{"id":3874283,"date":"2008-03-14T00:29:47","date_gmt":"2008-03-14T00:29:47","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/03\/meir-om-hermine-3874283\/"},"modified":"2008-03-14T00:29:47","modified_gmt":"2008-03-14T00:29:47","slug":"meir-om-hermine-3874283","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-hermine-3874283\/","title":{"rendered":"Meir om Hermine 1"},"content":{"rendered":"<p>Etter kvart har eg hamna p\u00e5 leiting etter Hermine Bernhoft Osa (f\u00f8dd 1865). http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Hermine_Bernhoft_Osa  Eg lurte p\u00e5 korleis ho og Lars (f\u00f8dd 1860) kom saman, han ein spelemann og m\u00e5lar fr\u00e5 Hardanger, ho var f\u00f8dd i Oslo etter det eg har funne ut. D\u00e5 eg fortalde Lisbeth p\u00e5 biblioteket i Valle om dette, sa ho at ho hadde ei bok om son deira, Sigbj\u00f8rn, den siterte eg litt fr\u00e5 p\u00e5 bloggen i g\u00e5r, og s\u00e5 ei som Lars Osa sj\u00f8lv hadde skrive om livet sitt: <em>Med pensel og feleboge. Minne fr\u00e5 ein lang arbeidsdag i stilla og i storm.<\/em><\/p>\n<p>Ho m\u00e5tte i magasinet, men sj\u00f8lv om ho sa det var noko uoversiktleg der akkurat no, s\u00e5 fann ho den. Der kunne eg lese om Lars Osa som fekk med eit bilete p\u00e5 verdsutstillinga i Paris i 1890, biletet Faderen. Bak i boka er det svart-kvitt-bilete av m\u00e5lariet, men p\u00e5 Internett fann eg eit fargebilete og, det syner seg at det er 133 x 165 cm. Sj\u00e5 http:\/\/tinyurl.com\/mhkkcz<\/p>\n<p>**Fr\u00e5 side 53 i boka skriv Lars Osa: **<\/p>\n<p>Den som berre hadde kunna slege fylgje. Tanken haka seg fast i meg, end\u00e5 so stengd som vegen til Paris syntest vera for meg. D\u00e5 var det ein ven som talde meg til at eg skulle s\u00f8kja um eit lite stipend heime i Ulvik, K\u00f8lles legat heitte det. Ja, ja, det duger ingen ting ufreista. S\u00f8kte so eg um 300 kroner, og fekk deim.<\/p>\n<p>Med stor trott vitja eg det store sj\u00e5et, og var trufast gjest i dei namnfr\u00e6ge kunstsamlingane i byen. Og eg s\u00e5g meg um i Paris. For ein rik og fager by!<\/p>\n<p>Men det st\u00f8rste og merkelegaste var noko som hende burtanfor all tanke og plan.<\/p>\n<p>Det byrja med det, at ein dag som eg gjekk ikring p\u00e5 sj\u00e5et (verdsutstillinga) og skoda p\u00e5 sakene og var langt inne i mine eigne tankar, der veit eg ikkje av fyrr det stend tvo menneske attmed meg og helsar, ein kar og ei kvinna. Karen kjende eg, &#8211; eg hadde helsa p\u00e5 han i Oslo. Der var han vel kjend, eller vart det i vissa seinare, fr\u00e5 revyar som han skreiv teksti til, og fr\u00e5 &#8220;Norske Intelligenssedler&#8221;, som han var medarbeider i, likeeins fr\u00e5 skjemteblad (S\u00f8ren i &#8220;Karikaturen&#8221;). Han heitte Thorvald Bernhoft, og hadde visst eit journalist-stipend til heim-sj\u00e5et i Paris. Ho som var med han, det var syster hans. Ho heitte Hermine Bernhoft, og det namnet var heller ikkje ukjent millom folk som f\u00f8lgde med i bokheimen. For ho hadde gjeve ut velgjetne b\u00f8ker, helst barneb\u00f8ker, sume umsette fr\u00e5 fransk, sume som hadde teke av seg sj\u00f8lv: &#8220;Den som liten er&#8221;, &#8220;Smaatraak&#8221; og kva dei no heitte. Serleg fekk ho vell\u00e6ta for lett og fin stiling. Henne hadde eg ikkje sett fyrr, og visst ikkje ho meg heller, end\u00e5 me hadde butt eit \u00e5rs tid like attmed kvarandre, i kvar sitt av tvo grannehus i Sofiegata i Oslo. Det var d\u00e5 mest snodigt at me inkje hadde fenge auga p\u00e5 kvarandre fyrr; men so gjorde me det til vederlag so mykje grundigare her i Paris, og det byrja med same bror hennar hadde gjort oss kjende. Kjennskapen auka p\u00e5, i storom, kan eg vel segja, i dei tvo vekone me hadde framfyre oss til \u00e5 vera saman i, fyrr eg m\u00e5tte fara heim att.<\/p>\n<p>Meir om dette seinare&#8230;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter kvart har eg hamna p\u00e5 leiting etter Hermine Bernhoft Osa (f\u00f8dd 1865). http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Hermine_Bernhoft_Osa Eg lurte p\u00e5 korleis ho og Lars (f\u00f8dd 1860) kom saman, han ein spelemann og m\u00e5lar fr\u00e5 Hardanger, ho var f\u00f8dd i Oslo etter det eg har funne ut. D\u00e5 eg fortalde Lisbeth p\u00e5 biblioteket i Valle om dette, sa ho &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-hermine-3874283\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir om Hermine 1<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[51],"class_list":["post-3874283","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-osa"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3874283"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3874283"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3874283\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3874283"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3874283"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3874283"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}