{"id":386781,"date":"2005-12-14T18:30:46","date_gmt":"2005-12-14T18:30:46","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2005\/12\/nyhetstimen_og_kommunen_informerer14_des386781\/"},"modified":"2005-12-14T18:30:46","modified_gmt":"2005-12-14T18:30:46","slug":"nyhetstimen_og_kommunen_informerer14_des386781","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nyhetstimen_og_kommunen_informerer14_des386781\/","title":{"rendered":"Nyhetstimen og Kommunen informerer 14. desember 2004"},"content":{"rendered":"<p>Ansvarleg Theis Salvesen med Anna Stella Karlsdottir p\u00e5 Setesdalsmuseet som kveldens gjest.<\/p>\n<p>1. Til innleiing snakka dei om <strong>jolefeiring p\u00e5 Island<\/strong>, mellom anna om dei 13 nissane fr\u00e5 f\u00f8r-kristen tid. Dei snille fekk gode g\u00e5ver, dei som ikkje hadde vore snille, fekk ei potet. Men no er det jolekrybber og alle andre kristne innslag i jolefeiringa der.<\/p>\n<p><strong>2. Heimf\u00f8ring av <\/strong>hus fr\u00e5 Aust-Agder Museet til Setesdalsmuseet.<br \/>\nDette er ikkje aktuell politikk, ein g\u00e5r ikkje i andre sitt smykkeskrin sj\u00f8lv om vi hadde felles bestemor, sa Anna Stella Karlsdottir, som ogs\u00e5 fortalde at om det skulle kome heimlause bygningar, s\u00e5 har dei ei stor tomt p\u00e5 Bjugsbakk med plass til ulike typar bygningar.<\/p>\n<p>3. <strong>Rolling Stones<\/strong> sin konsert i Bergen til sumaren vart seld ut p\u00e5 32 minutt. Musikk av dei var innslag i sendinga.<\/p>\n<p>4. Theis fortel at han har vore med Arne Tronsen og fiska med oter og f\u00e5tt mykje fisk. Han spurde om det var lovleg, og Tom Arild Homme sa at det var greitt om ein hadde lov av grunneigar og hadde l\u00f8yst fiskekort.<\/p>\n<p>Som konsulent har Tom Arild Homme f\u00e5tt oppdrag \u00e5 arbeide for \u00e5 <strong>utvikle Otra som fiske-elv <\/strong> og f\u00e5 alle involverte partar til \u00e5 vere med p\u00e5 dette; grunneigarar, turistar, kraftverk, kommunar og s\u00e5 vidare. Krypsivproblematikken fylgjer ikkje kommunegrenser, s\u00e5 her m\u00e5 alle involverte engasjere seg.<\/p>\n<p>Forvaltning av fiskebestand og \u00f8rekyteproblematikken er andre oppg\u00e5ver i denne samanhengen. Tom Arild har vore interessert i dette fr\u00e5 han var liten. No kan han leve av det, men tilskot over Statsbudsjettet til innlandsfiskeoppdrag er sm\u00e5 og gjeld mest kalking og fiske etter laks.<\/p>\n<p>Han er konsulent knytt til Bykle kommune, han har oppdrag for krypsivfondet sitt innfrysingsprosjekt, det var fors\u00f8k for 15 \u00e5r sidan, no er det prosjekt. Det var store lokale endringar i resultatet, ein vonar at det skal g\u00e5 greitt i \u00e5r, for Heknidammen, Tjurrmo dam, er ny og skapar nye problem. I Bygland er det ogs\u00e5 krypsiv, ein vonar at dette skal ogs\u00e5 forsvinne, det er d\u00e5rlege levek\u00e5r for krypsiv i \u00c5raksfjorden.<\/p>\n<p>5. Bruce Springsteen: <strong>The River <\/strong> passar jo godt etter dette innslaget.