{"id":3558422,"date":"2008-01-10T20:06:19","date_gmt":"2008-01-10T20:06:19","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2008\/01\/om_det_gode_barneliv_pa_landet3558422\/"},"modified":"2008-01-10T20:06:19","modified_gmt":"2008-01-10T20:06:19","slug":"om_det_gode_barneliv_pa_landet3558422","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/om_det_gode_barneliv_pa_landet3558422\/","title":{"rendered":"Om det gode barneliv p\u00e5 landet"},"content":{"rendered":"<p>I sendinga onsdagskvelden hadde eg ein prat med Lisbeth Homme om artikkelen ho og Lisbeth Skreland hadde i F\u00e6drelandsvennen onsdag 9. januar 2008. Det vart ein interessant halvtime, oppsprita med eit par viser av Kirsten Br\u00e5ten Berg.<\/p>\n<p>Etter sendinga har eg pr\u00f8vd \u00e5 finne artikkelen p\u00e5 F\u00e6drelandsvennen si nettside, men dei har ikkje lagt han ut. Difor tok eg ein telefon til Lisbeth i kveld for \u00e5 h\u00f8yre om eg kunne f\u00e5 ha den p\u00e5 bloggen. Det var ikkje problem, eit minutt etter l\u00e5g den i epostkassen min. Dermed kan eg dele han med deg som vil ha bakgrunnen for samtalen v\u00e5r. Eg har utheva  linjer i teksten som me var innom i samtalen.<\/p>\n<p>**Lisbeth Skreland og Lisbet Homme, b\u00e5e med oppvekst i by, no barnehagestyrarar i Valle kommune og masterstudentar ved H\u00f8gskulen i Vestfold **<\/p>\n<p>\u0094G\u00f8y p\u00e5 landet, g\u00f8y p\u00e5 landet, s\u00e5nt no ha\u0092kke vi i by\u0092n\u0094<\/p>\n<p>\u0085.om det gode barneliv p\u00e5 landet.<\/p>\n<p>Denne gamle visa er vel kjend for mange av oss. Innhaldet var eksotisk nok for oss bybarn; hoppe i h\u00f8yet, stelle med dyr, vere i lag med vaksne og gjere naudsynt arbeid. Bilete av det gode livet p\u00e5 landet har i seinare tid endra seg dramatisk. N\u00e6rast dagleg f\u00e5r me informasjon som fortel om flukta fr\u00e5 landsbygda, dramatisk nedgong i folketalet, reportasjar om ungdom fr\u00e5 landet som ynskjer \u00e5 busette seg i byar. No er det alts\u00e5 ikkje lenger g\u00f8y p\u00e5 landet, snarare tvert om. Men korleis er det i r\u00f8ynda \u00e5 bu p\u00e5 landet, er myten om det gode livet p\u00e5 landsbygda berre ei forelda myte, eller..?<\/p>\n<p>      I F\u00e6drelandsvennen, for ei tid tilbake, las me om Bygland skule som hadde s\u00e6rs gode resultat i h\u00f8ve ei mobbeunders\u00f8king. Vidare at Valle kommunestyre, truleg som eit av dei fyrste i Noreg, vedtok \u00e5 gje gratis barnehageplass til alle som ynskjer det. Rett nok fekk ikkje denne siste hendinga s\u00e6rleg stor spalteplass; **det kan vere freistande \u00e5 sp\u00f8rje seg korleis eit liknande vedtak, gjort av bystyret i Kristiansand, ville verte omtala**. Fortel desse to d\u00f8ma oss noko om ein ulikskap mellom by og land?  Meir presist, kva kjenneteiknar oppvekstvilk\u00e5ra til dei barna som bur p\u00e5 bygdene?