{"id":4063817,"date":"2008-04-18T22:18:18","date_gmt":"2008-04-18T22:18:18","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/04\/telefonstorm-4063817\/"},"modified":"2008-04-18T22:18:18","modified_gmt":"2008-04-18T22:18:18","slug":"telefonstorm-4063817","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/telefonstorm-4063817\/","title":{"rendered":"Telefonstorm"},"content":{"rendered":"<p>Eg veit ikkje kor mange som ringde inn i Open sending onsdagskvelden, men det gjekk varmt for seg ei stund utover kvelden mellom 21 og 22:30, s\u00e5 Gudrun Nomeland og eg hadde hendene fulle. I studio sat Britta Lise og Jorunn B\u00f8 Andersen og hadde laga rebusar p\u00e5 namna til dei tilsette i Hylestad barnehage. I tillegg hadde ho vore ute med opptakaren og f\u00e5tt dei til \u00e5 presentere seg og kome med eit plate\u00f8nske.<\/p>\n<p>Eit slikt opplegg f\u00f8rer til mange telefonar, for alle det var laga opptak av, ville automatisk stille inn radioen for \u00e5 h\u00f8yre seg sj\u00f8lv p\u00e5 lufta. Truleg ville og vener og kjende h\u00f8yre p\u00e5, og n\u00e5r dei f\u00f8rst h\u00f8yrer p\u00e5, kan dei jo og ringe inn svaret p\u00e5 rebusen. S\u00e5 vi hadde hendene fulle. Dei f\u00f8rste rebusane var det bare ein telefon som verka, det var straumbrot sist laurdag, og det hadde konsekvensar for programmeringa av telefonane v\u00e5re og, ikkje bare datamaskinane.<\/p>\n<p>Men etter kvart fekk teknikar Inga Flateland orden p\u00e5 telefonane og Jamie hadde f\u00e5tt orden p\u00e5 datasystema, s\u00e5 vi kunne finne musikk til eit par helsingar. Dermed gjekk sendinga p\u00e5 beste m\u00e5ten denne kvelden.<\/p>\n<p>Eg vil likevel peike p\u00e5 eit problem. Nokre innringarar disponerer fleire telefonar. N\u00e5r vi trekkjer ut kven som skal kome inn i studio, har vi hatt det som regel at om det er ein som har vore inne tidlegare same kvelden, s\u00e5 finn vi ein annan. Den som er med og ringer svar p\u00e5 alle rebusane, vil s\u00e5 langt det er r\u00e5d, bare kome inn ein gong. Det er fordi vi gjerne vil ha fleire stemmer fr\u00e5 lyttarane. Nummeret vert likevel registrert og ein er med ved trekking av krus og rose, som vert trekt mellom alle som ringer inn, ogs\u00e5 om ein ikkje har hatt prat med programleiarane.<\/p>\n<p>N\u00e5r s\u00e5 ein person disponerar fleire telefonar, g\u00e5r han rundt systemet v\u00e5rt. Det skjedde onsdagskvelden, d\u00e5 Jan Oddvar sat p\u00e5 Hovden og h\u00f8yrde p\u00e5 og vart trekt ut to gonger med ulike telefonnummer. Britta Lise vart noks\u00e5 overraska d\u00e5 ho m\u00f8tte same stemmen to gonger.<\/p>\n<p>Alt i alt var det ein sv\u00e6rt hyggeleg og informativ kveld, Mange av oss fekk vite at folk vi kjenner jobbar i Hylestad barnehage, utan at vi visste at dei hadde f\u00e5tt seg jobb der. Slik sett var det ei fin oppdatering av lokal kunnskap og ein god m\u00e5te \u00e5 spreie informasjon p\u00e5. Honn\u00f8r til Britta Lise som laga denne trivelege kvelden, og som og hadde f\u00e5tt med seg Jorunn B\u00f8 Andersen til \u00e5 vere med i studio fyrste gongen. Ingen kunne merke at det var premiere for henne, ho fall godt inn i samtale med Britta Lise og med dei som ringde inn og hadde svar. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg veit ikkje kor mange som ringde inn i Open sending onsdagskvelden, men det gjekk varmt for seg ei stund utover kvelden mellom 21 og 22:30, s\u00e5 Gudrun Nomeland og eg hadde hendene fulle. I studio sat Britta Lise og Jorunn B\u00f8 Andersen og hadde laga rebusar p\u00e5 namna til dei tilsette i Hylestad barnehage. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/telefonstorm-4063817\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Telefonstorm<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[49],"class_list":["post-4063817","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-open-sending"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4063817"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4063817"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4063817\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4063817"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4063817"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4063817"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}