{"id":4054403,"date":"2008-04-16T22:01:15","date_gmt":"2008-04-16T22:01:15","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/04\/straumbrot-har-konsekvensar-ein-ikkje-te-4054403\/"},"modified":"2008-04-16T22:01:15","modified_gmt":"2008-04-16T22:01:15","slug":"straumbrot-har-konsekvensar-ein-ikkje-te-4054403","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/straumbrot-har-konsekvensar-ein-ikkje-te-4054403\/","title":{"rendered":"Straumbrot har konsekvensar ein ikkje tenkjer p\u00e5"},"content":{"rendered":"<p>D\u00e5 eg kom i radioen i g\u00e5r og skulle ha tysdagssending, synte det seg at PC-ane var av, og d\u00e5 eg pr\u00f8vde \u00e5 kome p\u00e5 Internett, var det ur\u00e5d. Etter kvart er vi blitt ganske avhengige av \u00e5 ha tilgang til nettet, s\u00e5 eg ringde p\u00e5 mobilen til v\u00e5r tekniske sjef i Valle Radio. Men J\u00f8rund Georg var i Troms\u00f8, d\u00e5 var det ikkje mykje han kunne gjere for \u00e5 fikse dette. Eg m\u00e5tte difor endre noko p\u00e5 planen min for tysdagssendinga. I staden for det oppsette programmet Musikk og eit tema, sende eg Dameklubben fr\u00e5 Norea Radio. Det var for s\u00e5 vidt ganske likt den ideen eg hadde, tema var Mor og det var mykje fin musikk i den timen.<\/p>\n<p>Men tanken p\u00e5 at onsdagssendinga og skulle g\u00e5 utan Internett-tilgang var ikkje lysteleg. Etter at eg var ferdig med sendinga tysdagskvelden kom Britta Lise innom for \u00e5 finne musikk til Open sending. Det m\u00e5tte ho gje opp, utan Internett var det ikkje r\u00e5d \u00e5 laste ned den musikken ho trong. Heldigvis kunne ho l\u00f8yse det ved \u00e5 laste ned musikk heime, men d\u00e5 m\u00e5tte ho brenne det p\u00e5 ei plate og ta med i radioen, i staden for \u00e5 kunne laste det ned direkte til bruk i sendinga.<\/p>\n<p>I dag snakka eg med Jamie som arbeider saman med J\u00f8rund i IT-avdelinga til Valle kommune. Han sa at han kunne pr\u00f8ve \u00e5 finne ut kva som var problemet, og i eitt-tida gjekk vi saman ned i radiohuset for \u00e5 finne ut korleis det stod til. Han kunne raskt konstatere at det stod d\u00e5rleg til, men etter at han hadde vore ein tur i barnehagen og fiksa noko der, var det ein ny runde for \u00e5 sj\u00e5 om han kunne finne l\u00f8ysinga for radioen. Og sanneleg: Etter litt leiting fann han feilen og kunne sende melding om at det no var i orden.<\/p>\n<p>Stor takk til Jamie, d\u00e5 Britta Lise kom innom etter arbeidstid i dag, var det i orden og ho kunne finne den musikken vi hadde som ho skulle bruke. Jamie sjekka og at streaminga p\u00e5 Internett fungerte, noko som synte seg d\u00e5 vi i Open sending i kveld fekk telefon fr\u00e5 Oslo fr\u00e5 ein Start-patriot som likar \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 Valle Radio.<\/p>\n<p>Eg vil avslutte dette innlegget p\u00e5 bloggen med ein digresjon. Eg m\u00e5tte ha timen mellom 20 og 21 i kveld, d\u00e5 Bj\u00f8rgulv m\u00e5tte tilbake til sauene sine, som har begynt \u00e5 f\u00e5 lam. Eg valde \u00e5 presentere nokre nye plater vi har f\u00e5tt til radioen, mellom anna Annbj\u00f8rg Liens Waltz With Me. D\u00e5 eg spelte den fyrste, The Traveller, plinga ei tekstmelding inn p\u00e5 mobilen min. Det var Jamie, som skreiv: S\u00e5 flott at det endeleg kom folkemusikk i sendinga. Takk for det! Takken sender eg vidare til Kirsten, som sytte for at vi fekk den plata. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>D\u00e5 eg kom i radioen i g\u00e5r og skulle ha tysdagssending, synte det seg at PC-ane var av, og d\u00e5 eg pr\u00f8vde \u00e5 kome p\u00e5 Internett, var det ur\u00e5d. Etter kvart er vi blitt ganske avhengige av \u00e5 ha tilgang til nettet, s\u00e5 eg ringde p\u00e5 mobilen til v\u00e5r tekniske sjef i Valle Radio. Men &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/straumbrot-har-konsekvensar-ein-ikkje-te-4054403\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Straumbrot har konsekvensar ein ikkje tenkjer p\u00e5<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4054403","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4054403"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4054403"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4054403\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4054403"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4054403"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4054403"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}