{"id":3988422,"date":"2008-04-02T22:37:22","date_gmt":"2008-04-02T22:37:22","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/04\/kommunen-informer-2-april-3988422\/"},"modified":"2008-04-02T22:37:22","modified_gmt":"2008-04-02T22:37:22","slug":"kommunen-informer-2-april-3988422","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kommunen-informer-2-april-3988422\/","title":{"rendered":"Kommunen informer 2. april 2008"},"content":{"rendered":"<p>Denne kvelden skulle Unn-Merethe Nordby vore med i Kommunen informerer. Men noko hadde kome p\u00e5 for henne i dag, s\u00e5 Ingvar Nes kom i staden. Men han hadde med seg fleire saker som var relatert til avdelinga:<\/p>\n<p>**Transport**<br \/>\nDet har vore vanskeleg med transport til dagsenteret 118b, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Psykisk Helse og Habilitering. P\u00e5 dagsenteret 118b har dei nyleg innreidd loftsetasjen, slik at det skal verte betre plass for brukarane, og det syner seg at det er s\u00e5 stor etterspurnad etter eit slikt tilbod at ein har lyst etter milj\u00f8arbeidar i halv stilling.<\/p>\n<p>Men det har og vore vanskar med transport generelt i kommunen etter at Gunnar E. Helle gav opp drosjek\u00f8yringa. Med bare eitt l\u00f8yve i kommunen har det vore vanskeleg \u00e5 rekke over alle. Men no er det kome ein bil til hos l\u00f8yvehavaren som er att, og han har f\u00e5tt ein sj\u00e5f\u00f8r ekstra, s\u00e5 no er det von om at situasjonen skal betre seg.<\/p>\n<p>**Demens**<br \/>\nDet er oppretta eit demensteam som skal lage rutinar for utgreiing av demenssjukdomar. Teamet er breitt samansett med lege, fysioterapeut, vernepleiar og sjukepleiar. Dei skal gje kommunen sine innbyggjarar informasjon om demens og syte for at det kjem tilbod til personar som er ramma av demens og p\u00e5r\u00f8rande. Dei skal og finne gode metodar for utgreiing av demenstilstander og arbeide med \u00e5 opprette tilbod om dagsenter for brukargruppa. Dagsenter er eit godt middel i mange situasjonar, kunne Ingvar Nes fortelje.<\/p>\n<p>**Kommunikasjon**<br \/>\nI samband med planen for kompetanseheving skal avdelinga ha kurs p\u00e5 S\u00f8lvgarden 16. april. Tema er Kommunikasjon med eldre menneske. F\u00f8redragshaldaren Ken Heap kjem fr\u00e5 Oslo, han har skrive boka <em>Gruppemetode for sosial- og helsearbeidere<\/em>, som har kome i mange opplag. Men han har og skrive <em>Samtalen  i eldreomsorgenKommunikasjon . Minner. Kriser. Sorg Kommuneforlaget 1994<\/em> Den boka kan kanskje vere eit grunnlag for kurset. I eit anna innlegg p\u00e5 bloggen skal eg hente litt stoff fr\u00e5 den boka.<\/p>\n<p>**Ny leiar i Open omsorg**<br \/>\nMonique Jore sluttar i stillinga som avdelingssjukepleiar i open omsorg etter mange \u00e5r. Ho skal jobbe som sjukepleiar ved sjukeheimen fr\u00e5 15. mai. Ny i stillinga er Ingebj\u00f8rg Haugen, som har lang erfaring som sjukepleiar i open omsorg. Ho tek til 1. mai.<\/p>\n<p>**Fem dagars skuleveke**<br \/>\nIngvar kunne fortelje at administrasjonen innstiller til politikarane \u00e5 vedta fem dagars skuleveke ogs\u00e5 i sm\u00e5skulen fr\u00e5 neste \u00e5r. Grunnen er at Stortinget har vedteke \u00e5 auke timetalet i norsk, engelsk og matematikk p\u00e5 barnetrinnet. Det vil endre situasjonen for mange som no har lagt opp til \u00e5 ha fri fr\u00e5 jobb onsdagane for \u00e5 vere heime med borna. No vil dei vere p\u00e5 skule alle dagar i veka. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Denne kvelden skulle Unn-Merethe Nordby vore med i Kommunen informerer. Men noko hadde kome p\u00e5 for henne i dag, s\u00e5 Ingvar Nes kom i staden. Men han hadde med seg fleire saker som var relatert til avdelinga: **Transport** Det har vore vanskeleg med transport til dagsenteret 118b, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Psykisk Helse og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kommunen-informer-2-april-3988422\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kommunen informer 2. april 2008<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[36],"class_list":["post-3988422","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-kommunen-informerer"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3988422"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3988422"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3988422\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3988422"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3988422"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3988422"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}