{"id":3729357,"date":"2008-02-14T22:48:08","date_gmt":"2008-02-14T22:48:08","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/02\/kva_har_du_i_kjoleskapet3729357\/"},"modified":"2008-02-14T22:48:08","modified_gmt":"2008-02-14T22:48:08","slug":"kva_har_du_i_kjoleskapet3729357","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kva_har_du_i_kjoleskapet3729357\/","title":{"rendered":"Kva har du i kj\u00f8leskapet?"},"content":{"rendered":"<p>Dette vart tema for Open sending onsdag 13. februar 2008. Britta Lise Homme og K\u00e5re Rike sat i studio og prata med innringarar fr\u00e5 nord og s\u00f8r, det vil i denne samanhengen seie fr\u00e5 Rysstad til Berdalen.<\/p>\n<p>Ho hadde litt av kvart i kj\u00f8leskapet, og rebusane kom jamt og trutt utover i sendinga med l\u00f8ysingsord som gulrot, makrell i tomat, Clausthaler og spekep\u00f8lse, mellom anna.<\/p>\n<p>Britta Lise har teke konsekvensen av at det ikkje lenger er s\u00e5 mange som ringjer inn helsingar. Denne gongen hadde ho teke med seg md-opptakaren til Coop Rysstad og spurt kundar om dei ville kome med ei helsing. S\u00e5 gjorde ho opptak og dei fekk me h\u00f8yre denne kvelden. Ein slik framgangsm\u00e5te gjev resultat, og det var koseleg \u00e5 h\u00f8yre dei ulike helsingane. Musikkynskja kunne ho og oppfylle, s\u00e5 alle burde vere n\u00f8gde med det opplegget.<\/p>\n<p>I tillegg hadde ho f\u00e5tt Christian Borch med p\u00e5 \u00e5 kome med ei helsing til lyttarane i Valle Radio. Vi f\u00e5r jo eit visst kjennskap til dei som er i TV-ruta p\u00e5 Dagsrevyen, s\u00e5 slike opplegg vert opplevd triveleg og n\u00e6rt. Han hadde aldri vore i Setesdal, kunne han fortelje, men helsinga gjekk ut til alle likevel.<\/p>\n<p>Til vanleg er K\u00e5re Rike saman med Jorunn Lund Harstad. Ho ringte inn, og d\u00e5 m\u00e5tte Britta Lise love at ho bare l\u00e5nte han for ein gong, og at Jorunn kunne rekne med \u00e5 f\u00e5 han tilbake til neste gong ho skulle ha Open sending. Eg sat og smilte og lo for meg sj\u00f8lv over koselege kommentarar til dei ulike innringarane.<\/p>\n<p>No har Valle Radio halde til i over 10 \u00e5r, og Open sending er framleis eit popul\u00e6rt program. Eg ringde inn l\u00f8ysingar p\u00e5 mange av rebusane, men vart ikkje trekt ut til \u00e5 kome inn i studio denne kvelden. Det var heller ikkje Kjellaug Rysstad, som vart sv\u00e6rt overraska d\u00e5 ho vann Valle Radio-krus. Britta Lise kunne d\u00e5 fortelje at kruset g\u00e5r til ein innringar trekt ut mellom alle innringarane, uansett om dei kjem inn i studio eller ikkje kjem inn. Tor Brokke, som vann rosa, hadde heller ikkje vore inne til prat med programleiarane. Rosa gav han vidare til Elise Marie Kringen, som i kveld leia bygdekvelden som Hylestad skule arrangerte.<\/p>\n<p>Slik kan ein lage eit triveleg program og eit innlegg p\u00e5 bloggen av det ein har i kj\u00f8leskapet.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette vart tema for Open sending onsdag 13. februar 2008. Britta Lise Homme og K\u00e5re Rike sat i studio og prata med innringarar fr\u00e5 nord og s\u00f8r, det vil i denne samanhengen seie fr\u00e5 Rysstad til Berdalen. Ho hadde litt av kvart i kj\u00f8leskapet, og rebusane kom jamt og trutt utover i sendinga med l\u00f8ysingsord &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kva_har_du_i_kjoleskapet3729357\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kva har du i kj\u00f8leskapet?<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[49],"class_list":["post-3729357","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-open-sending"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3729357"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3729357"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3729357\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3729357"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3729357"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3729357"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}