{"id":3690665,"date":"2008-02-06T22:32:05","date_gmt":"2008-02-06T22:32:05","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/02\/gode_hjelparar3690665\/"},"modified":"2008-02-06T22:32:05","modified_gmt":"2008-02-06T22:32:05","slug":"gode_hjelparar3690665","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gode_hjelparar3690665\/","title":{"rendered":"Gode hjelparar"},"content":{"rendered":"<p>I kveld vil eg framheve nokre gode hjelparar i sendinga i kveld:<\/p>\n<p>**Ronny Stavsholt** held kurs i fluefiske og fluebinding for VAFA kvar m\u00e5ndag klokka 18 til 20 p\u00e5 Valle skule. I kveld var han i Valle Radio for \u00e5 fortelje om aktiviteten og om gleda ved fluefiske. Han fekk fyrste halvtimen av den aktuelle timen. Han likte seg hj\u00e5 oss, s\u00e5 d\u00e5 det viste seg at eg ikkje klarte \u00e5 f\u00e5 nokon til \u00e5 lese opp minneoppg\u00e5va til Torjus \u00c5kre, som var sett opp som programpost klokka 20:30, steppa han inn og tok ein halv time med musikk. Han hadde eigne plater med seg d\u00e5 han kom, s\u00e5 det kunne han ta p\u00e5 sparket, og det vart ein triveleg halvtime med bluesmusikk. D\u00e5 den var over, tok han oppg\u00e5va som telefonvakt p\u00e5 sparket. Berit Homme, som var sett opp, hadde f\u00e5tt ein annan til \u00e5 kome, men ho dukka ikkje opp, og d\u00e5 var det ei kj\u00e6rkomen hjelp fr\u00e5 Ronny.<\/p>\n<p>Den andre gode hjelparen var **Kjersti Tidje**, som kom og fortalde fr\u00e5 arbeidet med isskulpturane p\u00e5 Hovden. Ho hadde vore med \u00e5 byggje eit leikeapparat i sn\u00f8, det st\u00e5r utanfor Hovden H\u00f8yfjellshotell, og ho fortalde levande om strevet med \u00e5 forme i den knallharde isen. Ho hadde lova 10 minutt, eg trur det vart over 20 minutt, ettersom eg ikkje hadde f\u00e5tt tak i den eg hadde tenkt \u00e5 ha med som siste innslag i den aktuelle timen.<\/p>\n<p>Den tredje gode hjelparen var **Mona Kile**, som er r\u00e5dgjevar i utviklingsavdelinga i Valle kommune. Ho kom til <em>Kommunen informerer<\/em>, som ho skulle hatt saman med Hege Sandhaug. Men Hege hadde meldt forfall, og Mona tok jobben p\u00e5 sparket. I tillegg var ho med p\u00e5 <em>Open sending<\/em>. Mona er fr\u00e5 Risdal og har arbeidd i kommunen sidan p\u00e5ske i fjor. Det var fyrste gong ho var i radioen.<\/p>\n<p>Den fjerde gode hjelparen var **Norea Radio saman med Oddveig og Odd Dubland** som gjorde jobben i <em>Tankar fr\u00e5 Bibelen<\/em>. Det var Bj\u00f8rgulv T. Berg som skulle hatt den halvtimen, men han br\u00f8yter p\u00e5 Furest\u00f8yl, og d\u00e5 det bles opp i kveld, var det to bilar som m\u00e5tte gravast ut. Dermed m\u00e5tte han melde forfall. Men samarbeidet v\u00e5rt med Norea gjorde at eg kunne sende ein onsdagsandakt fr\u00e5 serien Over ein open Bibel. Til vanleg nyttar vi bare ein av veka sine fem andaktar i serien. Dette programmet varer i om lag ti minutt, resten av halvtimen song far og dotter Dubland fr\u00e5 ei plate dei har gjeve ut.<\/p>\n<p>Endeleg kom **Ilma og Madina**, som er innflyttarar til Valle fr\u00e5 Litauen og Tsjetsjenia. Dei fortalde om kvifor dei er her og om norskoppl\u00e6ring og liv i Valle.<\/p>\n<p>Til slutt hadde vi **\u00e5tte lyttarar** som l\u00f8yste rebus og kom inn i studio. Dei var trekte ut blant dei mange som ringde inn i kveld.<\/p>\n<p>Alle m\u00e5tte til for \u00e5 gjere kvelden interessant og variert. **Gudrun Rysstad** styrte tekknikken med sikker hand og godt smil, og og **Harald Haugland** kunne  konsentrere seg om kva han skulle seie n\u00e5r han var p\u00e5 lufta. Med gode hjelparar fungerer det meste sj\u00f8lv n\u00e5r ting ikkje g\u00e5r heilt slik ein hadde tenkt. Takk til alle. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld vil eg framheve nokre gode hjelparar i sendinga i kveld: **Ronny Stavsholt** held kurs i fluefiske og fluebinding for VAFA kvar m\u00e5ndag klokka 18 til 20 p\u00e5 Valle skule. I kveld var han i Valle Radio for \u00e5 fortelje om aktiviteten og om gleda ved fluefiske. Han fekk fyrste halvtimen av den aktuelle &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gode_hjelparar3690665\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Gode hjelparar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3690665","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3690665"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3690665"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3690665\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3690665"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3690665"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3690665"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}