{"id":3578152,"date":"2008-01-14T23:27:40","date_gmt":"2008-01-14T23:27:40","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/01\/hellbillies_og_olav_h_hauge3578152\/"},"modified":"2008-01-14T23:27:40","modified_gmt":"2008-01-14T23:27:40","slug":"hellbillies_og_olav_h_hauge3578152","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hellbillies_og_olav_h_hauge3578152\/","title":{"rendered":"Hellbillies og Olav H. Hauge"},"content":{"rendered":"<p>**M\u00e5l dagen og skriv eit dikt. Tekstm\u00f8te mellom Hellbillies og Olav H. Hauge**<\/p>\n<p>Dette er tittelen p\u00e5 ein artikkel i Norsk Litter\u00e6r \u00c5rbok. Du finn henne p\u00e5 biblioteket om du vil finne ut meir.<\/p>\n<p>Det er Sveinung Nordstoga som har skrive artikkelen. Han er lektor i Norsk ved H\u00f8gskolen i Telemark avdeling B\u00f8 og er oppteken av litteraturhistorie i skulen. Artikkel om han p\u00e5 wikipedia finn du her: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Sveinung_Nordstoga Han meiner at Arne Moslotten, som skriv folkelege viser for Hellbillies og Olav H. Hauge, kjend lyrikar fr\u00e5 Hardanger, har meir til felles enn at dei har bakgrunn fr\u00e5 kvar si bygd og skriv nynorsk. Innhaldet i det dei skriv om korresponderer og.<\/p>\n<p>For \u00e5 p\u00e5vise dette har han vald ut nokre dikt fr\u00e5 Hellbillies sine plater, dei er det Mosl\u00e5tten som st\u00e5r bak. S\u00e5 har han kopla dei saman med tekstar av Olav H. Hauge. I sendinga tysdag 8. januar presenterte eg songen **Ei krasafaren steinbu** som er ein av dei popul\u00e6re songane til Hellbillies, sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Hellbillies Den er fr\u00e5 plata Pela stein, sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Pela_stein fr\u00e5 1993. Dei fekk Spellemannsprisen for den.<\/p>\n<p>Til samanlikning har han funne diktet **P\u00e5 h\u00f8gdi** av Olav H. Hauge. Eg burde jo skrive dikta ned, men eg pr\u00f8ver \u00e5 respektere copyright, og desse tekstane er ikkje frie for \u00e5 bruke enno. Men Arne Mosl\u00e5tten har lagt ut teksten sin p\u00e5 nettet, her er lenke til den: http:\/\/www.hellbillies.com\/Cool\/manus.htm Du m\u00e5 litt ned p\u00e5 den sida for \u00e5 finne diktet.<\/p>\n<p>Om dette diktet skriv Sveinung Nordstoga: &#8230; er ein tekst om livsvandringa. Teksten kan delat i to. Fyrste del handlar om eg-personen som skal til fjells p\u00e5 reisnjakt, kjem ut for skodde og g\u00e5r seg vill, men finn til slutt ei falleferdig bu. Andre delen er ein generell kommentar der denne turen blir l\u00f8fta opp p\u00e5 eit eksistensielt plan: Livet er ofte \u00e5 famle, vera u\u00e6rleg, kjempe, st\u00e5 utfor stupet. Men alltid finn ein ei redning, ei krasafaren steinbu (&#8220;nedslite av ytre p\u00e5virkningar over tid&#8221; er den noko formelle forklaringa p\u00e5 dialektordet).<\/p>\n<p>Nordstoga meiner at turen i fjellet der jegeren g\u00e5r seg vill er ein openberr allegori til livsvandringa og held fram med \u00e5 nemne dikt der Olav H. Hauge har brukt vandrarmotiv: Svarte krossar, Din veg, P\u00e5 h\u00f8gdi og Stabbesteinar.<\/p>\n<p>N\u00e5r han s\u00e5 samanfattar gjennomgangen av dikta til dei to forfattarane, kjem Nordstoga inn p\u00e5 dei sv\u00e6rt ulike bruksomr\u00e5da. Hellbillies h\u00f8yrer ein p\u00e5 radioen og dansefesten, Olav H. Hauge sine dikt les ein eller h\u00f8yrer opplesne. Likevel knytter tematikken dei saman.<\/p>\n<p>Eg valde \u00e5 lese diktet Vandring av Stein Mehren i tillegg, ettersom eg hadde lova noko til i programmet. Det finn du her: http:\/\/www.uib.no\/isf\/eyr\/2003q1\/013639.html<\/p>\n<p>Og s\u00e5 fann eg eit dikt i boka 100 dikt av Halldis Moren Vesaas. Den kan du og l\u00e5ne p\u00e5 biblioteket.<\/p>\n<p>Ettersom det var Hellig Tre Konger d\u00e5 eg hadde programmet, avslutta eg med sangen En stjerne skinner i natt, som skildrer livsvandringen til Dei vise mennene fr\u00e5 Austerland.<\/p>\n<p>Begge dikta handlar om livsvandinga<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>**M\u00e5l dagen og skriv eit dikt. Tekstm\u00f8te mellom Hellbillies og Olav H. Hauge** Dette er tittelen p\u00e5 ein artikkel i Norsk Litter\u00e6r \u00c5rbok. Du finn henne p\u00e5 biblioteket om du vil finne ut meir. Det er Sveinung Nordstoga som har skrive artikkelen. Han er lektor i Norsk ved H\u00f8gskolen i Telemark avdeling B\u00f8 og er &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hellbillies_og_olav_h_hauge3578152\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hellbillies og Olav H. Hauge<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3578152","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3578152"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3578152"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3578152\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3578152"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3578152"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3578152"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}