<\/p>\n<p>6. Ellen Mordal p\u00e5 telefon f\u00f8r <strong>jolekonserten:<\/strong><br \/>\nTorsdag klokka 18:00 Bluesgruppe for 2-5 \u00e5r. I Storstoga, Kultursenteret i Valle<br \/>\nS\u00f8ndag klokka 17:00 saman med Bykle songlag og Byklekorpset<br \/>\nS\u00f8ndag klokka 19:30 saman med Valle-korpset og solistar<\/p>\n<p>Kulturskolen i Valle har prosjektsamarbeid med kulturskolen i Bykle<\/p>\n<p>7. \u00c5 h\u00f8yre Arild Andersen p\u00e5 <strong>Setesdalsmuseet<\/strong> d\u00e5 Kirsten Br\u00e5ten Berg vart sl\u00e5tt til ridder av f\u00f8rste klasse av St. Olavs orden var ei stor oppleving. Folketonar p\u00e5 bass var ein spesiell sak. Kirsten er Setesdalsmuseets mor, dei f\u00e5r to millionar direkte over Statsbudsjettet, og \u00e5rets budsjett har truleg ein auke p\u00e5 500.000. Det skal ikkje brukast p\u00e5 ein ny stilling, men til konsolidering.<\/p>\n<p>8. Glade jol p\u00e5 islandsk.<\/p>\n<p>9. Theis fekk fyrste gong jolestemning i slutten av november, for d\u00e5 fekk han vite at to av borna hans skal ikkje vere heime i jola, s\u00e5 dei \u00e5t spa p\u00e5 f\u00f8rehand. Gabriel skal vere p\u00e5 sj\u00f8en og <strong>Gunvor er i Phuket i Thailand <\/strong>akkurat no, s\u00e5 d\u00e5 var det naturleg \u00e5 ta ein telefon til henne. Ho fortalde at ho er p\u00e5 tur i omr\u00e5da der tsunamien r\u00e5ka, mykje er forandra i h\u00f8ve til f\u00f8r, seier dei som hadde vore her f\u00f8r det skjedde. Det er varmt i vatnet, massasje kostar ikkje noko, ein lever som dronningar. F\u00f8r ho kom til Asia var ho i Australia. Der hoppa ho i fallskjerm, det f\u00f8ltest ikkje bra, men etterp\u00e5 var det g\u00f8y \u00e5 ha gjort det. I dag kom det pakke fr\u00e5 Singapore til prestegarden. Etterp\u00e5 skal dei til India og Nepal og p\u00e5 dagstur til Tibet. Gunvor reiser saman med kusine Mette og Siri fr\u00e5 Mandal. I Brisbane budde ho hos Beth Lunden, i Surfer&#8217;s Paradise budde ho hos Peer Ole Jacob. No er ho saman med Beth og Kjetil. Ho kjem heim 10. januar.<\/p>\n<p>10. Islandsk salme: \u00c5 fader, gi meg styrke.<\/p>\n<p>11. Religionsundervisning p\u00e5 <strong>Island<\/strong> er ikkje bare kristendom, men generelt om religion. Men skal ein verte islandsk statsborgar m\u00e5 ein ta eit islandsk namn.<\/p>\n<p>12. Leif Kvinlog kommenterte om den nye ordninga ved religionsundervisning. Kven er det som skal tenke, er det l\u00e6raren, rekt\u00f8r, skolestyre. P\u00e5 kysten var det ein l\u00e6rar som gjerne ville ha yoga i timen, men det var problematisk.<\/p>\n<p>Religionsut\u00f8ving er ein privatsak, s\u00e5 fast bordvers som bordb\u00f8nn er ikkje lenger aktuelt. Det som er viktig, er at foreldrene f\u00e5r informasjon slik at dei kan ta stilling til situasjonen p\u00e5 f\u00f8rehand. Om presten vil ha ein minigudsteneste under eit skulebes\u00f8k, b\u00f8r foreldrene f\u00e5 vite om det og ta avgjerd for sine barn.<\/p>\n<p>Korleis er det med <strong>jolegudstenesta<\/strong>? Vi hadde det oppe i FAU, og m\u00e5 vere medvitne. Valle skule har ikkje lagt opp til endring i h\u00f8ve til tidlegare \u00e5r. Om skulen skal stille krav, kan det like godt vere i gymsalen med eige opplegg.<\/p>\n<p>FN har stilt krav til KRL-faget slik at vektinga er litt annleis no. Det har vore oppe som sak i personalet, men ein hadde alt justert seg noko i h\u00f8ve til tidlegare.  Valle og Hylestad har vore homogent i alle \u00e5r, men n\u00e5r det kom flyktningar, m\u00e5tte ein justere noko. F\u00f8rst og fremst gjeld det KRL, men ogs\u00e5 heimkunnskap vert p\u00e5verka ettersom nokre ikkje kan ha svinekj\u00f8t. Valle skule har f\u00e5tt nokre sp\u00f8rsm\u00e5l fr\u00e5 norske foreldre, men dei har vore f\u00e5.