{"id":3794927,"date":"2008-02-28T22:08:37","date_gmt":"2008-02-28T22:08:37","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/02\/valle-sparebank-3794927\/"},"modified":"2008-02-28T22:08:37","modified_gmt":"2008-02-28T22:08:37","slug":"valle-sparebank-3794927","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/valle-sparebank-3794927\/","title":{"rendered":"Valle Sparebank"},"content":{"rendered":"<p>Valle Sparebank er sponsor for Valle Radio og gjev oss kvart \u00e5r eit bel\u00f8p til drifta av radioen. I kveld var det innskytarvalm\u00f8te, som vanleg halde i kjellaren p\u00e5 Menighetshuset i Valle. Det er **Bj\u00f8rg Brokka Rike** som er formann i forstandarskapet til Valle Sparebank, og i kveld skulle det veljast to forstanderskapsmedlemer for fire \u00e5r og tre varamedlemer for eitt \u00e5r.<\/p>\n<p>Kunngjering av valet var gjort ei rekke plasser, i avisa, p\u00e5 Internett og ved oppslag,  med oppmoding til \u00e5 sende inn framlegg til kandidatar til valnemnda, som hadde vore Inger Aamlid, Olav Straume og Einar Brokke. I meldinga fr\u00e5 valnemnda heiter det: <em>Det hadde ikkje kome inn forslag innan fristen. <\/em><\/p>\n<p>I ein prat eg hadde med Knut K. Homme p\u00e5 m\u00f8tet, mimra vi litt om situasjonen p\u00e5 desse m\u00f8ta for \u00e5r tilbake. D\u00e5 var det mykje fleire folk til stades, i kveld var det 22 personar. D\u00e5 var det inga valnemnd, men kampvoteringar om \u00e5 kome inn i forstanderskapet der det vart f\u00f8reslegne folk fr\u00e5 dei som hadde m\u00f8tt opp. Med innf\u00f8ring av valnemnd har nok interessa for m\u00f8ta g\u00e5tt ned. Eg trur ein grunn til det og er at folk er opptekne og ikkje synest det gjev nok \u00e5 bare kome saman for \u00e5 velje dei kandidatane som valnemnda legg fram. Det hadde nok vore fleire interesserte om m\u00f8tet hadde hatt eit foredrag om banken sin situasjon, til d\u00f8mes i lys av Terra-skandalen, ettersom Valle Sparebank jo er ein Terrabank, sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Terra-skandalen<\/p>\n<p>Men m\u00f8tet om situasjonen for banken skulle forstandarskapet ha etter at innskytarvalm\u00f8tet var ferdig. Difor banka Bj\u00f8rg Brokka Rike gjennom vala utan \u00e5 gje h\u00f8ve til sp\u00f8rsm\u00e5l eller kommentarar fr\u00e5 innskytarane, heilt i tr\u00e5d med det som stod i m\u00f8teinnkallinga: Innskytarvalm\u00f8te.<\/p>\n<p>Einar Brokke og Ingunn Holen Olsen vart attvalde, det same vart varamennene Torhild Bj\u00f8rgum \u00c5kre, Egil \u00c5mli og \u00c5nund Viki. Difor vert dei innskytarvalde forstandarane komande \u00e5r dei same som var siste \u00e5r: Einar Brokke, Ingunn Holen Olsen, Inger Aamlid, Knut K. Homme, Elise Marie Kringen, Olav Straume, Anna Stella Karlsdottir og Knut Langeid. I tillegg til desse er det \u00e5tte kommunalvalde forstandarar: P\u00e5l Inge B\u00f8, Gyro Uppstad, Bj\u00f8rgulv T. Berg, Olaf Henrik Homme, Bj\u00f8rg Brokka Rike, Hallvard Tveit, Kent M. Lund og Gunnhild Lien. Fr\u00e5 dei tilsette er Inger Lise Homme og Anette Uppstad medlemmer i forstanderskapet.<\/p>\n<p>Raskt og effektivt gjekk m\u00f8tet. S\u00e5 var det kveldsmat, slik som det allst\u00f8dt har vore. Jorunn Lund Harstad, som stelte p\u00e5 kj\u00f8kenet, stemte i bordverset: Gud signe maten p\u00e5 v\u00e5rt bord. S\u00e5 kom f\u00f8rst karbonadesm\u00f8rbr\u00f8d, deretter nydelege sm\u00f8rbr\u00f8d med reker, egg eller kj\u00f8tp\u00e5legg. Til slutt var det blautkake. Ogs\u00e5 dette gjekk raskt og effektivt, for klokka 19 starta det tillyste m\u00f8tet i forstanderskapet der dei skulle g\u00e5 gjennom \u00e5rsmeldinga for banken. Det skjedde i m\u00f8teromet i banken, s\u00e5 det m\u00e5 eg kome tilbake til.<\/p>\n<p>Og banksjef Vidar Homme lova \u00e5 kome i radioen onsdag 5. mars og fortelje korleis det g\u00e5r med banken. Du kan g\u00e5 inn p\u00e5 heimesidene til banken om du vil finne ut meir. Sj\u00e5 https:\/\/www.terra.as\/servlet\/side?section=28901010000<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Valle Sparebank er sponsor for Valle Radio og gjev oss kvart \u00e5r eit bel\u00f8p til drifta av radioen. I kveld var det innskytarvalm\u00f8te, som vanleg halde i kjellaren p\u00e5 Menighetshuset i Valle. Det er **Bj\u00f8rg Brokka Rike** som er formann i forstandarskapet til Valle Sparebank, og i kveld skulle det veljast to forstanderskapsmedlemer for fire &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/valle-sparebank-3794927\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Valle Sparebank<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3794927","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3794927"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3794927"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3794927\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3794927"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3794927"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3794927"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}