{"id":3780998,"date":"2008-02-25T23:52:26","date_gmt":"2008-02-25T23:52:26","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/02\/varen_kjem3780998\/"},"modified":"2008-02-25T23:52:26","modified_gmt":"2008-02-25T23:52:26","slug":"varen_kjem3780998","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/varen_kjem3780998\/","title":{"rendered":"V\u00e5ren kjem"},"content":{"rendered":"<p>Etter vinterferien drog eg i dag tidleg til Valle att. Eg valde \u00e5 vente til m\u00e5ndag, og d\u00e5 eg s\u00e5g i avisa, var det sikkert lurt, for der stod det at det i g\u00e5r var k\u00f8 fr\u00e5 Hovden til Kristiansand, og det er slitsomt \u00e5 k\u00f8yre med mykje motg\u00e5ande trafikk.<\/p>\n<p>I dag tidleg var det turr, fin veg ved kysten. Men d\u00e5 eg kom over p\u00e5 Setesdalsvegen p\u00e5 Homstean, var det blitt regn, og oppover mot Evje vart det sludd. Eg valde likevel \u00e5 vaske bilen p\u00e5 Evje, den hadde blitt ganske tilgrisa etter kvart, og vaskehallen p\u00e5 Texaco Evje kan anbefalast p\u00e5 det varmaste. Samstundes kunne eg nyte den gode matpakken dei lagar, bare den er grunn nok til \u00e5 stoppe der, ikkje minst n\u00e5r ein har Texaco-kopp for **Drikk s\u00e5 mye kaffe du vil &#8211; hele \u00e5ret**.<\/p>\n<p>Etter kvart som eg kom lenger opp i dalen, vart det meir sn\u00f8, og d\u00e5 eg kom til Valle var det 4-5 cm nysn\u00f8. I l\u00f8pet av dagen tinte vel det meste bort, og i l\u00f8pet av vinterferien var det meste av den glatte isen borte. S\u00e5 det er ingen tvil om at det g\u00e5r mot v\u00e5r ogs\u00e5 her i innlandet.<\/p>\n<p>Ettersom eg starta tidleg, fekk eg med meg gr\u00e5lysninga og demringa. Det er alltid flott \u00e5 sj\u00e5 dagen kome over fjella i aust, og d\u00e5 eg kom til Besteland, stod skulebussen og venta p\u00e5 \u00e5 starte ruta si. Ei ny veke var begynt, og vinterferien var over.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter vinterferien drog eg i dag tidleg til Valle att. Eg valde \u00e5 vente til m\u00e5ndag, og d\u00e5 eg s\u00e5g i avisa, var det sikkert lurt, for der stod det at det i g\u00e5r var k\u00f8 fr\u00e5 Hovden til Kristiansand, og det er slitsomt \u00e5 k\u00f8yre med mykje motg\u00e5ande trafikk. I dag tidleg var det &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/varen_kjem3780998\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">V\u00e5ren kjem<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3780998","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3780998"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3780998"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3780998\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3780998"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3780998"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3780998"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}