Blair http:\/\/en.wikipedia.org\/wiki\/Hugh_Blair_%28composer%29 som framf\u00f8rte verket, det skjedde i Worchester Cathedral i samband med eit m\u00f8te for amerikanske organistar i den byen. Det blir sagt at Elgar bare brukte ei veke p\u00e5 \u00e5 gjere ferdig konserten. http:\/\/en.wikipedia.org\/wiki\/Organ_Sonata_%28Elgar%29<\/p>\n<p>Den amerikanske stjerneorganisten Carlo Curley, f\u00f8dd i 1952, spelar p\u00e5 orgelet i CUBE Concert Hall, Shiroishi, Japan. http:\/\/www.lares.dti.ne.jp\/~jubal\/swm\/sispec-e.html<\/p>\n<p>Stykket har fire satsar og tek ein halv time. Vi hoppar over andre sats Allegretto let Carlo Curley spille 3. sats. Den heiter Andanto espressivo. Det gjer seg ikkje s\u00e5 godt p\u00e5 radio, for det er helst l\u00e5gt, s\u00e5 eg r\u00e5r deg til \u00e5 skru opp lyden ganske mykje og heller godta at det vert litt h\u00f8gt eit par plasser. D\u00e5 vil du f\u00e5 best utbytte av dei neste sju minutta.<\/p>\n<p>Vi skal s\u00e5 h\u00f8yre Chanson de Matin, Morgonsong, fr\u00e5 1899. Opprinneleg var b\u00e5de den og Chanson de Nuit skrivne for eit lite orkester, og s\u00e5 er det transkribert for orgel. Eit slikt stort orgel har godt h\u00f8ve til \u00e5 spele slikt transkribert musikk, men det er ei utfordring \u00e5 gje det att i radio. Men eg opplever i alle fall ein v\u00e5rmorgon i denne musikken.<\/p>\n<p>Til slutt f\u00e5r du eit stykke av ein heilt annan karakter, skrive av Zez Confrey, amerikansk organist og komponist, f\u00f8dd same \u00e5ret som dei amerikanske organistane vitja Worchester, 1895. http:\/\/en.wikipedia.org\/wiki\/Zez_Confrey  Han skreiv kanskje mest for piano, er kjent mellom anna for stykket Kitten on the Keys, Kattunge p\u00e5 tangentane. Eit anna stykke er Dizzy Fingers, spelt av Lyn Larsen. Om mine fingrar kunne skjelve s\u00e5 vakkert!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld skal vi heilt til Japan. Der ligg det ein konsertsal som heiter CUBE concert hall, Shiroishi, Japan Her er lenka til salen: http:\/\/www.lares.dti.ne.jp\/~jubal\/swm\/swm-e.html Den japanske orgelbyggjaren Tokugoro Obayashi, f\u00f8dt 14. mai 1946 har bygd eit konsertorgel til denne hallen. 24 \u00e5r gammal kom han i 1970 til Danmark for \u00e5 l\u00e6re orgelbygging hos &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/postludium-fra-japan-4107872\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Postludium fr\u00e5 Japan<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[50],"class_list":["post-4107872","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-orgel"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4107872"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4107872"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4107872\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4107872"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4107872"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4107872"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}