{"id":3844692,"date":"2008-03-09T22:17:37","date_gmt":"2008-03-09T22:17:37","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/03\/i-utkanten-3844692\/"},"modified":"2008-03-09T22:17:37","modified_gmt":"2008-03-09T22:17:37","slug":"i-utkanten-3844692","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/i-utkanten-3844692\/","title":{"rendered":"I utkanten"},"content":{"rendered":"<p>Etter ei god natt vakna vi til ein morgon med eit par centimeter sn\u00f8 i dag. Men himmelen viste bl\u00e5e flekkar mellom det gr\u00e5, s\u00e5 vi var positive der vi \u00e5t frokost, smurde nistepakke og gjorde klar for tur til Furest\u00f8yl og vidare til Sinnes for James. Eg var sj\u00e5f\u00f8r, s\u00e5 eg skulle heim att etterp\u00e5. Ved halv ni-tida la vi i veg.<\/p>\n<p>Er det nesten bart nede i dalen, s\u00e5 er det nesten ein meter med sn\u00f8 i omr\u00e5det ved Furest\u00f8yl, og p\u00e5 parkeringsplassen var det studd saman ein horde med bussar. Bussen fr\u00e5 Valle starta halv sju, no stod den oppe og var venterom for dei som skulle starte utetter dagen. Tilsvarande var det for dei som kom fr\u00e5 Mandal med buss. N\u00e5r alle hadde starta, kunne bussane ta fatt p\u00e5 turen ned dalen til Evje, vidare til Tonstad og s\u00e5 opp Sirdal til Sinnes.<\/p>\n<p>Ti p\u00e5 ni sette eg passasjeren min av og \u00f8nska han god tur. S\u00e5 rygga eg meg ut i kanten for \u00e5 sj\u00e5 litt p\u00e5 det yrande livet p\u00e5 den store parkeringsplassen. Eg tenkte p\u00e5 Sigmund som var p\u00e5 ein matstasjon inne p\u00e5 heia dei \u00e5ra han gjekk p\u00e5 skule i Valle. Det er eit stort dugnadsapparat som m\u00e5 til for \u00e5 f\u00e5 avvikle eit slikt renn. \u00d8yvind Jacob var speakar og talde ned til start. Klokka ni starta menn mellom 15 og 30 \u00e5r, og s\u00e5 gjekk det slag i slag utover. D\u00e5 hadde dei fyrste vore i l\u00f8ypa fr\u00e5 halv \u00e5tte, men like fullt var det nesten som tog som la i veg innover i heia.<\/p>\n<p>Eg var ikkje den einaste sj\u00e5f\u00f8ren i liten bil p\u00e5 Furust\u00f8yl denne morgonen. Fleire gjekk ut av bilen og tok bilete av den som skulle g\u00e5, f\u00f8r dei tok fatt p\u00e5 turen mot Sirdal for \u00e5 hente. Eg heldt meg inne, etter kvart var det blitt ganske oppk\u00f8yrt, med store hol i isdekket\/ sn\u00f8en. S\u00e5 etter \u00e5 ha snust litt p\u00e5 folkelivet, la eg meg mellom dei fyrste bussane og rulla ned Brokkebakken til Nomeland att. Der drog bussane mot s\u00f8r, medan eg drog heim att til Valle.<\/p>\n<p>No er l\u00f8pet over. Kor lang tid dei brukte, dei eg kjenner, har ikkje vore r\u00e5d \u00e5 f\u00e5 opp p\u00e5 skjermen min enno. Truleg er det mange som leitar i listene i kveld, for sidene vert ikkje viste. Men her er heimesidene, du kan sj\u00e5 sj\u00f8lv: http:\/\/www.sesilami.no\/<\/p>\n<p>Tor Joar Ravndal vann for 9. gong i \u00e5r. Han er fr\u00e5 Gjesdal IL, eg sender gratulasjonar til min opphavskommune s\u00e5 vel som til arrang\u00f8rane for gjennomf\u00f8ringa. Mot ganske mange odds verkar det som om gjennomf\u00f8ringa var grei.<\/p>\n<p>I fjor var det sett ned ein komite som skulle sj\u00e5 p\u00e5 kva ein kunne gjere for \u00e5 utnytte Sesil\u00e5mi betre i Valle. Korleis det gjekk med det arbeidet har eg ikkje sett noko om. Kanskje Valle Radio b\u00f8r ta ein prat med assisterande rennleiar Tarald Myrum fr\u00e5 Valle IL for \u00e5 gje lyttarane svar p\u00e5 kva dei kom fram til. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter ei god natt vakna vi til ein morgon med eit par centimeter sn\u00f8 i dag. Men himmelen viste bl\u00e5e flekkar mellom det gr\u00e5, s\u00e5 vi var positive der vi \u00e5t frokost, smurde nistepakke og gjorde klar for tur til Furest\u00f8yl og vidare til Sinnes for James. Eg var sj\u00e5f\u00f8r, s\u00e5 eg skulle heim att &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/i-utkanten-3844692\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">I utkanten<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3844692","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3844692"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3844692"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3844692\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3844692"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3844692"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3844692"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}