<\/p>\n<p>      For familiane i dag er det ofte slik at dei ulike medlema lever ganske \u00e5tskilte liv. Fleire forskarar hevdar at det over tid har skjedd endringar som aukar kjensla av framandgjering og at me treng meir personrelaterte kvalitetar i dei milj\u00f8a me bur i, s\u00e5 vel som i samfunnet elles. No skal me her p\u00e5 ingen m\u00e5te svartm\u00e5le livet i byen, heller synleggjere nokre kvalitetar i oppvekstvilk\u00e5ra i mindre samfunn, her n\u00e6rare bestemt Setesdal, som me meiner er underestimerte i v\u00e5r tid. **Den stadig aukande tilflyttinga til st\u00f8rre byar er ein faktor, den meir karikerte framstillinga av oppveksten p\u00e5 landet, som vanskeleg, med streng sosial kontroll og liten fridom i det \u00e5 ha alles auge p\u00e5 seg, og at alle veit betre korleis du har det enn du gjer sj\u00f8lv, er kan hende ein meir vesentleg faktor i framstillinga av bygdelivet**.<\/p>\n<p>Er denne framstillinga korrekt, og i s\u00e5 fall berre eit negativt fenomen, knytt til det \u00e5 kontrollere og ikkje unne medmenneska det beste? Eller kan ein tvert om seie at det \u00e5 vere interessert i menneska som levar i n\u00e6rleiken, er positivt og godt? Etter v\u00e5r oppfatting er nettopp det ein kvalitet, meir enn ei ulempe?<\/p>\n<p>      Tidlegare generasjonar utvikla, rett og slett for \u00e5 overleve, eit system for tryggleik og omsut, s\u00e6rs ofte basert p\u00e5 prinsippet om eit gjensidig ansvar og eit sj\u00f8lvberande nettverk med utgangspunkt i slekt og naboskap. **Slike system, der ein har eit kl\u00e5rt ansvar for medmenneska, forsvinn med moderniseringsprosessane fordi slike system f\u00f8resett andre \u00f8konomiske, sosial og kulturelle strukturar.** Ein annan \u00f8kologi, som professor Inge B\u00f8 kallar det. Faglitteratur seier med styrke at n\u00e5r alle grupper i befolkninga vert sett under eitt, st\u00e5r dei problema dei ulike gruppene lider under, fram som langt st\u00f8rre i dei store byr\u00e5kratisk styrte einingar, enn i mindre mennesken\u00e6re samfunnsnisjer.<\/p>\n<p>      N\u00e5r eit barn ikkje trivast p\u00e5 skulen er konsekvensane sj\u00f8lvsagt alvorlege. Unders\u00f8kingar synar at det er avgjerande for barnas oppvekst, og for individets sosialisering, at ein opplever \u00e5 vere sosialt forankra i eit trygt, aksepeterande og st\u00f8ttande fellesskap. I sm\u00e5 lokalsamfunn er det, etter v\u00e5r oppfatting, lettare \u00e5 gjere noko med det som er negativt. Ved \u00e5 skape og halde ved like gode nettverk, opprettheld ein samstundes ei kjensle av \u00e5 h\u00f8yre i hop, ei tett forankring. Kan hende er nettopp dette eit lite lokalsamfunns st\u00f8rste styrke, ein viktig faktor i eit barns liv, det at alle, EG, trengs for at samfunnet skal fungere og vidareutviklast.<\/p>\n<p>      I eit lite lokalmilj\u00f8 kjenner alle kvarandre. **Ein er ikkje berre l\u00e6rar, men gjerne fars fiskekamerat, onkel til bestevennen og samstundes kan hende medlem i kommunestyret.** Ein viktig innsikt kring menneskelege relasjonar, ganske s\u00e5 sj\u00f8lvsagt for barn i Setesdal. Dette gjer at graden av tilgjengelegheit aukar for medlema i det sosiale milj\u00f8et; det er ikkje reint uvanleg \u00e5 oppleve diskusjonar i n\u00e6rbutikken som omhandlar barns trivsel og tryggleik, og oppleving av skulen eller barnehagen. Desse uformelle m\u00f8ta er viktige, ein m\u00e5te \u00e5 oppleve lokalsamfunnet som oversikteleg og tydeleg, med den fylgje at det som skjer b\u00e5de er mitt eige og andres ansvar.