{"id":3838437,"date":"2008-03-08T19:46:29","date_gmt":"2008-03-08T19:46:29","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/03\/for-sesilami-3838437\/"},"modified":"2008-03-08T19:46:29","modified_gmt":"2008-03-08T19:46:29","slug":"for-sesilami-3838437","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/for-sesilami-3838437\/","title":{"rendered":"F\u00f8r Sesil\u00e5mi"},"content":{"rendered":"<p>Under sendinga fredag 7. mars var Sesil\u00e5mi tema. Rolf Erik hadde laga rebusar som var relevante i h\u00f8ve til arrangementet, og eg plussa p\u00e5 med nokre p\u00e5 slutten d\u00e5 det synte seg at ein trong fleire. Men det var ikkje mange av dei som ringte inn som skulle g\u00e5 l\u00f8pet. Ikkje mange av dei som ringte inn hadde g\u00e5tt l\u00f8pet heller. Men svara kom utan problem. Ei av dei han snakka med hadde vore i transportgruppa som frakta heim dei som braut rennet. Elles hadde nok dei fleste bare erfaring fr\u00e5 turar over fjellet p\u00e5 sommarf\u00f8re.<\/p>\n<p>Noko anna var det d\u00e5 eg i dag m\u00f8tte James Karlsen p\u00e5 Soknehuset. Han er debutant i \u00e5r, men har 40 mil bak seg i l\u00f8yper p\u00e5 Hovden denne vinteren. Son hans, Sindre, gjekk i fjor og kytte av turen, d\u00e5 gjekk den i str\u00e5lande sol. Men eg s\u00e5g folk med 15-\u00e5rsmerke p\u00e5 skidressen, og Gunnar Brottveit p\u00e5 Valle Handel har vel g\u00e5tt alle med unntak av eitt renn. Kollegaen min p\u00e5 vaksenoppl\u00e6ringa i Valle, \u00d8ystein Berg, har g\u00e5tt fleire gonger no og satsar p\u00e5 \u00e5 g\u00e5 i \u00e5r ogs\u00e5. Mest kvar dag etter jol, n\u00e5r veret har vore lagleg, har han trent i lysl\u00f8ypa p\u00e5 Furest\u00f8yl. Medan eg sat og venta p\u00e5 at James skulle hente nummeret, kom ein H\u00e5-bu eg har vore i selskap med hos presten p\u00e5 Varhaug bort til meg, han var og klar for ein stri tur over fjellet. For regnet silte ned.<\/p>\n<p>I Soknehuset hadde bygdekvinnelaget rigga til kaf\u00e9 der folk kunne f\u00e5 kaffe og litt \u00e5 bite i medan dei venta. Det var sm\u00f8rjetips \u00e5 f\u00e5 for den som var usikker p\u00e5 kva han skulle sm\u00f8rje med, om du hadde feil ski, kunne du f\u00e5 kj\u00f8pe nye i ausande regn utanfor soknehuset. I storsalen var det utleige av madrassar for dei som skulle sove der, 100 personar hadde f\u00e5tt plass i roma etter det eg skj\u00f8na. D\u00e5 eg var der, stod det tre turbussar p\u00e5 parkeringsplassen, i tillegg var det ganske mange bilar. Og regnet silte ned.<\/p>\n<p>Vi tok oss ein tur p\u00e5 Sylvgarden, vi var tidlege. Sj\u00f8lv om dei hadde bryllaup i kjellaren, venta dei storinnrykk til middag litt seinare p\u00e5 kvelden. Og alle senger var opptekne der og. Som vanleg ligg det folk i alle hus denne helga, bedehuset p\u00e5 Nomeland er fullt av skil\u00f8parar komande natt. Medan vi sat p\u00e5 Sylvgarden, tok dei fyrste til \u00e5 kome inn. Og d\u00e5 vi gode og mette drog fr\u00e5 Rysstad, silte det framleis ned.<\/p>\n<p>Om det er sn\u00f8 i h\u00f8gda, har dei ein stri t\u00f8rn med \u00e5 halde l\u00e5ma open. Vermeldinga ser ikkje ut til \u00e5 vere p\u00e5 arrangementet si side n\u00e5r det gjeld nedb\u00f8r. Men n\u00e5r det gjeld vind, reknar ein med h\u00f8velege forhold i fjellet. Her er lenke til Sesil\u00e5mi p\u00e5 Internett: http:\/\/www.sesilami.no\/<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Under sendinga fredag 7. mars var Sesil\u00e5mi tema. Rolf Erik hadde laga rebusar som var relevante i h\u00f8ve til arrangementet, og eg plussa p\u00e5 med nokre p\u00e5 slutten d\u00e5 det synte seg at ein trong fleire. Men det var ikkje mange av dei som ringte inn som skulle g\u00e5 l\u00f8pet. Ikkje mange av dei som &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/for-sesilami-3838437\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">F\u00f8r Sesil\u00e5mi<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3838437","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3838437"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3838437"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3838437\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3838437"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3838437"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3838437"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}