<\/p>\n<p>12. Ane Brun og Sivert H\u00f8yem: Lift me<\/p>\n<p><strong>Kommunen informerer<\/strong><br \/>\nVaraordf\u00f8rer Olaf Henrik Homme &#8211; 40% P\u00e5 dagens formannskapsm\u00f8te var han fungerande ordf\u00f8rar.<\/p>\n<p><strong>Opning i romjula: <\/strong><br \/>\nR\u00e5dhuset og helsehuset 10-14<br \/>\nLegekontoret 8-15<\/p>\n<p><strong>\u00c5rskort i Brokke<\/strong><br \/>\nOgs\u00e5 skuleelevar som ikkje h\u00f8yrer til i Valle kommune, kan f\u00e5 dekt halvparten p\u00e5 same m\u00e5te som alle fastbuande.<\/p>\n<p><strong>Ljosl\u00f8ypa i Brokke<\/strong> skal vere 5,5 km og koste 8 millionar, entrepren\u00f8ren er fr\u00e5 Iveland, breidda er p\u00e5 6-9 meter slik at ein kan starte Sesil\u00e5mi i traseen. Men kulvert over bekk og ljos kjem ikkje f\u00f8r til v\u00e5ren. Om bekken frys kan ein lage l\u00f8ypa over bekken.<\/p>\n<p>N\u00e5r konsertane er til sundag, siste helga f\u00f8r jol, er Theis p\u00e5 jolebord i Farsund.<\/p>\n<p>Musikk: <strong>King of the road <\/strong> med Elvis Presley<\/p>\n<p>Geit\u00e5sen, <strong>\u00c5san II, det nye bustadfeltet p\u00e5 Rysstad<\/strong>. Det skal vere anbodsbefaring over ny\u00e5r. Tildeling av tomter kan verte i august\/ september. Det st\u00e5r mange p\u00e5 lista og er interesserte i tomter der.<\/p>\n<p><strong>Reimarmoen<\/strong> er stengt i romjola. Men det er ope m\u00e5ndag fyrstkomande.<\/p>\n<p>No kjem det <strong>nytt rekkverk <\/strong>til trappa ved det gamle kommunehuset\/ biblioteket<\/p>\n<p><strong>Buss-skur p\u00e5 Rysstad <\/strong>kjem ogs\u00e5 f\u00f8r jol. Men <strong>badinga<\/strong> er stengt no, dei t\u00f8mde bassenget i dag.<\/p>\n<p>P\u00e5 <strong>Hylestad skule <\/strong>skal dei pusse opp personaldelen etter jol. Parkeringsplassen skal vere ferdig no til jol. <strong>Valle skule <\/strong>skal pussast opp for 35 millionar over fleire \u00e5r.<\/p>\n<p>Det skal lagast ein <strong>skiltplan for sentrum <\/strong>i Valle, men p\u00e5 Rysstad kjem det skilt med temperatur og klokke.<\/p>\n<p><strong>Flaggstanga<\/strong> utanfor kommunehuset i Valle er borte no og m\u00e5 kome opp att.<\/p>\n<p>Cheerio avslutta halvtimen<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ansvarleg Theis Salvesen med Anna Stella Karlsdottir p\u00e5 Setesdalsmuseet som kveldens gjest. 1. Til innleiing snakka dei om jolefeiring p\u00e5 Island, mellom anna om dei 13 nissane fr\u00e5 f\u00f8r-kristen tid. Dei snille fekk gode g\u00e5ver, dei som ikkje hadde vore snille, fekk ei potet. Men no er det jolekrybber og alle andre kristne innslag i &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nyhetstimen_og_kommunen_informerer14_des386781\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Nyhetstimen og Kommunen informerer 14. desember 2004<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-386781","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/386781"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=386781"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/386781\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=386781"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=386781"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=386781"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}