{"id":4027824,"date":"2008-04-10T22:55:25","date_gmt":"2008-04-10T22:55:25","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/04\/ronnaug-torvik-i-operakoret-4027824\/"},"modified":"2008-04-10T22:55:25","modified_gmt":"2008-04-10T22:55:25","slug":"ronnaug-torvik-i-operakoret-4027824","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ronnaug-torvik-i-operakoret-4027824\/","title":{"rendered":"R\u00f8nnaug Torvik i Operakoret"},"content":{"rendered":"<p>I samband med innviinga av Den Norske Opera er det etablert eit kor med representantar fr\u00e5 dei fleste kommunane i Noreg. Valle har ingen representant med, men R\u00f8nnaug Torvik fr\u00e5 Bykle har f\u00e5tt plass i det 450 stemmers store koret. Det var opprinneleg plan at det skulle vore end\u00e5 st\u00f8rre, men ein meinte at det vart for tungt for konstruksjonen om det kom 150 songarar til.<\/p>\n<p>Det dei skal syngje er Slavekoret fr\u00e5 Nebukadnesar av Verdi. Eg m\u00e5tte til dansk wikipedia for \u00e5 finne ei lenke til denne operaen, http:\/\/da.wikipedia.org\/wiki\/Nabucco<\/p>\n<p>Onsdagskvelden hadde \u00d8yvind Jacob ein prat med R\u00f8nnaug om arbeidet f\u00f8r konserten. Dei hadde hatt ei samling i Oslo og \u00f8vd p\u00e5 stykket, og i dag reiste ho inn for \u00e5 gjere siste finpussen saman med alle dei andre.<\/p>\n<p>P\u00e5 denne m\u00e5ten fekk R\u00f8nnaug h\u00f8ve til \u00e5 vere med p\u00e5 ei historisk hending. Om ein skulle kj\u00f8pe billett, m\u00e5tte ein vere sponsor med minst 250.000 kroner i sponsoravtalen. Og bare 200 ordin\u00e6re billettar var til sals.<\/p>\n<p>Heldigvis vil ein kunne sj\u00e5 det p\u00e5 NRK1 laurdagskvelden. R\u00f8nnaug meinte det skulle sendast om lag klokka 21.15, s\u00e5 her er det bare \u00e5 setje seg ned og fylgje med i programmet.<\/p>\n<p>R\u00f8nnaug fortalde og at dei sundag skulle f\u00e5 omvisning i huset f\u00f8r dei dreg heim att, og at ho gledde seg til det, for om ein reiser inn som vanleg gjest til ei framsyning, f\u00e5r ein ikkje h\u00f8ve til slikt.<\/p>\n<p>Vi kryssar fingrar for henne og ynskjer god tur og god sang.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I samband med innviinga av Den Norske Opera er det etablert eit kor med representantar fr\u00e5 dei fleste kommunane i Noreg. Valle har ingen representant med, men R\u00f8nnaug Torvik fr\u00e5 Bykle har f\u00e5tt plass i det 450 stemmers store koret. Det var opprinneleg plan at det skulle vore end\u00e5 st\u00f8rre, men ein meinte at det &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ronnaug-torvik-i-operakoret-4027824\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">R\u00f8nnaug Torvik i Operakoret<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-4027824","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4027824"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4027824"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4027824\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4027824"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4027824"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4027824"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}