<\/p>\n<p>      Barnehagen er eit velferdsgode, men ikkje alle stader i Noreg er det like lett \u00e5 f\u00e5 barnehageplass til eitt\u00e5ringen din. I Setesdal er det \u00e5 f\u00e5 ein barnehageplass, tilpassa familiens behov, tiln\u00e6rma sj\u00f8lvsagt. Og n\u00e5r alle som ynskjer det f\u00e5r plass, og plassen i tillegg er gratis, vil barnehagen med dette vere eit spegelbilete av samfunnet, ein m\u00f8testad for alle barna og foreldra i kommunen, ikkje berre for s\u00e6rskilte grupper. Ein barnehage der \u00e5rskulla fylgjer kvarandre fr\u00e5 barnehagestart til avslutting av ungdomsskulen. Skulane har sm\u00e5 klassar og l\u00e6raren kan lettare gje tilpassa oppl\u00e6ring til ein elev i ein klasse p\u00e5 10 enn p\u00e5 25. Me ser at det \u00e5 vekse opp i Setesdal inneber kvalitetar som til no har vore ein l\u00f8yndom for mange.<\/p>\n<p>      Politikarane i Setesdal skal ha all \u00e6re n\u00e5r dei gjennom mange \u00e5r har sett barn og oppvekst p\u00e5 dagsorden. **I alle kommunane finns det brukarvenlege barnehagar, nye barnehagebygningar og kvalifiserte tilsette.** Nokre av kommunane var s\u00e6rs tidleg ute i h\u00f8ve auke av pedagogtettleik p\u00e5 kvar avdeling, og det \u00e5 legge tilh\u00f8va vel til rette for vidareutdaning for tilsette i skule og barnehage.<\/p>\n<p>      \u00c5 vokse opp i ein kommune der f\u00f8resette, pedagogar og politikarar stillar h\u00f8ge krav til kvalitet, spelar p\u00e5 same lag og har same m\u00e5l, vil etter v\u00e5r oppfatting vere ei sikring for at kvart barn skal f\u00e5 ei utvikling, tilpassa eigne evnar og interesser. Me har ikkje s\u00e5 mange barn i kommunane v\u00e5re, difor vert kvart barn s\u00e5 synleg, s\u00e5 naudsynt for at livet i skule og barnehage skal fungere. **Ein rektor fortalte oss ei gong at skulking var eit heilt ukjent fenomen p\u00e5 den skulen han leia. \u00c5rsaka til det var at ein eventuell skulkar ikkje hadde nokon plass \u00e5 vere, utanom heime, dersom han ikkje m\u00f8tte p\u00e5 skulen. Alle andre stadar ville han ha m\u00f8tt vaksne som truleg ville sp\u00f8rje om han var sjuk, kvifor han ikkje var p\u00e5 skulen**. \u0094It takes a village to raise a child\u0094 er eit gamalt afrikansk ordtak. N\u00e5r heile lokalsamfunnet engasjerar seg i barnas oppvekst  blir det faktisk g\u00f8y \u00e5 bu p\u00e5 landet.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I sendinga onsdagskvelden hadde eg ein prat med Lisbeth Homme om artikkelen ho og Lisbeth Skreland hadde i F\u00e6drelandsvennen onsdag 9. januar 2008. Det vart ein interessant halvtime, oppsprita med eit par viser av Kirsten Br\u00e5ten Berg. Etter sendinga har eg pr\u00f8vd \u00e5 finne artikkelen p\u00e5 F\u00e6drelandsvennen si nettside, men dei har ikkje lagt han &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/om_det_gode_barneliv_pa_landet3558422\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Om det gode barneliv p\u00e5 landet<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3558422","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3558422"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3558422"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3558422\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3558422"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3558422"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3558422"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}