{"id":4076717,"date":"2008-04-21T23:00:54","date_gmt":"2008-04-21T23:00:54","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/04\/ein-stralande-vardag-4076717\/"},"modified":"2008-04-21T23:00:54","modified_gmt":"2008-04-21T23:00:54","slug":"ein-stralande-vardag-4076717","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ein-stralande-vardag-4076717\/","title":{"rendered":"Ein str\u00e5lande v\u00e5rdag"},"content":{"rendered":"<p>Sj\u00f8lv om det er frost om natta, er dagane uvanleg str\u00e5lande for tida. I dag var det 12 grader og str\u00e5lande sol. Det syner p\u00e5 kleda og, vi kastar av oss vinterhammen og finn lettare klede. Framleis er det mykje sn\u00f8 p\u00e5 fjellet, s\u00e5 den som tek seg ut p\u00e5 ski, kan kome att p\u00e5 jobb etter og vere brun som ein innvandrar fr\u00e5 langt s\u00f8r i verda.<\/p>\n<p>Eg starta litt over fem fr\u00e5 Mandal, no er det gr\u00e5lyst p\u00e5 den tida, og ved Moisund skein ei blank sol meg i augo. \u00c5 k\u00f8yre til Valle ein tidleg v\u00e5rmorgon er ei naturoppleving.<\/p>\n<p>Grunnen til at eg gjorde det p\u00e5 denne m\u00e5ten, var at eg i g\u00e5r var i Lyngdal i bursdag. Der m\u00f8nstra heile familien v\u00e5r hos s\u00f8stera mi. Vi er fem syskin, alle var samla med ektefellar, og mor var med d\u00e5 vi helsa henne med song og gode ord. Vi har vore velsigna, ingen tvil om det.<\/p>\n<p>Eit slikt v\u00e5rteikn er at det er p\u00e5 tide \u00e5 gj\u00f8dsle jorda. Det kan verte litt sterk lukt ein periode no, her i Valle er det helst sauegj\u00f8dsel som vert spreidd ut over jordene. Den luktar ikkje s\u00e5 sterkt som naturgj\u00f8dsel fr\u00e5 kyr, som j\u00e6rb\u00f8ndene dynkar jorda med p\u00e5 denne tida. Eg h\u00f8yrde om ein bonde like ved ei kyrkje som elska \u00e5 spreide m\u00f8kk laurdag f\u00f8remiddag i h\u00f8veleg tid f\u00f8r bryllaupet, slik at brura skulle f\u00e5 merke kva ho eigentleg gjekk til. Problemet var at slik lukt sette seg i h\u00e5r og brurekjole og fylgde med til festen, heile kvelden vart ein minna om at det var v\u00e5r ved kyrkja. Heldigvis er det etter kvart blitt vanleg \u00e5 spreie gj\u00f8dsel p\u00e5 meir diskret m\u00e5te ved \u00e5 ha kort veg fr\u00e5 spreidemekanisme til jord og ikkje slik det var for ei tid tilbake, d\u00e5 spruten stod i veret og dr\u00e5pane kunne flyge lange vegar.<\/p>\n<p>**\u00c5 for ein str\u00e5lande morgon** er ein tekst som fell ein i tankane n\u00e5r ein k\u00f8yrer Riksveg 9 ein slik dag. Eit s\u00f8k etter teksten p\u00e5 Internett gjev denne lenka:<br \/>\nhttp:\/\/www.temaweb.net\/sider\/Perioder\/2verdkrig_Verda\/Musikk2vV\/musikk2vv.html<br \/>\nog der st\u00e5r det at songen er fr\u00e5 musicalen Oklahoma! i 1944. Hypertekstlenka der f\u00f8rer vidare til ein engelsk tekst om syngespelet, sj\u00e5: http:\/\/www.theatrehistory.com\/american\/musical014.html og vidare til<br \/>\nhttp:\/\/www.imagi-nation.com\/moonstruck\/albm36.html som har ein kort versjon av soga.<\/p>\n<p>Wikipedia p\u00e5 norsk har ein kort artikkel, sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Oklahoma%21 men med lenke til andre spr\u00e5k, og wikipedia p\u00e5 engelsk har ein flott artikkel om musicalen.<\/p>\n<p>\u00c5, for ein str\u00e5lande morgon, \u00e5, for ein str\u00e5lande dag.<br \/>\nStr\u00e5lande glad kan eg kjenna: lukka og eg er i lag.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sj\u00f8lv om det er frost om natta, er dagane uvanleg str\u00e5lande for tida. I dag var det 12 grader og str\u00e5lande sol. Det syner p\u00e5 kleda og, vi kastar av oss vinterhammen og finn lettare klede. Framleis er det mykje sn\u00f8 p\u00e5 fjellet, s\u00e5 den som tek seg ut p\u00e5 ski, kan kome att p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ein-stralande-vardag-4076717\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ein str\u00e5lande v\u00e5rdag<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4076717","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4076717"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4076717"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4076717\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4076717"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4076717"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4076717"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}